Month: februar 2011

Olav H. Hauge, Bodil Cappelen: Brev 1970-1975

Eg hadde eit vagt minne om å ha høyrt om at forfattaren Olav H. Hauge levde saman med ein tekstilkunstnar som flytta til han, Bodil Cappelen. Av ei eg kjenner fekk eg før helga boka som attgjev breva dei sende til kvarandre i perioden 1970-1975. Dette er ein korrespondanse som vart starta av Bodil, og som utløyste eit nært venskap, så eit personleg møte og til slutt at ho valde å flytte til Ulvik i Hardanger der han budde, for å leve saman med han. Ho eg fekk den av fortalde at då ho byrja å lese den klarte ho ikkje å stoppe, ho las den ut på ei natt. Eg hadde det nesten slik, eg og. Det som gjer den så utruleg medrivande og rørande er mange ting. For det første har vi vel alle ein kikkar i oss. Det er noko freistande i å lese noko andre har skrive. Samstundes er ei god kjærleikshistorie aldri å forakte. For meg er det også noko besnærande i å lese denne langsame korrespondansen mellom to menneske. …

Du veit du er på ein bra fest…

når du blir invitert tre-fire timar før den byrjar. når vertskapet viser seg å ha spelt i køntriband i mange, mange år. når det blir servert meir konjakk enn kvitvin. når det på det meste er fem gitarar i aksjon, herunder ein steelgitar og ein tolvstrengar. når du ber ein av gitaristane gå og stemme, og så gjer han det. når musikken som blir spelt er enten frå før 1982 eller Vassendgutane eller DDE. når du sit rett ovanfor ein sound-alike til Bjarne Brøndbo. når Proud Mary, Sweet home Alabama og Have you ever seen the rain går attacca. når dei som spelar ikkje veit kva attacca er. når heiagjengen er ein entusiastisk gjeng med tjueåringar. når det vert fødd ein kalv i fjøset midt under festen. når du går heim i skuterspor i snøen.

Avsløring: Det hemmelege prosjektet!

Tidlegare har eg hinta om at eg held på med eit stort prosjekt som eg ikkje kunne avsløre innhaldet av. No har det heile kome så langt, og blitt så konkret at eg har fått klarsignal for å presentere planane mine her i bloggen. For dei som kjenner meg, og som kjenner bloggen min, er det vel ikkje vanskeleg å legge saman to og to her. Men iallfall: Eg skal gje ut ei kokebok! Kokeboka handlar om billig mat, om god og sunn matlaging på eit trangt budsjett. Den skal gjevast ut på Samlaget, og arbeidstittelen er Smalhans. Min ambisjon er at den skal kunne vere ei god handbok for mange målgrupper. For studentar kan den vere  ei rettleiing i korleis ein kan få studielånet og ekstrajobblønna til å strekke til, og likevel spise sunt og næringsrikt. For arbeidsledige og folk som lever på arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd kan den inspirere til å ta tak i maten som ein reiskap for å fylle livet med meining og glede. For dei som vil leve meir etisk og avsette …

Nordover igjen!

I dag vender vi nasa nordover, min kjære og eg. Dei to ikkje fullt så små er der oppe allereie, dei har tilbrakt ei veke allereie med bestemor og slekt og venner. Det blir masse besøk og slarving på oss og, vi skal ikkje stå på ski, men gå frå dør til dør og drikke kaffi, tenker eg. Fjortenåringen vart femten i går, så det skal behørig feirast i morgon, med heilt andre gjestar til stades enn dei som vanlegvis er der. Men det blir nok eit selskap i Oslo når vi kjem ned att, kjenner eg henne rett. Det er koseleg å ha ankerfeste fleire plassar i landet. Slekta er stor, vi held kontakt på facebook og andre kanalar, men det er noko spesielt med å møtast ansikt til ansikt. Vi gler oss!

Te og sjokolade

I julegåve fekk eg eit te- og sjokoladekurs i regi av Palais de Thés. Eg har vore innom der og handla te tidlegare, men det var veldig spennande å få ein nærare introduksjon til teane dei har i butikken. Vi fekk smake på 13 ulike tear i løpet av kvelden, av svært forskjellig karakter. Wong, som leia te-delen av kurset er utruleg kunnskapsrik, og sprudla over med te-inspirasjon. Vi smakte oss igjennom fem menyar med to ulike tesortar til ein sort sjokolade, frå kvit sjokolade til sjokolade med 100% kakaoinnhald. Heftig og deilig. Ikkje minst var det artig å treffe Sebastien frå Sebastien Bruno, som driv sjokoladebutikk i Skovveien. Han har mellom anna laga konfektar inspirert av teane til Palais de Thés. Det var ei heilt ny oppleving! Sjekk ut nettsidene til Palais de Thés, dei har slike kurs kvar månad. No på søndag har dei te-fest i butikken på Olaf Ryes plass, med te, makronar og aktivitetar for heile familien frå kl. 13 til kl. 17. Stikk ein tur innom om du er i …

Lars-Erik Larsson/Hjalmar Gullberg: Förklädd gud

“I gamle dagar” song eg i eit skikkeleg bra kor, om eg skal seie det sjølv. Vi framførte mykje samtidsmusikk, store symfoniske verk og hadde a capella-konsertar med avansert program. Etter ein sesong med krevande, store verk fekk vi utdelt “Förklädd gud” av Lars-Erik Larsson. Vi hadde ikkje meir enn kasta eit blikk på det før vi snøfta overlegent: Husmortersar. Dette var enkelt materiale, eigentleg forsto vi ikkje heilt kvifor vi skulle framføre dette. Kunne ikkje amatørane ta seg av denne typen stoff? Men dirigenten vår var standhaftig, og det sto på orkesterprogrammet, så det var ikkje noko å diskutere. Vi sleit oss uinspirerte gjennom noteheftet. Så kom tida for orkesterprøvene. Vi hadde fått vite at Ernst-Hugo Järegård skulle resitere teksten, men så vart han brått sjuk. Som vikar fekk dei tak i Stina Ekblad. Ho hadde eit barn som var rundt eit år, trur eg, så ho hadde med barnepike som passa barnet medan vi hadde prøver. Midt under ei prøve kom barnepassaren inn med barnet, som gret sine modige tårer. Koret sto klart, …

Blodappelsingelé i kjærleikens teikn

Eg hadde ulike idéar eg drodla med då eg planla den store bryllupskaka, ein av dei var å stikke ut hjarte av melonskiver, og legge i geléen. Eg lagde nemleg for mange år sidan ei bryllupskake der eg hadde veldig dårleg tid, og då brukte eg marsipanlok med utstansa marsipanhjarte på. Det vart kjempefint. Så eg kjøpte ein stor melon, og fann fram mandolinen. Ein mandolin er ein kuttemaskin, det er ein slik du ofte får demonstrert på messer og på tv-shop midt på natta. Eg skar melonen i skiver med eit 7 mm tjukt kuttejern, og stakk ut hjarte. Det fungerte berre sånn passe som kakepynt, så eg droppa den idéen og gjekk for bær i staden. Men eg hadde fleire hjarte klare, så då lagde eg ein ekstra porsjon med blodappelsingelé, og brukte hjarta i den. Slik gjorde eg det: Blodappelsingelé Saft av fem blodappelsiner 4 dl vatn 250 g sukker 10 plater gelatin Ha appelsinsafta i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke i nokre minutt, og skum …

Finn ei duft igjen!

Her om dagen dumpa det ein mail ned i mailboksen min frå Snuffeldyret. Snuffeldyret, som er ei dame, ville gjerne ha hjelp til å finne seg ei god duft, men er litt treg i avtrekkaren. Det skal vi ikkje bruke mot henne. Her er hennar beskrivelse av seg sjølv og hennar duftopplevingar: Jeg vil ha en lett, frisk duft. Ikke for kryddret, tung eller for søt. Ikke for puddret. En helårsduft som kan brukes til alt. Gjerne en klassiker som ikke går av moten med det første. Jeg elsker engelske roser og små sære planter. Liker fancy kjøkkenting a la Alessi. Glad i sushi, fisk og rådyr. Kunne levd på bare grønnt. Elsker kaffe og te. Sykler og står telemark. Siste forsøk var den nye Daisyen til Marc. For søt og udefinerbar vemmelt. Før det var det den nye til Issey Miyake. Lovende i starten, men svettelukt etterhvert. Escada incredible me er for søt og tung. Escada med røde prikker er fin i starten, men får en kant som jeg ikke liker. Jeg føler jeg …

Den store bryllupskaka

Her er den, fire etasjar med ostekake, med gelélok av blodappelsin og pynta med naturstridig mykje bær til å vere i februar. Stativet har eg kjøpt hos Gulbrandsens Glassmagasin/Culina i Torggata, det er eigentleg med fem etasjar, men eg brukte dei fire øverste. Stativet er langt meir solid og stabilt enn det eg har brukt før, som du til dømes ser her. Kaka er altså ei klassisk ostekake, stivna med sitrongelé og pynta med bær. Eg lagde tre ladningar av oppskrifta nedanfor. To ladningar gjekk i dei to største formene, og ei gjekk i dei to øverste. Storleiken på formene er 30, 26, 22 og 18 cm. Slik gjorde eg det: Ostekake 400 g digestivekjeks 125 g meierismør 500 g kremost 600 g (to beger) crème fraïche 3 dl kremfløyte 2 pakkar sitrongelé 200 g melis Skal og saft av ein sitron Frukt og bær til pynt Ta fram det fatet som kaka til slutt skal stå på.  Legg kakeringen på fatet utan botn, og sjekk at det passar. Lukk forma, og teip kakeringen i …

Prosjektet mitt

OK, her kjem første bilde. Dette skal altså bli ei fire etasjers bryllupskake. Eg har blitt fortalt at ein ikkje skal vise fram slikt før den blir servert, så difor får dokke sjå den utan pynt. Oppskrift og bilde av ferdig pynta kake kjem i morgon. Eg lovar. (Og til dei som kjenner meg, og lurer på kven som giftar seg: Fetteren til kjære.)

Tinga vi ikkje lærte

Ja, eg veit det er lite mat her for tida, det er ikkje fordi eg ikkje lagar mat, for det gjer eg. Problemet er at kameraet mitt er på Oslo Fashion week. Ikkje saman med meg, vel å merke. Så i mellomtida får eg finne på andre ting til deg. Sjekk ut denne. Der finst ting som menn aldri har lært om kvinner, og der finst ting som kvinner aldri har lært om menn. Amanda Gore lærer oss det. Enjoy!

Det er ikkje så viktig.

Det er berre noko handelstanden har funne på, for å få selt ting med hjarte på, blomar og smykke. Vi var einige om det. Han tok ein avsjekk, han hadde gjort ein avtale på mandag, eg reagerte ikkje på datoen før han dobbeltsjekka. Eg farta rundt med bilen, ordna masse greier, hadde fått vite at avtalen med kompisen var kansellert, og tenkte at eg skulle lage middag – slik eg brukar å gjere. Fekk ikkje tak i han, prøvde sms og msn. Borte. Eg kom heim med masse greier, og der sto han, sveitt og litt stressa, med soppstuing, biff, salat med asparges og pinjekjerner og god, god vin. Epleis med flapjacks til dessert, og ein fin kveld anføttes i sofaen. How sweet it is, honey.

Tätt intill dig

Den finlandsk-svenske forfattaren Bo Carpelan, fødd 1926, har gått ut av tida. Dette er eit av dei dikta han har skrive som eg likar aller best. Tätt intill dig Så lägger jag mig tätt intill dig i lä för de höga rösterna, fogar mig in i dig här i mörkret som blir allt kortare medan vi vilar, du i din vila, jag i min. Så lägger jag för en stund ifrån mig min vila, mina irrande drömmar för det verkliga nära dig, för det ordlöst nära.

Den største krafta

Eg brukar tv-opptakaren mykje. I natt sat eg oppe og såg på Skavlan frå slutten av januar. Eg er visst ikkje heilt ajour. I det programmet intervjua han Gudrun Schyman, og det vart eit fascinerande møte. Ho er herostratisk berømt for sine alkoholproblem, men det var ikkje det som gjorde at eg sat med tårer i augene. Det var forteljinga hennar om korleis ho møtte han som ho no lever med, Jacques. Hennar skildring av den sterke, overveldande, reservasjonslause kjærleiken rørte meg. Hennar kjærast kom til henne i juni på besøk, kom attende i august og dro aldri tilbake. Eg kjende meg att i den kjensla, og delar hennar tankar om den. Ho fortalde om å bruke omgrepet “eg elskar deg”, kor nytt og kor sant det har blitt for henne. Dette omgrepet, som fram til då hadde vore eksklusivt for barna hennar, vart brått gyldig for mannen ho ville dele livet sitt med. Eg har også vore sparsam med det omgrepet, det har ikkje blitt sløst med. Det er eit omgrep som eg må …

Trinetrall – fram og tilbake er dobbelt så langt

Det er ikkje så greitt når ein uttalar seg friskt, og så blir det dårleg motteke, og så vil ein så gjerne at dei andre skal syns at ein er grei likevel, så seier ein  – tulla! Useriøst og flåsete, spør du meg. Men det verste, det er at dama kallar seg spesialist på sosiale medier. Tvi vøre, for ein spesialist. Snart kjem ho vel innom, blid og glad, og meiner eg berre snakkar om henne fordi eg vil ha trafikk i bloggen min. Jaja, det får stå si prøve.

Norsk nettleksikon og meg (via Ida Jackson)

Ida Jackson har fått ny jobb – og ny blogg! Supert, spør du meg. Les og bli klok. Jeg har fått jobb. Og det står om det i VG idag. Jeg har aldri hatt en jobb i hele mitt (korte) liv. Jeg har bare vært selvstendig næringsdrivende. Alle penger jeg har tjent, har kommet inn på kontoen på grunn av Virrvarr.net, Jenter som kommer og Sosiale medier-boka. (Til deg som er grisk og lurer: Det har vært mer penger i bloggen enn i bøkene.) Men nå har jeg altså fått jobb. I Norsk nettleksikon. Vet du ikke hva det er? Det er Store norske le … Read More via Ida Jackson

Kva skjer i Egypt?

Eg syns det er vanskeleg å få oversikta over det som skjer i Egypt. Enkelte av lesarane mine har kanskje fått med seg at vi bytta hus med ein familie i Kairo for tre år sidan. Det var ei stor oppleving, og vi lærte mykje, syntest vi, av den turen. Vår husbyttepartner Nora har blitt mi facebook-venninne. Ho posta denne artikkelen i går, som iallfall for meg var nyttig å lese. Nokolunde balansert nformasjon får ein ikkje nok av.

Eit meme

Fru Storlien hadde dette memet for nokre dagar sidan, og i dag låner eg det. 4 tv-program eg ser: Sex og Singelliv – ja, eg innrømmer det. Eitt par av venninnene mine meiner faktisk at eg “er” Samantha. Sjokkerande, men kanskje med eit snev av sanning i kortare periodar av livet mitt. CSI: Las Vegas er favoritten, New York nummer to og Florida er nederst på prioritetslista. Grey’s Anatomy: Eg heiar på Meredith og Derek, sjølv om det er tøft akkurat no. Downton’s Abbey: Eg elskar britiske kostymedrama, særleg når dei er så elegant gjort som her. Men kvifor berre fire episodar? Det er jo berre ein ond oppeggelse. Eg kjenner at eg er litt opprørt over det. 4 ting eg har gjort i dag: Trent, det skjer ikkje så ofte, men det følest godt. Sykla til og frå jobb på den nye, fine sykkelen min. Note to self: Kjøp piggdekk. I morgon. Lagd ein ganske god middag, med kyllingvingar, salat og ein god vinaigrette. Fjortenåringen lagde ein slags risotto til, som også vart god. …