Allergi, Fisk, Mat, Middag, Supper
Kommenter innlegget

Syrleg fiskesuppe


I dag lagar eg ei deilig fiskesuppe, der eg har prøvd å leite fram den litt gamaldagse syrlege smaken som det var meir vanleg å framheve før i tida. Det var slik mi bestemor laga fiskesuppe, så eg har prøvd å gjenskape den smaken. Suppa er jamna med egg, det er også litt ”gamaldags”, men gir ein veldig fin og glatt tekstur, og passe konsistens på suppa. Denne måten å jamne supper og sausar på er også fin fordi den gir ei glutenfri suppe, for dei som treng det.

 I suppa har eg brukt søtpotet og persillerot, saman med purre. Søtpoteten har ein rund og tiltalande smak som passar godt til den syrlege smaken på suppa. Persillerota gir ein krydra aroma som også passar veldig godt. Fiskesuppa er rask å lage, både persillerot og søtpotet kokar fort når dei er kutta i terningar.

Du kan bytte ut søtpoteten med gulrot, viss det er det du har i kjøleskapet, og persillerota kan byttast ut med sellerirot eller pastinakk. Viss du har det skikkeleg travelt, kan du bruke ein pose frossen lapskausblanding. Har du hatt kokt torsk ein dag, så ta vare på krafta, både den og restar av fiskekjøtet kan du bruke i fiskesuppa ein seinare dag.  Røykt eller salta fisk gir ekstra god kraft, så slik kraft må du også ta vare på til suppe. Må du utsette suppeplanane, så kan du fryse krafta til du er klar til fiskesuppekoking.

IMG_2196Fiskesuppe

 2 sjalottløk

Ein purre

Ein søtpotet, ca. 400 g

To persillerøtter, ca. 400 g

2 ss smør

8 dl vatn

1 dl kvitvin eller noilly prat

4 dl kremfløte (eller kokefast fløte)

Eit beger creme fraïche

Eit egg

Salt og peppar

(Evnt sitronsaft)

600 g torskefilet

Hakka estragon og bladpersille

Skrell sjalottløken, og kutt han i små terningar. Fjern det ytterste laget av purren, snitt han i to halvveis ned på stilken, og vask ut jord som ligg mellom blada. Kutt purren i skiver. Skrell persillerot og søtpotet, og kutt dei i passe storleik til suppe, ca. 1×1 cm. Brukar du torskeloin, så snitt den midt på på langs, og del fiskekjøtet i tynne skiver.

Smelt smøret i ei gryte, og ha i sjalottløken. La den surre til den er blank. Ha i resten av grønsakene, og la dei surre 3-4 minutt medan du rører. Slå på kvitvin eller noilly prat, og la det koke inn til halv mengde væske. Slå i vatnet, og la det koke opp. Ha i fløte og creme fraiche, og la suppa koke i 10-15 minutt. Smak til med salt og peppar. Vil du ha suppa meir syrleg, så ha i sitronsaft etter smak.

Knekk egget i ein kopp, og pisk saman med ein gaffel. Bruk ei ause, og ta ut ca. 2 dl suppe (utan grønsakene) og ha i ei skål eller ein liten bolle. La det stå litt slik at det ikkje lenger er kokande.

Rør i egget medan du piskar godt slik at egget fordeler seg i suppa. Hell eggeblandinga tilbake i suppa. Rør godt. Sett opp varmen, og la suppa koke opp.

Ha i fisken og urtene. La det heile trekke eit par minutt rett under kokepunktet. Viss du vil ha i reker, så ha dei i rett før servering. Server med godt brød.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s