Allergi, Fisk, Mat, Tilbehør
Leave a Comment

Urtebakt skrei

 

Eg elskar torsk i alle variantar, så no midt i skreisesongen et eg det så ofte eg kan.

All skrei er torsk, men ikkje all torsk er skrei, seier dei som kan det. Skreien er torsk som lever i Barentshavet, men som kjem inn til norskekysten for å gyte. For meg er det ikkje så nøye med lever og rogn, men dei store, flotte skreifiletane er fantastiske å lage gode rettar med.

Torsken har ikkje så sterk eigensmak, så då er det desto lettare å leike med den ved å tilføre nye, spennande smakar som vert framheva av det milde fiskekjøtet eg likar å bruke urter saman med torsk, og i dag har eg bakt porsjonsstykke med ein urtetopping. I dag blanda eg estragon og bladpersille. Persillen er grøn og frisk, estragon har eit anisaktig drag som er ganske karakteristisk. Det vart veldig godt, og er ein fin match til den søte ertepuréen eg serverte den med. Urtene fekk også vere med i smøret eg serverte torsken saman med. Fiskekjøtet er så magert at eit urtesmør hevar og kompletterer smaken.

Når ein blandar urter så er det nokre urtetyper som passar godt saman, og andre som ikkje går så godt saman. Ein generell tommelfingerregel er at persille og løktypar (grasløk, ramsløk og toppløk) passar til det meste. Timian og basilikum går fint saman, dei kan også supplerast med litt (men berre litt!) rosmarin. Dill, estragon og kjørvel er meir solitære, men går altså fint med persiller og løkar. Følgjer du desse prinsippa kan du byrje å eksperimentere og prøve deg fram.

IMG_2189 kopiUrtebakt skrei med ertepuré

200 g skreifilet per person

Salt og peppar

2 ss finhakka estragon

2 ts finhakka bladpersille

ei eggekvite

Smør til steiking

Sett omnen på 200 grader. Salte skreien godt, og la den stå ein halvtime. Pisk saman eggekvita med urtene og nykverna peppar. Smelt smør i ei steikepanne på relativt høg varme, og legg fiskefiletane i panna. Fordel urteblandinga oppå filetane. La dei steike i to minutt på berre eine sida. Flytt dei over i ei eldfast form, og set dei i omnen i 10 minutt. Ta dei ut og la dei kvile litt. Server fisken med ertepuré, urtesmør og kokte poteter.

Urtesmør

 100 g smør

1 ss hakka estragon

1 ss bladpersille

Ei klype salt

 Smelt smøret. Ha i urtene. Smak til med litt salt. Du kan og skvise i litt sitron viss du har.

IMG_2188 kopiErtepuré

500 g frosne erter

1 dl naturell yoghurt eller rømme

3 ss smør

Salt og peppar

Kok ertene i salta vatn, litt saltare enn du trur er passe. Dei skal berre koke i eitt par minutt.

La dei renne av, og ha dei tilbake i gryta. Ha i yoghurt og smør. Smak eventuelt til med salt og peppar. Køyr det glatt med stavmiksar.

Leave a Reply