Month: august 2012

Den store bryllupskaka

4. august gifta to av dei vakraste menneska eg kjenner seg, og gåva vår til dei var bryllupskaka. Det har liksom blitt ein tradisjon, det at eg lagar bryllupskaka til vennar og kjente, og det er ei like stor glede kvar gong. Denne gongen ynskte brudeparet seg ei marsipankake, og det fekk dei. Sidan det var vår gåve til dei var det naturleg å pynte den som ei gåve, med pakkeband, roser og det heile. Som dei fleste marsipankaker hadde denne sukkerbrødbotn. Den må lagast i omgangar, og har du to kjøkkenmaskiner som kan gå parallelt er det det beste. Du må også ha ei djup langpanneform, elles må den steike i veldig mange omgongar. For å gjere dette slik at den er klar til du skal i vigsla må du byrje dagen før, og då bør du ha eit kjølerom til kaka over natta. Alternativet er å fylle den på sjølve dagen, men den vert saftigare og betre om den får stå med fyllet over natta. Vi budde midt i eit bringebærland, så vi …

Sylteboksignering – i Oslo!

Du treff meg på Ringnes park, øverst på Grünerløkka, fredag klokka tre! Butikken heiter Tanum, og der har dei stabel på stabel av den nye boka mi. På Tanum Ringnes park blir det live-sylting igjen, eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal lage, men smaksprøver vert det iallfall. Og så signerer eg Sylting og safting heile året til deg viss du vil kjøpe ei. Heng med!

Live-sylting i Stjørdal!

Førstkommande fredag lagar vi lanseringsfest for Sylting og safting i Trøndelag! Dei to Gunda-ene, GundaM og eg, signerer bøker, eg syltar og det blir stor ståhei på Bruktbo. Du finn Bruktbo i Sutterøygata 22 i Stjørdal, og frå klokka elleve til klokka tre blir det bokslepp og mykje moro. Bruktbo er plassen der GundaM har funne mesteparten av alle greiene vi brukte for å presentere syltetøy og saft i boka, så kanskje du og finn noko fint som inspirerer deg der? Kom og bli med om du er i nærleiken!

Kva eg driv med for tida?

Nei, ikkje så mykje. Eg berre – planlegg det eg skal lage og servere på haustlanseringa til Samlaget 16. august – tenker ut korleis eg skal pynte ei bryllupskake til 80 personar som skal serverast denne helga i Hardanger – fiksar dressar til brudesveinar og trettenåringen min – planlegg sylteboksignering i Trøndelag neste helg – jobbar – Handlar inn bursdagsgåver til dei næraste tre familiebursdagane – kjøper inn ting til bryllupet vårt, som skal vere 22. september – syltar og saftar til haustlansering, boksigneringar og til bryllupet med den store kaka og vårt eige bryllup – pakkar ut koffertar frå Hellas-turen – syr bryllupsdukar – planlegg kva vi skal servere i vårt eige bryllup  – Ein heil del altså, når eg tenker meg om. Difor er det litt stille her. Men eg kjem plutseleg tilbake!

Min greske frukost

Slik er den, stort sett kvar dag: To-tre rause spiseskeier gresk yoghurt. Kva er så vanskeleg med å få lagd dennne yoghurten til ein fornuftig pris i Norge? Eg forstår det ikkje. Den er så nydeleg! Ein liten neve hasselnøtter. Det du måtte ha av frukt. På bildet har eg faktisk tørka bananar, men nektarinar, fersknar eller aprikos passar veldig godt. Ringle over flytande honning etter smak. Nyt! 😀