All posts filed under: Supper

Paprikasuppe

Neida, vi er ikkje ferdige enno, men dette er den siste oppskrifta med dei berømmelege oransje paprikaene. Det siste eg hadde igjen brukte eg i ei suppe. Og kjære vene, den vart god! Det fine med å lage suppe med bakte grønsaker er at når du køyrer suppa glatt med stavmiksar, så vert suppa jamna heilt av seg sjølv. Du treng ikkje tjukne den på noko vis, den vert fløyelsmjuk og fyldig av seg sjølv. Eg har laga saus på den måten og, når eg har langtidssteikt kjøt, så lar eg kjøtet ligge på ein haug med grønsaker, og når kjøtet er ferdig, og grønsakene er møre, heller eg grønsaker og sjy i ei gryte, og køyrer det glatt til saus. Så enkelt, og så godt. Og den same teknikken brukte eg med denne suppa. Dette er ein fin lunsjrett, og viss du serverer den med godt brød til så vert alle mette og fornøgde. Den passar også godt på ein buffé, då kan du servere den i små glas, og toppe med mandlar. Og …

Coronamat – bruk-opp-alt-suppe

Denne suppa er ein klassikar hos oss, og det handlar heilt enkelt om å rydde opp i grønsaksskuffa. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg blir alltid overraska når eg tek ut skuffa, og ser kva som faktisk er der. Denne gongen fann eg til dømes ein neve sukkererter i ein pose som låg aller nederst, og eg vart overraska over kor friske og fine dei var. Det er sikkert to veker sidan eg kjøpte dei, men dei var sprø og faste i fisken. Då fekk dei vere med i suppa. Gulrøtter er alltid med, og det skal ikkje så mykje til. Dette vart suppe til tre, og det holdt med ei stor gulrot. Eg fann ei persillerot og, det er ein av mine rotfruktfavorittar. Den kan byttast ut med pastinakk eller med rotselleri om du har det. Stilksellerien kjem i tillegg, den smakar heilt annleis enn rota. Eg hadde ein pose grønkål og. Det er ei fantastisk grønsak, og ei av dei som kan haustast av heile året. Den er toårig, …

Coronamat – tortellini al brodo

Kva er din coronamat? Det er jo litt tilfeldig, kva ein har i skap og skuffer. Eg fann plutseleg ein pakke tortellini. Tortellini kjenner dei fleste som fersk pasta, men den er også å få tak i i tørka versjon. Eg er jammen ikkje sikker på kvar min kom frå, det kan hende eg har plukka den opp på ei reise, kven veit. Torellini er noko som er lett å få tak i viss du ikkje har det frå før, og dei har som regel ganske god dato. Stort sett held dei seg på kjøl i vekesvis etter utløpsdato, er mi erfaring. Sjå nøye på dei og lukt om dei luktar lite og godt når du opnar pakken, viss du er i tvil. Så å ha nokre pakkar tortellini i kjøleskapet er sjeldan feil. Du får dei også i vegetarisk versjon, til dømes med tomat og ricotta, og då kan du droppe kyllingen og lage ein veggisvariant. Denne suppa kan også lagast med andre typar pasta, som t.d. gnocchi eller spiralpasta. Tortellini kan serverast på …

Coronamat – skaff deg oversikt!

Ambisjonen min dei næraste vekene er å kome med tips og oppskrifter til mat som er fin å lage no når vi alle skal vere innomhus, eller iallfall mest mogeleg for oss sjølve. Normalt byrjar mange med å gå i butikken når dei skal lage mat til familien sin. Butikken på hjørnet har blitt kjøleskapet vårt. Når du skal lage mat i ein slik situasjon som vi er i no, så er det viktigaste å finne ut kva du faktisk har frå før, enten i skap, kjøleskap eller i frysaren. Eg har lenge hatt eit “spise-ut-av-frysaren”-prosjekt, men likevel er det masse greier der som bør spisast så fort som råd er. Då er dette ein gyllen sjanse til å sjekke kva du har der. Viss du finn tørre bønner, gryn og andre typer ingrediensar som du sjeldan tek deg tid til å bruke, så er det greit å huske på at no har du kanskje for første gong på lenge god tid! Det gjer ingenting at kikerter må stå i bløyt i åtte timar, og …

Klassisk tomatsuppe

Då eg studerte var det tomatsuppe vi levde på dei siste par månadane før jul, og før sommarferien. Og posesuppe hadde vi ikkje råd til. Vi hadde mjøl og margarin i hus, og eit par buljongterningar. Då trengte vi berre ein liten boks tomatpuré, som den gongen kosta 1,90, for å få eit fullverdig måltid. Vi hadde som regel ein eller annan variant av pasta og, som fekk vere med i gryta. Det var sjeldan så raust at vi hadde kokt egg i suppa, det tok vi oss ikkje råd til.  No har eg fått utvida repertoaret litt, men basisoppskrifta er framleis den same. Eg lagar tomatsuppa på ein bechamelbase, altså smør surra i gryta med mjøl, og så kraft oppi som kokar seg tjukk og fin. Krafta er som regel buljongterningar, men har du kokt gulrøtter, kål eller skrelte poteter, så ta vare på kokevatnet. Det er kraft, og passar perfekt å ha i ei suppegryte som denne. Suppler gjerne med kokt makaroni, kokt egg eller kanskje til og med litt sprøsteikt bacon, då har …

Krydra tomatsuppe

Ei godt krydra tomatsuppe er perfekt viss du er litt snufsete eller berre treng noko som verkeleg varmar. Denne oppskrifta kan du utvide, til dømes med linser, bønner og ulike grønsaker. Når suppa er godt krydra er det fint å servere den med litt rømme, det kjøler ned dei aller sterkaste ilingane frå chilien. Doser chili litt og litt, så passar du på at det ikkje blir heilt overveldande sterkt. Eg brukte ein liten, tørka chili, og det var meir enn sterkt nok til 1,5 liter suppe.  Nokre kallar denne typen suppe meksikansk suppe eller tacosuppe, då kan du også ha steikt, tacokrydra kjøttdeig i eller ved sidan av. Viss du har grønsaksskeptikarar i familien, så kan du gjere slik vi gjorde heime hos oss då barna var små: Vi laga pinglesuppe. Då tok eg suppa til den som var engsteleg for bitar i suppa, og køyrde den glatt med stavmiksar. Då var alle dei heile bitane borte, og suppa var blitt pinglesuppe. Dei aller største pinglene måtte kanskje attpåtil få silt pinglesuppe. Det var …

Bifflapskaus/brun lapskaus

Eg har fortalt om “spise-ut-av-frysaren”-prosjektet mitt? Noko av det eg fann der var ein bit oksekjøt frå nyttårsaftan. Då laga eg heilsteikt indrefilet, og den tjukke enden vart kasta i frysaren i ein pose, i kampens hete. Den tok eg opp her om dagen, og laga noko eg nesten aldri gjer; ein klassisk brun lapskaus, eller bifflapskaus. Bifflapskaus er den aller finaste lapskausen, og det smarte er at det skal ikkje så mykje kjøt til. Eg hadde ca. 300 g beinfritt kjøt, og det vart til middag til seks personar! Å bruke små porsjonar med kjøt i ei suppe eller ei gryte er ein god måte å dryge maten på. Kutt kjøtet i relativt små bitar, og pøs på med sunne, fine rotgrønsaker, legg til litt kål og løk, og så har du førsteklasses middag å by vener på.  Ja, og så er det dei store spørsmåla i livet: Tallerken eller skål? Skei eller gaffel? Der er vi ikkje heilt einige her i huset, men mette blir vi. Eg laga bifflapskausen i jerngryta mi, då …

Lapskaus på julerestar

Det slår ikkje feil, kjøleskap og frysar er fulle av restar etter julefeiringa. Eg var veldig fornøgd med meg sjølv før jul, eg hadde eit «spise ut av frysaren»-prosjekt. Det var av bitter erfaring, det har ein tendens til å hope seg opp. Vi hadde middag i minst fjorten dagar berre av ting vi fann i frysaren, deriblant ein lapskaus på årsgamal pinnekjøtkraft. For eg gjorde jo akkurat det same i fjor, tok vare på kjøt og kraft etter julemiddagen. Viss du ikkje tek med feittet så held det seg eit år i frysaren, det kan eg bevitne.  Denne jula feira vi i Sverige, og der har dei noko dei kallar kassler. Det er ganske enkelt ei bayonneskinke, og noko av det beste eg visste av julepålegg då eg var barn. Fårerull og syltaflesk var ikkje så nøye for meg. Tjukkskorne bayonneskinkeskiver derimot, var heilt fantastisk. Heile kjøtbiten gjekk ikkje med, og for at den ikkje skulle gå i hundane så kutta eg den i små terningar, og lagde ein aldeles fortreffeleg lys lapskaus på …

Vichyssoise – Potet- og purresuppe

Det er en grunn til at kokkene skal være franske, sa datra mi ein gong. Då hadde vi vore i Barcelona i to veker og dro til ein liten fransk by rett over grensa. Maten vi fekk servert overtydde både henne og resten av familien.  Og ho har heilt rett, det franske kjøkkenet er uovertruffent best på veldig mange matrettar og teknikkar. Det er ikkje utan grunn at dei kårar dei beste kokkane i verda i Frankrike, med franske dommarar. Ein ting dei verkeleg kan er supper. Særleg dei krema suppene, som dei kallar velouté, er utruleg gode, enkle å lage, og ei fryd å invitere gjestar på. Dessutan kan du enkelt lage ein stor porsjon, og ta fram igjen ein dag det er travlare enn i dag.  Den suppa av laga i dag er ei potet- og purresuppe, denne klassikaren som i Frankrike går under namnet vichyssoise. Namnet på suppa kjem frå byen Vichy, som er heimbyen til kokken som ”oppfann” den. Viss eg skal gjette var det vel ei traust husmor som fann den …

Kyllingsuppe med grønt i

No er utvalet i grønsaksdisken heilt fantastisk, og då gjeld det å nytte høvet til å improvisere. Butikkane tek inn det som er i sesong, og det som blir kjøpt, så då må vi kundane ta med oss det gode som finst der. For tida er det til dømes lett å finne erter og bønner, for ikkje å snakke om rotgrønsakene, som er veldig flotte akkurat no. Eg sveiva i gang ei god suppe, og det gjorde eg på grøne bønner, sukkererter, gulrøtter og ein gul paprika. Fargerikt og smaksrikt på ein gong, det er lett å like. For å få i litt ordentleg kjøtsmak laga eg kjøtbollar av kyllingkjøtdeig. Det er ei takksam råvare, som ein kan putte full av smak. Eg krydra med italienske urter og salt, og så gjeld det å huske på å lage kjøtbollane små nok. Når ein sper dei litt som eg gjer, så bles dei seg opp og blir luftige og fine. Det er flott, men dersom du lagar dei for store flyt dei rundt som kjøtkaker i …

Kikertsuppe med vår i

Eg måtte verkeleg tenke meg om: Kva er vårmat? Det er jo ikkje stort som veks enno, så eg slo meg til ro med at vårmaten er den som har overlevd vinteren.  Det er dei ordentlege rotgrønsakene, som overlever vinterlagring og som gjev oss næring og kraft sjølv når snøen ligg tung. No grønkast det, men likevel treng vi å ty til det som har overlevd frå i fjor. Eg set mi lit til gulrøtter, løk, purre, persillerot og dei næringsrike belgfruktene. Med desse flotte ingrediensane er det ikkje vanskeleg å skape gode smakar som mettar.  Som alltid handlar det om å framheve dei gode råvarene. Eg brukte litt eplejuice som kraft, du kan bruke kvitvin viss du har ein slant ståande, eller såkalla kommunalkraft, altså reint vatn. Fordelen med juicen er at det er litt syre og sødme i den, det fungerer alltid. Til slutt rundar eg av med litt fløte, det kan du droppe viss du til dømes vil at suppa skal vere vegansk eller mjølkefri. Men fløten gjer suppa fyldig og mettande.  …

Deilig gulrotsuppe – og litt sjølvskryt

Gulrotsuppe har blitt ein moderne klassikar, og kven skulle tru at denne grønsaka som vi som regel kokar i hel og serverer til kvit fisk kan gi ei så nydeleg suppe? Her kan du også nytte høvet til å få rydda i grønsaksskuffen. Eg fann to persillerøtter og eit par sjalottlaukar, men du kan like gjerne bruke selleri, og vanleg gul lauk eller purre. Trikset for å få fram dei gode smakane er uansett å frese kvitløk, ingefær, løk og chili i smør eller olje først, då kjem aromaene ut i full blomst. Suppa treng ikkje jamnast, eg berre koker grønsakene møre, og køyrer suppa glatt med den geniale reiskapen stavmiksar. Eg har min hengande ved sidan av komfyren, for eg brukar den nesten kvar dag. Før eg fekk ein ordentleg ein dreiv eg og styra med å køyre supper og sausar i matmølla, men det er så utruleg mykje greiare med ein stavmiksar som eg set rett i gryta. Det er alltid fint med litt garnityr på supper. Ein klatt rømme, finklipte urter, nokre …

Ut på tur, inn til god mat

Kva treng ein når ein har vore ute i ruskeveret? Noko å varme seg på, er mitt svar. I dag får du ei varmande, smaksrik suppe og ein dessert som smakar barndomsglede og kjærleik. Ingenting er vel betre enn det? Når ein skal ut på tur er det to alternativ: Enten kan ein lage noko som står i omnen lenge, og som endeleg er klart når du kjem inn, eller så kan du lage noko som går fort. Eg syns det som går fort er greiast, då treng du ikkje planlegge så veldig, anna enn å handle inn, då. Det beste eg veit når eg har vore ute på tur er ei god suppegryte, så i dag lagar eg ei romsleg gryte med italiensk minestronesuppe. Minestrone er ei suppe som kan varierast i alle retningar. Du kan ha i forskjellige sortar grønsaker, du kan ha pasta eller ris, og du kan også lage den vegetarisk. Hos oss blir denne suppa servert i bursdagar og andre samanstimlingar, og den er veldig takknemmeleg og billig festmat. Ikkje …

Kyllingsuppe

Suppe med kyllingkraft har ord på seg for å vere det beste remediet mot forkjøling, influensa og sikkert generell vantrivsel og. Å få ei dampande skål suppe hjelper iallfall både på væskebalansen, tett nase og gir tiltrengt næring når influensaen herjar. Kyllingsuppe kan varierast på uendeleg mange måtar, så her kan du verkeleg få tømt grønsaksskuffa i kjøpeskapet. Har du selleristenger, kål eller brokkoli på lager passar dette heilt perfekt i suppa. Frosne erter er også godt i. Har du det veldig travelt kan du med godt samvit ta ein snarveg, og lage suppa med ein pose frossen lapskausblanding. Vil du gjere suppa fyldigare og meir mettande, kan du ha i ein pakke fløte, og du kan også tjukne den ved å jamne med litt maisenna utrørt i litt vatn. Denne suppa er mjølkefri viss du ikkje brukar fløte, og glutenfri. Kyllingsuppe 1 liter kraft (Suppler gjerne med buljong viss du har for lite) 500 g kokt kyllingkjøt kutta i terningar Ein halv søtpotet Ei stor eller to mindre gulrøtter Ein halv purre Ei halv …

Tre middagar i ein

Har du tenkt på kor mykje tid du sparer viss du lagar tre middagar i slengen? Det beste er at du sparer pengar og, så i dag skal eg lære deg eit skikkeleg sunnmøringstriks. Eg tek utgangspunkt i ein kylling eller ei høne. Når eg er i butikken sjekkar eg to ting: halv pris-disken og frysedisken. Finn eg ein landkylling med kjøttfulle lemmer i halv pris-disken så er det ingenting å lure på, den blir med heim. Ein slik kylling kan fort bikke to kilo, og når dei er på halv pris er det mykje mat for pengane. Alternativet er å sjekke frysedisken. Der kan du nemleg vere heldig å finne frosne høns. Dei er ofte ikkje så store, dei ligg og vakar i underkant av ein kilo, men ta med tre stykke. Det tek nemleg ikkje noko meir tid å koke tre enn å koke ei, så då er det berre plassen i gryta som begrensar deg. Kor mange middagar ein får av ein diger kylling eller tre verpehøns varierer sjølvsagt med kor stor …

Suppe frå Mexico

Snart er det festmat på alle bord heile tida, men ei stund til har vi definitivt flest kvardagar. Dei kan vere mørke, våte og travle, men det som gjer dei litt lysare er om vi får til smakfull kvardagsmat i farta mellom treningar, møte og jobb. Eg elskar supper og gryter om vinteren, det varmar og nærer, og gir masse smak. Den meksikanske suppa vi skal lage i dag er ei slik perfekt vintersuppe. Nokre kallar denne suppa tacosuppe, og den inneheld jo ein del av det som taco inneheld, særleg kryddera er dei same. Og det skadar vel ikkje om det er billig og? Bønner er superbillig viss du kjøper dei tørre, bløyter dei og kokar dei sjølv i staden for å kjøpe dei på boks. Mindre avfall vert det og, ein klassisk vinn-vinnsituasjon. I dag brukar eg dei raude bønnene, og dei er fast tilbehør, eller eigentleg basisvara, i meksikansk mat. Når du først går i gang med bønner, så kan du like gjerne koke ein heil pakke. 75 g tørre bønner tilsvarer …

Graskarsuppe

No gjeld det å nytte høvet, det er graskar over alt! Og ikkje er dei spesielt dyre heller, så det er berre å kaste seg utpå, og lage masse morosamt med graskar. Du kan til dømes kutte dei i terningar, vende dei i olje og krydder saman med selleri, gulrøtter og løk, og bake det heile i omnen ein times tid. Det blir eit utruleg godt tilbehør. Har du ein hang til det avanserte kan du sylte graskarterningar i eddiklake, og krydre med stjerneanis, nellik og peppar. I dag er mitt graskartips ei deilig suppe, som varmar, mettar og lyser opp med den vakre, gule fargen. Graskar vert fort mørt når du kuttar det i ganske små terningar, så suppa er ferdig på ein snau halvtime. Om ei veke er det halloween, og då er det mange som skjer ut graskar med morosame eller skumle fjes, alt etter humør. Husk at det du skjer ut av graskaret også kan bli med i suppa. Eg fjernar frø og trådar med eit melonkulejern, og så går eg …

Søtpotetsuppe med sprø kylling

Kyllingrestane frå i går passar perfekt i ei søtpotetsuppe. Søtpotet har blitt veldig lett å få tak i, og er ein perfekt smaksbase for krydder, andre grønsaker og proteinar av ulikt slag. Denne varianten er ganske hot, kor hot den blir bestemmer du sjølv med mengda chiliflak. Søtpotetsuppe er ein  perfekt fellesmiddag for vegetarianarar og kjøttetarar. Server suppa i rause skåler, og ha eit eige garnityr som er utan kjøt eller fisk, t.d. rista nøtter, solsikkekjerner eller osteterningar. Søtpotetsuppe Ein raud løk Ein stor søtpotet 1 ts hakka kvitløk 1 ts hakka ingefær Fire gulrøtter Ei klype chiliflak 2 ts tomatpuré 1 liter grønsakskraft salt og peppar 200 g kyllingbitar Smør eller olje til steiking Varm opp olivenoljen i ei gryte. Rens løken, og kutt den i bitar. Skrell søtpoteten, og kutt den i terningar. Rens kvitløk og ingefær, og finhakk dei. Ha løken i gryta saman med ingefær, kvitløk, chiliflak og tomatpuré. La det frese til alt har fått fin farge, og det luktar godt. Ha i søtpotetterningane, og slå på kraft og fond. …

Heilt krise!

Det er heilt krise! Eg har 250 kroner att til mat i veka som kjem! Dette sto i ein e-post eg fekk her om dagen. Avsendaren er student, studielånet er oppbrukt, sommarjobben er ei veke fram i tid, og lønninga kjem sikkert ei god stund etter det og. Kva gjer ein då? Mai er full av festdagar, men er du student så betyr det også at kontoen er skrapa. I gamle dagar kunne vi skrive ut ein sjekk, det går ikkje lenger. Er det tomt så er det tomt. Då er gode råd dyre, og ein må ha vareopptelling for seg sjølv for å finne ut korleis ein skal sikre føda dei næraste vekene. Triks nummer ein når ein er student er sjølvsagt foreldre, eg huskar framleis dei handlerundane då mamma sa ”eg kan betale”. Då gjekk det mykje basisvarer som havregryn, ris, pasta, tomatpuré, buljong, smør, løk og gulrøtter i handlekorga. Men det er ikkje alltid dei kan trø til. Då er neste steg å bruke dei få pengane ein har på matvarer som …

Syrleg fiskesuppe

I dag lagar eg ei deilig fiskesuppe, der eg har prøvd å leite fram den litt gamaldagse syrlege smaken som det var meir vanleg å framheve før i tida. Det var slik mi bestemor laga fiskesuppe, så eg har prøvd å gjenskape den smaken. Suppa er jamna med egg, det er også litt ”gamaldags”, men gir ein veldig fin og glatt tekstur, og passe konsistens på suppa. Denne måten å jamne supper og sausar på er også fin fordi den gir ei glutenfri suppe, for dei som treng det.  I suppa har eg brukt søtpotet og persillerot, saman med purre. Søtpoteten har ein rund og tiltalande smak som passar godt til den syrlege smaken på suppa. Persillerota gir ein krydra aroma som også passar veldig godt. Fiskesuppa er rask å lage, både persillerot og søtpotet kokar fort når dei er kutta i terningar. Du kan bytte ut søtpoteten med gulrot, viss det er det du har i kjøleskapet, og persillerota kan byttast ut med sellerirot eller pastinakk. Viss du har det skikkeleg travelt, kan du bruke …

Det grønast ute

I urtebedet mitt sprutar det opp persille, salvie og timian, eit klassisk teikn på at vi har hatt ein mild vinter. Hagen min er skuggevend, og dermed hender det at dei finslege urtene takkar for seg om vinteren vert for kald. Men i år har det vore leveleg, og alt kjem opp som bestilt. Når ein skal dyrke urter er det ingen grunn til å gjere ting komplisert. Eg kjøper potter med urter enten på mitt lokale gartneri, eller ganske enkelt i matbutikken, viss eg finn eit frodig og fint eksemplar.  Så er det berre å vatne viss det vert tørt, og gjødsle nokre gongar i løpet av sesongen,  og dermed kan eg gå ut med saksa og klippe inn smaksrikdom gjennom heile hagesesongen. Og den er lang. Eg har eit bilde av mi venninne Hilde, som hentar inn timian til andebrysta på nyttårsaftan med hovudlykt og krafse for å få bort snøen. I dag lagde eg nokre saftige kyllingbryst som eg vende i ein deilig urteolje. Den same urteoljen brukte eg også som garnityr …

Ferskt kjøt og suppe med klot

Ferskt kjøt og suppe kan serverast med eller utan klot. Klot er små bollar av mjøl, egg og krydder som får koke med i suppa, og som gjer retten meir mettande. Mjølbollane vert laga med egg som hevemiddel. Det gjer at dei bles seg litt opp, og blir luftige og fine. Har du ikkje egg, så kan du ha i litt bakepulver. Dette er tradisjonskost frå slaktetida, sidan retten er laga med ferskt, ikkje salta kjøt. Ein byrjar måltidet med suppa, som er laga på krafta frå kjøtkokinga.  Det kokte kjøtet vert servert til slutt, med grønsaker i grove bitar og ein nydeleg sursøt løksaus.  Ferskt kjøt og suppe med klot er eit heildagsprosjekt å lage, så du kan gjerne lage dobbelt porsjon. Då har du restar til neste dag. 1,5 kg beinfritt oksekjøt, gjerne bog eller høgrygg 1 lite kålhovud 2 persillerøter eller pastinakkar 4 gulrøter 1 purre 1 lita sellerirot 1 ss salt 1 ts peparkorn Sursøt løksaus 3 ss smør 1 løk 3 ss kveitemjøl 6 dl kraft frå kjøtkokinga 1 ss …

Med godt skal vondt fordrivast!

Har influensaen teke deg? Då treng du noko varmande og godt å spise, som er lett å få i seg. Det slår ikkje feil, sesongen for influensa, svineinfluensa og forkjøling renn inn over oss gjennom heile vinteren. Med eller utan vaksine så skal det noko til å stå imot desse smittebygene. Her i huset satsar vi på sengeleie, hostesaft og smaksrike supper. Noko av det viktigaste når ein ligg der i feber er nemleg å få i seg væske. Enkelte svergar til løk. Dessverre er rykta om at avskoren løk syg til seg bakteriar og virus usanne, men løken er ei flott grønsak som passar perfekt i ei styrkande suppe. Dei naturlege partnerane til løk er kvitløk og stangselleri, eg fann ein rest av stangselleri bakerst i kjøleskapet som det faktisk framleis var liv i. Stangselleri bør ein alltid ha, det gir deilig smak og konsistens til supper og gryter. Men hovudgjesten i dag er dei små kvite bønnene som kallast canellini-bønner. Dei får du i pakkar ferdig kokte og bløytte, men du kan også …

Grønsakssuppe med gresskar

Eg fann eit flott flaskegraskar i butikken, og då passa det å lage ei deilig graskarsuppe. Suppa vart til slik min mat blir til, ved at eg ser kva eg har i kjøleskapet, og brukar det. Ein kålskalk, ein squash som hadde sett sine beste dagar, nokre selleristilkar og ein løk vart med. Og så fann eg til og med nokre gulrøtter og ein attgløymd pastinakk. Å bruke fleire grønsaker i suppa gir den ein rikare smak, og ikkje minst får ein spist opp grønsaker som er på hell. Ein klassisk vinn-vinnsituasjon. Har du ikkje det eg lagde suppe av, så bytt ut grønsakene med det du har. Men basen bør altså vere graskar, det gir den flotte, gule haustfargen. Slik gjorde eg det: Graskarsuppe Eit flaskegraskar eller 1 kg vanleg graskar Tre gulrøtter To selleristilkar Ein kålskalk Ein pastinakk Ein squash Ein gul løk 1 liter vatn 2 ss grønsaksfond eller to buljongterningar Salt og peppar Rens grønsakene, og del dei i passe store bitar, litt grovare enn til ein lapskaus. Ha dei i …

I serien sommarfriske supper: Agurksuppe

Agurksuppe er lett og frisk, og overraskande smaksrik til å vere laga av noko så enkelt som agurk. Den kan varierast i det uendelege, i dag har eg laga den med ruccola og løk. Server suppa i små glas, heilt kald. På varme dagar kan du til og med legge ein isbit i. Den passar veldig godt på ein buffé med ulike andre typar mat ein kan servere små porsjonar av. Bruk gamle likørglas eller små raudvinsglas, dei passar godt til ein slurk agurksuppe. Slik gjer eg det: Agurksuppe 2 agurkar ½ finhakka løk Ein neve ruccolablad 3 ss kesam 2 ss olivenolje Salt og peppar Kutt agurken i bitar, og legg dei i matmølla. Skyll ruccolaen, og legg til side nokre fine blad til pynt. Ha ruccolaen i matmølla saman med kesam, løk og olivenolje, og køyr det heile glatt. La suppa stå kjøleg fram til servering. Hell den opp i pene glas, og pynt med ruccola eller andre urter.