Month: august 2015

Ripskake med salt karamell

Aldri har eg sett rips så seint som i år, det er fordelen med ein sein sommar. Du syns kanskje det er rart eg kallar det ein fordel, men grunnen er enkel: Vi har som regel alltid sein ferie, altså slutten av juli og tidleg i august. Då rekk vi ikkje ripsa. Den kosar fuglane seg med medan vi er bortreiste. Men i år gjorde vi det, og no er frysaren full. Sjølvskryt skal ein høyre på, for det kjem frå hjartet. Av og til lagar eg mat som eg blir lukkeleg av å smake på. Denne ripskaka var slik. Eg tok utgangspunkt i framgangsmåten eg brukar når eg lagar ei sjokoladekake som eg har kalt den raskaste sjokoladekaka. Då er det ikkje eggedosis eller smør og sukker kvitt, eg brukar flytande smør, og rører alle ingrediensane saman på enklaste vis. Så tenkte eg at den må jo kunne brukast som basis for ei lys kake og, sidan eg hadde så mykje rips som burde spisast opp. Det kunne blitt ei ganske normal kake, men …

Ripsgelé til dessert

Det er ikkje berre ripsa som er moden i hagen min, bringebæra er også klar til å plukkast. I skogen fann vi blåbær, og då fann eg ut at å blande alt dette i ein gelé må bli ein deilig frisk og god dessert. Du kan sjølvsagt bruke ein ferdig gelépakke til dette, men eg syns det er artigare å eksperimentere med ulike smakar. Gelé er jo berre stivna saft, så du kan gi den akkurat den smaken du vil. Skal du servere berre til vaksne kan du lage ein deilig vingelé, det er alltid suksess. Rosévingelé med bær i er ein sikker vinnar Men i dag hadde eg barn til bords, og då henta eg fram ei god ripssaft, og lagde gelé med den. Bland safta ganske sterk, det skal jo vere ein dessert. Eg syns det er pent å servere denne geléen i porsjonsglas, det ser så flott ut på bordet. Når du jobbar med dette må glasa litt inn og ut av kjøleskapet for å sikre at ikkje alle bæra berre flotnar opp og legg …

Seinsommargleder – Italiensk brødsalat

Når ein har tilgang til gode råvarer er det berre å leike seg med maten. Eg er så heldig å ha tilgang til mange ulike typar tomatar, og det gjer at eg har fått smake på både gule, mørkebrune, gule, oransje og raude tomatar i alle storleikar og fasongar. I dag har eg laga ein deilig italiensk salat med tomatar, bønner og brød. I Italia vil du finne denne på menyen som “panzanella”. Den er veldig enkel, og nydeleg på ein varm seinsommardag. Italienarane er ekspertar på å utnytte det dei har i huset, til dømes gamalt brød, og tomatar. Denne salaten skal du lage når tomatane er veldig modne, like før dei vert blaute. Då er dei aller best, og har ein frisk, søtleg og aromatisk smak. Og så må du finne fram den beste olivenoljen din. Her er det ikkje så mange ingrediensar, så då må dei som er med vere ekstra gode. Husk på å bruke oljen du har, den vert harsk viss den vert ståande på benken og vansmekte. Berre litt brød, …

Sylteboka i nytt opplag!

Samlaget har bestemt seg for å lage eit nytt opplag av sylteboka mi, og no er den ute i butikkane! Det syns eg er veldig stas, spesielt no når NTB kan fastslå at sylting faktisk er trendy. Ikkje berre trendy, men supertrendy! Eg kjenner meg som ein pionér på sylteområdet, faktisk, som kom med boka mi i 2012. Når ferien er over kjem Samlaget og eg tilbake med ein signeringsrunde, der du kan bestille boka hos Samlaget, få den signert av meg, og så tilsendt med fri porto. Boka kostar no 299,-. Blir ikkje det fint?