Bokmeldingar, Livet
Comments 4

Olav H. Hauge, Bodil Cappelen: Brev 1970-1975


Eg hadde eit vagt minne om å ha høyrt om at forfattaren Olav H. Hauge levde saman med ein tekstilkunstnar som flytta til han, Bodil Cappelen.

Av ei eg kjenner fekk eg før helga boka som attgjev breva dei sende til kvarandre i perioden 1970-1975. Dette er ein korrespondanse som vart starta av Bodil, og som utløyste eit nært venskap, så eit personleg møte og til slutt at ho valde å flytte til Ulvik i Hardanger der han budde, for å leve saman med han.

Ho eg fekk den av fortalde at då ho byrja å lese den klarte ho ikkje å stoppe, ho las den ut på ei natt. Eg hadde det nesten slik, eg og. Det som gjer den så utruleg medrivande og rørande er mange ting. For det første har vi vel alle ein kikkar i oss. Det er noko freistande i å lese noko andre har skrive. Samstundes er ei god kjærleikshistorie aldri å forakte.

For meg er det også noko besnærande i å lese denne langsame korrespondansen mellom to menneske. Brev tek to dagar frå det er posta til det kjem fram, mange av breva i boka vart skrivne over fleire dagar, dette er sakte kommunikasjon, på alle plan.

Også sakte fordi dei skreiv til kvarandre i tre og eit halvt år før dei faktisk møttest i levande live. Så brukte dei lang tid på å handtere og å forstå og å ta konsekvensen av dei kjenslene som oppsto mellom dei i det møtet og i dei møta som følgde etter.

Vi er vande til at ting skal gå fort. Ein sender ei melding, og får ein ikkje svar i løpet av fem minutt vert ein frustrert. Ofte går ting fort, heilt av seg sjølv. Men for ei øving i tolmod det måtte vere å bruke den tida det tok å kommunisere med brev. Samstundes er det heilt tydeleg at slik dei gjorde det var heilt rett for dei.

Dette er ikkje banale kjærleiksbrev. Dei to analyserer lyrikk og skrivekunst, dei diskuterer astrologi, forfattarpolitikk, oversetjingsmetodikk og kunstnarliv. Men noko av det mest oppslukande er den dempa men sterke understraumen av kjensler som bølgar fram og tilbake mellom dei. Jane Austen kunne ikkje gjort dette betre.

Noko anna som også fascinerer meg er at vi høyrer veldig lite om møta, korleis dei skjedde og kva som vart sagt då. Vi får hint om at dei var stader og møtte folk, men møta mellom dei to må lesaren berre førestelle seg. Møta skjer mellom to brev. Dette er også ein kontrast til slik kjærleiken vanlegvis vert formidla, malande, eksplisitt og ekspressiv.

Eg kan berre seie dette: Les denne boka. Eg la den att i Nord-Norge fordi eg ville at mor mi skulle få lese den, og eg unner henne det, men eg angrar allereie. Eg vil lese den om att.

This entry was posted in: Bokmeldingar, Livet

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Da jeg hørte om denne boka første gangen bestemte jeg meg for at jeg må ha den, og nå har du frisket opp minnet. Den skal bestilles i denne dag, for sånt må gå fort 😉
    Veldig fin omtale!

    Likar

  2. Kjell H Myhre says

    .. og Hanne og eg er omlag halvvegs no i boki .. vi er båe mykje fascinerte tå brevvekslinga mellom dei to .. ..

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s