All posts tagged: sylting og safting

Høgt heng dei og sure er dei

Ja, reven seier så i eventyret. Rognebær er ikkje noko for laurdagskosen, men gelé av rognebær blir knallgodt. I år er det rognebærår, og det er berre å kome seg ut i skogen og plukke. Eg er ikkje storforbrukar av rognebærgelé, men det er deilig til kjøtrettar i staden for tyttebær, og i brunsausen gir den ein søtleg og krydra smak som fungerer strålande. Så lenge rognebærmøllen har halde seg unna er det så lett som å rappe godteri frå småungar å plukke rognebær. Eg gjer som med hyll, eg har med meg ein «frivillig» assistent, og klipper duskar ned i ein pose. Slepp du å dra så langt heimafrå kan du til dømes ha med deg ei plastkasse og klippe bæra oppi den. Så er det heim og koke gelé. Mange seier at ein skal la det gå ei frostnatt før ein plukkar rognebæra. Eg prøvde eit år å vente på frosten. Då tok møllen bæra (eller eigentleg heile trea) før meg, så det vart ingenting på meg. Eg prøvde å fryse ein pose …

Haustsylting med pærer

Syltetøy er min favoritt på helgefrukostbordet, på ostefatet og til dessert. Pæretre kan bere enormt med frukt enkelte år, og då er det ikkje så lett å få brukt alt. Har du ikkje pæretre sjølv, så sjekk med naboen. Spør om du får plukke, i bytte mot nokre glas syltetøy. Pærene kan hermetiserast, du kan lage deilige dessertar, og ikkje minst kan du lage spennande variantar av syltetøy. Har du eple kan du også blande eple og pærer i syltetøyet. Eg lagar heller fleire ulike sortar syltetøy i små porsjonar enn masse av ein sort. Pæresyltetøy er ikkje så vanleg, men har du pærer for handa bør du prøve å lage dette. Dette syltetøyet passar perfekt til ein moden brie, men det er også godt på brunost eller på gräddost. Det passar også perfekt til tilslørte bondepiker, den ultimate haustdesserten. Syltetøy er den perfekte gåva, ta med eit glas viss du vert invitert til middag hos nokon, eller gi eit glas bort til jul. Alt syltetøy skal på sterile glas. Eg samlar glas heile året, …

Plommefest!

Det er plommeår i år, iallfall i nabolaget mitt. Trea bugnar! Er det slik hos deg og? Og har du plommer att? I så fall skal du få nokre oppskrifter av meg som eg garanterer vil glede alle du lagar dei til.  Eg har eit plommetre, og det kom for første gong med plommer i år. Tre plommer hang og lyste så vakre frå det litt skrantne treet som har blitt hardt handsama av svoltne elgar og rådyr på seinvinteren. Det er ikkje meir enn eit par år sidan vi måtte fjerne ei grein som elgen hadde fått tak i og drege ned og til sides. Vi var redde vi måtte felle treet, så skada var det.  Treet kom seg til att, og på førsommaren hadde vi verkeleg von om å få smake våre første heimeavla plommer. Men så lenge var Adam uti paradis, då vi kom att frå ferie var dei borte, og bladverket var oppete av nokre uidentifiserte åmer. Så heimedyrka plommer må vi altså vente endå lenger på. Vi er heldige og har …

No blømer hylla!

No blømer hylla over alt, og det er eit vakkert og velduftande syn.  Mange spør om det er svarthyll dei har funne, og kjenner seg usikre på om dei har funne rett tre. Det er eigentleg veldig enkelt: Rundt jonsok er det berre hylla som blømer. Dei andre blømande, ville trea er avblomstra for lenge sidan, spesielt no når det har vore så varmt i veret. Blada er også eit kjennemerke, dei er som på ei rogn, men større. Det andre kjennemerket er at bukettane er flate. Forestill deg at du skal steike ei pannekake med hyllesmak, og heller røre ut i steikepanna. (Dette er faktisk ein dessert du kan få servert i Sverige.) så legg du blomebuketten ned i steikepanna. Viss alle blomane hamnar flatt ned, så er det hyll du har funne.  Svarthyll har medisinske verknader seiest det, den skal verke vassdrivande og mildt bakteriedrepande. Bæra kan du safte til hausten, på same måte som du saftar rips og solbær. Det blir ei vakker, mørkeraud saft som mange meiner vernar mot haustforkjølingar. Blomane …

Pasjonsfruktgelé

I helga laga vi ei bryllupskake til eit aldeles strålande brudepar, og der laga eg gelélok av pasjonsfruktpuré til kaka. Dette smakte veldig godt, og inspirerte meg til å lage meir med pasjonsfrukt. Eg fekk besøk av NRK Møre og Romsdal på kjøkkenet i dag tidleg, og då nytta eg høvet til å lage ein gelé av pasjonsfrukt på glas. Å sylte på radio er jo ein av mine spesialitetar. Eg har laga denne geléen på ein tropisk juice med pasjonsfrukt i. Nokre fancy plassar kan du få kjøpt pasjonsfruktpuré i posar, det var det eg brukte i bryllupskaka. Finn du det, så kjøp det, det vil gjere geléen om mogeleg endå meir intens og deilig i smaken. I så fall kan du bruke ein liter pasjonsfruktpuré og 3 dl vatn i staden for juicen. Juster sukkermengda etter smak. Eg kjøpte pasjonsfruktpuré på Sagene torg. I og med at pasjonsfruktgeléen er ei nyoppfinning så veit eg ikkje heilt kva eg skal bruke den til, men eg ser for meg at den må vere knallgod på …

Har du sylta i år?

Ja, eg veit det er tidleg, men likevel: nokre ting må syltast akkurat no. Fenomenet sesong har nesten blitt borte for oss, vi importerer asparges frå Peru heile året, og jordbæra kjem for å gjere oss glade frå Belgia eller kvar det no er til morsdagen. Men ein ting får du kun tak i i månadane frå januar til mars, det er blodappelsin. Finn du ein pose så kjøp han med deg. Du vil ikkje angre. Blodappelsin har ein utruleg intens smak, mykje kraftigare og meir aromatisk enn sin overvektige bror den vanlege appelsinen. Blodappelsinen er mindre, du kan finne steinar i den, og den er altså så lunefull at den berre vitjar oss ei kort periode. Då gjeld det å nytte høvet. Eg er ein forkjempar for sylting året rundt, og når du finn saftige, perfekte blodappelsiner så er den beste måten å ta vare på den på å sylte den. Du får ein sødmefull, aromatisk og lett bitter marmelade som er heilt uovertruffen på brie, på brunost eller på scones med godt smør …

Dei siste julegåvene

Desse gode heimelaga gåvene fiksar du i løpet av ein kveld, viss du har gjort innkjøpa på førehand. Kanskje det blir ei gåve til deg sjølv? Gløggekstrakt treng ikkje koste to kroner på lokalbutikken, du kan enkelt lage ditt eige. Med ein raudvinslant som står att etter eit førjulselskap og litt krydder og sitrusfrukter er du godt i gang med ei original og smakfull julegåve. Sjekk i skuffer og skap før du handlar inn, ofte vert slike heile krydder liggande og slenge i skuffene, og å sende dei ut av tida ved å bruke dei i gløggekstrakt gir god meining. Kanskje har du fersk ingefær, eller inntørka ingefær frå eit thaimåltid i grønsaksskuffen, den kan du også gjerne bruke. Skjer den i skiver og kast skivene i gryta. Pomeransskal kjøper eg på apoteket, finn du ikkje det kan du droppe det, eventuelt ha i litt meir appelsinskal. Eg pyntar gåvene med fine lappar, som eg lagar med utstansa papir og påskrift med gullpenn. Bak på lappen kan du skrive korleis gløggekstrakten skal brukast; Varm opp …

Syltekurs i Sverige – vil du bli med?

Har du lyst til å bli med meg på syltekurs/matkurs til huset vårt i Sverige helga 18.-20. september? Huset har plass til åtte personar i tillegg til meg, og det beste er om du får med deg nokon du kan tenke deg å dele seng med. 🙂 Du får med deg masse syltetøy og forhåpentleg masse matinspirasjon heim. Send meg ein mail på gunda.djupvik@getmail.no viss dette freistar deg.

Heimelaga sylteagurkar

Eg har sylta små agurkar heilt sidan studietida på hybel. Vi budde nær ein fin grønsakshandlar som fekk inn det meste, og då var vegen kort til å lage desse fine agurkane. Akkurat no og ein månad framover er dei i sesong, så då er det berre å kaste seg rundt. Dersom du ikkje finn små agurkar i butikken, så be butikksjefen ta det inn. Det er utruleg enkelt å lage sylteagurkar, og det er ei eiga godkjensle ved å servere dei heimelaga. Sylteagurkar passar til roastbeef, leverpostei og andre patéar. 2 kg agurkar 2 liter vatn 200 g salt Kok opp vatnet med salt. La det kolne. Prikk skalet på agurkane med ein spiss gaffel slik at saltlaken lettare trenger inn og gjev smak, og legg dei i laken i ei gryte. Legg ein tallerken oppå, slik at agurkane er under vatn. La dette stå over natta. Eddiklake: 6 dl 7% eddik 8 dl vatn 400 g sukker 4 ts salt 6-8 dillkroner 2 ss sennepsfrø 1 ss heil kvit pepar Kok opp alt …