Som eg har skrive om her tidlegare, så var vi nordafor i helga.
Nordlendingane er kjende for ein røff og direkte humor, og det fekk vi mange døme på i løpet av turen vår. Vi vaks opp med Oluf, lese høgt av hikstande foreldre. Ja, dei las Aukrust og Eskeland og, for ikkje å snakke om desse som tulla med politikarane på syttitalet, huskar ikkje kva dei heitte.
Men Oluf står i ei særstilling. Sommaren 1980 slo mor mi ut håret, og investerte i Postens sommerkassett som underhaldning på den nesten 1500 kilometer lange køyreturen til Målselv. «Skal du sett i sommar, så sett i Alta» er framleis gangbar familiehumor i vår familie.
Difor tenkte eg at det ville vere passande å dele denne med deg. Kos deg!