Billig mat, Bokprosjekt, Mat, Noko søtt, Safting og sylting, Veggis
Comments 5

Har du sylta i år?


Ja, eg veit det er tidleg, men likevel: nokre ting må syltast akkurat no.

Fenomenet sesong har nesten blitt borte for oss, vi importerer asparges frå Peru heile året, og jordbæra kjem for å gjere oss glade frå Belgia eller kvar det no er til morsdagen. Men ein ting får du kun tak i i månadane frå januar til mars, det er blodappelsin. Finn du ein pose så kjøp han med deg. Du vil ikkje angre.

IMG_1996Blodappelsin har ein utruleg intens smak, mykje kraftigare og meir aromatisk enn sin overvektige bror den vanlege appelsinen. Blodappelsinen er mindre, du kan finne steinar i den, og den er altså så lunefull at den berre vitjar oss ei kort periode. Då gjeld det å nytte høvet.

Eg er ein forkjempar for sylting året rundt, og når du finn saftige, perfekte blodappelsiner så er den beste måten å ta vare på den på å sylte den. Du får ein sødmefull, aromatisk og lett bitter marmelade som er heilt uovertruffen på brie, på brunost eller på scones med godt smør og piska krem.

Grunnen til at marmeladen blir bitter, er at du skal ta med skalet. Det er det kvite i skalet som gir mest bittersmak, men balansert med syre og sødme så vert det heilt perfekt, eg lovar med handa på hjartet. Eg kokar syltetøyet så lenge at skalet er heilt mørt, då gir det nesten ikkje tyggemotstand når du får det i munnen, berre litt tekstur.

Eg supplerer det oppskorne blodappelsinkjøtet med litt blodappelsinjuice, det får du i velassorterte matforretningar, enten i plastflaske eller kartong. Den kan du også bruke viss du vil lage saus til riskrem, til dømes, då får du ein lysande oransje og velsmakande saus ved å koke opp juice med litt sukker, skum av og jamn med ei vanleg potetmjølsjamning.

Til marmeladen treng du dei grøne certo-posane med fruktpektin. Finn du det ikkje i butikken, så be dei skaffe. (Det gjeld for øvrig sjølve blodappelsinane. Seier dei at sesongen er over, så lyg dei.) Eg har alltid fruktpektin og vanleg syltepulver i skapet. Eit lite beredskapslager må ein ha, ein veit aldri når ein får lyst til å sylte litt.

Syltetøy skal på sterile glas. Eg samlar glas heile året, og brukar konsekvent First Price tacosaus, for dei har så fine lok som det ikkje står noko på, perfekt til syltetøy. Fjern lappane før du vaskar glasa. Nokre lappar er ekstra gjenstridige. Av og til hjelper det å la dei ligge i vatn nokre timar, så skrape, og så la dei ligge litt til. Dei nest verste fjernar eg med aceton, dei verste må eg bruke whitespirit på.

Etterpå får glasa seg ein runde i oppvaskmaskinen. Skal du sylte med ein gong, så køyr glasa på det varmaste programmet, då kan du ta dei rett ut, og fylle dei medan dei er varme. Du kan også sterilisere dei ved å ha dei i steikeomnen på 100 grader i tjue minutt. Då bør du ta loka i ei lita gryte, dei er ofte ikkje så glade i høg varme. Eit anna alternativ er å koke opp ei stor gryte med kokande vatn, og la glasa ligge der i nokre minutt, fiske dei ut med ei pølseklype eller ein matpinsett, og vende dei på eit heilt reint handkle.

IMG_2002Blodappelsinmarmelade

2 kg blodappelsiner

5 dl blodappelsinjuice

1,5 kg sukker

Ein pakke fruktpektin

Vask og tørk alle appelsinane. Kutt topp og botn av dei. Del kvar av dei i to, og fjern eventuelle steinar du ser. Kutt kvar halve i to att, og snitt så appelsinen i tynne skiver, som då blir som kvarte sirklar. Samle alt appelsinkjøtet og juicen i ei stor gryte, og set det på middels varme. Kok opp frukta, og la den koke til den er mør, ca. ein time. Juster varmen slik at det ikkje dampar for mykje av. Blir det for lite saftig, så suppler eventuelt med litt meir juice eller vatn.

Rør inn fruktpektinen, og la det koke friskt i eit minutt. Ha i sukkeret, og la det koke medan du rører, til alt sukkeret har løyst seg opp. Skum av viss det har danna seg skum på toppen.

Fyll marmeladen på glovarme glas, og skru loket tett på med ein gong. La marmeladen stå mørkt og kaldt, det perfekte er viss du har ein kjellar du kan sette dei i. Det går fint å halvere denne porsjonen, då treng du 35 g fruktpektin.

5 Comments

  1. Eg vart så inspirert, at eg måtte rett ut og kjøpe blodappelsin! Eg brukte ikkje pektin, men resultatet vart bra lell. Det berrre tok litt lengre tid.
    Og idag overraska 18åringne med å like appelsinmarmelade, det var artig for mor!

    Likt av 1 person

  2. Tilbakeping: Gåveidéar | Alt godt

  3. Tilbakeping: Tips til heimelaga julegåver | Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s