Kaker, Langpannekaker, Noko søtt, Veggis
Comments 5

Vil du gjere eit barn lykkeleg?


Nokre av mine oppskrifter er skrivne for barn. Eg har halde matkurs for barn, og har også hatt ein del oppskrifter for barn i matspalta eg skriv.

Gode matoppskrifter for barn skil seg ikkje så veldig frå ”vaksenoppskrifter”, men eg brukar å vere litt meir konkret i barneoppskriftene mine, ikkje gje så mange valg og alternativ som i dei vanlege. Dessutan brukar eg punktrekker for å beskrive dei ulike operasjonane. Det gjer det enklare å gjere ting i rett rekkefølge. Det kan vere enklare å huske kva punkt du er på enn å måtte lese igjennom heile teksten for å prøve å huske kor langt du har kome.

Mitt første møte med matlaging skjedde då eg gjekk i tredje klasse, og eg fekk ei ny tante som eg likte kjempegodt.  Ho var læraren til bror min, og ho var den kulaste dama eg nokon gong hadde møtt. Ho var pen, ho song i kor og ho var (og er) alltid blid og smilande. Så skjedde det store under over alle under, at ho gjekk på veg til skulen, det snødde, ho sklei, heldt på å ramle under bussen, og onkelen min køyrde den bussen. Dei påstår sjølve at det var kjærleik ved første blikk då han måtte ut og redde henne og koste snøen av henne, og eg var nesten like lykkeleg over det heile som onkelen min var.

Vi budde i same hus som mine besteforeldre, og onkelen min var yngst av seks sysken og hadde ikkje flytta heimafrå, så denne strålande flotte dama byrja å kome heim til oss på besøk. Vi gjorde alle slags hyggelege ting saman, vi sydde, spelte piano og eg var sikkert ganske plagsam for dei ville vel helst sitte på loftet på hans rom og kysse.

rore-deig

Ein kveld bestemte vi oss for å bake.  Vi fann fram Kom og Se, og der var det ei oppskrift på krydderkake.  Eg har ”ordna” litt med oppskrifta etter det, så slik er den no:

 Krydderkake

200 g smelta smør eller margarin

4 dl lys sirup

6 dl surmjølk

5 dl sukker

10 dl mjøl

1 1/2 ts kanel

1 1/2 ts allehånde

1 1/2 ts malt ingefær

3 ts natron

Sett omnen på 175°.

Smør godt ei lita langpanne, den sorten med litt høge kantar.  Dryss langpanna med kveitemjøl slik at det festar seg inni heile forma, og hell ut det som vert til overs av mjølet.

Smelt smøret i ei gryte på låg varme, og ta  det av plata. Slå av plata.

Smør eit halvlitermål med olje inni, og mål opp 4 dl sirup. Ha sirupen oppi smøret i gryta, og bland  det godt.

Ha surmjølk, sukker og krydder i ein stor bolle, og rør godt med ei sleiv.

Bland mjølet i ein annan bolle, og ha i 3 teskeier natron.

Hell mjølblandinga litt og litt oppi surmjølka, og rør godt ut mellom kvar omgang slik at det ikkje blir klumpar. Du kan bruke handmiksar viss du har det.

Mot slutten tek du i litt smør/sirup og så litt mjøl til du har hatt i alt.

Ha røra i langpanna, og steik den i 45-50 minutt på ca. 175°.

 Sjekk med kakenål eller ein tynn spagetti når steiketida har gått om kaka er ferdig.  Kaka er ferdig når det ikkje sit røre att på spagettipinnen når du dreg han ut.  Blir forma for full, kan du helle resten av røra i muffinsformer. På bildet under har eg lagd kaka i brødformer, det går også fint. Då bør du steike den litt lenger.

La kaka kolne litt i forma før du tek den ut og skjer den i passe store bitar.

Ikkje lag denne kaka med skumma kulturmjølk eller andre magre surmjølkstypar. Her må du bruke kefir eller vanleg mørkeblå surmjølk, elles kan du risikere at kaka kollapsar.

krydderkake

Kaka smakar best lunka med eit stort glas mjølk til.  Skal du servere den til gjestar kan du vere avansert, og lage glasur. Slik gjer du det:

 Glasur

200 g kremost, Philadelphia-ost eller Tine Naturell kremost

300 g melis

Ei teskei vaniljesukker.

Ein sprut sitronsaft viss du har

Pisk dette saman til ein glatt krem, og smør det ut over kaka etter at den har kolna.

Lykke til!

5 Comments

  1. Maiblomst says

    Så heldig at den kjekke lærerinna var tante i forkledning! Då eg var 6 budde det ei lærerinne i kjellaren hos Mormor og Morfar, eg tykte ho var fantastisk, og var sikkert på besøk kvar dag! 🙂 Dessverre slutta ho etter det året, så ho vert ikkje mi Frøken.
    Ellers er det inspirerande å lese oppskriftene dine! Eg kjem sikkkert til å stikke innom titt og ofte.

    Likar

  2. Tilbakeping: Kakebordet « Alt godt

  3. Tilbakeping: Jula nærmar seg « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s