All posts filed under: Veggis

Haustens grøde – bakt søtpotet

  Søtpotet er ei av mine favorittgrønsaker, den er enkel å skrelle og å bruke, den blir raskt mør, og den tek lett til seg alle mogelege smakar du måtte kaste på den. I dag har eg heilt enkelt bakt den i omnen, og det går langt raskare å få den ferdig enn ein vanleg bakt potet. Med urter, fetadryss og litt sprø brødsmular blir det ein lekker lunsj eller kveldsmat. Bakt søtpotet med fetadryss Ein liten søtpotet pr person 1 ss olivenolje 1 ts fersk timian 1 ts fersk rosmarin Salt og peppar 50 g fetaost Rista brødsmular Det du har av salat   Sett steikeomnen på 200 grader. Del søtpotetene i to. Skjer med ein kniv på kryss og tvers nedi kjøtet utan å kutte i skalet. Pensle potetflatene med olje, og dryss på finhakka urter, salt og peppar. Bak søtpotetene på 200 grader i 40-45 minutt. Sjekk at dei er møre med ein skarp kniv. Server søtpotetene med smuldra fetaost, brødsmuledryss og salat. Du kan også ringle over litt balsamicoeddik om du …

Valnøtt- og timianknekkebrød

  Sa eg at dei andre knekkebrøda var gode? Dette er det aller beste. Også her kan du leike deg, bytte ut valnøtter med hasselnøtter, tilsette chili eller lage dei med rosmarin i staden for timian. Dette er ikkje ein så veldig stor porsjon, så har du laga den ein gong og elskar den kan du gjerne doble oppskrifta. Valnøtt- og timianknekkebrød 1 ss linfrø 0,75 dl  vatn 2,5 dl valnøtter 1 dl solsikkefrø 1 dl kveitemjøl 1 ss finhakka timian 1/2 ss salt 1 ss olivenolje Sett omnen på 180 grader. Ha vatn og linfrø i ei skål. Sett til side. Finmal valnøtter og solsikkefrø i ei matmølle. Ha i ei skål, og ha i mjøl, timian og salt. Bland i linfrøblandinga saman med oljen, og elt det heile saman. Kjevle ut deigen, og kutt leiven i passe store bitar. Legg på bakepapir. Steik knekkebrøda i 15-18 minutt til dei er gylne. Kjøl på rist. Dette er eit utruleg velsmakande knekkebrød, som er perfekt til paté, ost eller til syltetøy.

Haustens grøde – bakte grønsaker

Enten du dyrkar sjølv, kjenner ein bonde eller handlar i butikken: No bugnar det av lekre, ferske grønsaker å få tak i. Eg har gjort det enkelt, eg dyrkar squash, poteter og løk. Ja, og så har eg nokre grønkålplantar, det er for enkelt til å la vere. Det andre eg treng handlar eg i den lokale reko-ringen eller der eg kjem over det. Squash har eg ikkje kjøpt etter ferien, likevel går det aldri tomt. Løken er berre å dra opp, om det er kvitløk, vårløk eller raudløk så har vi så vi klarer oss langt utover hausten. Potetene tok eg opp her om dagen, tolv settepoteter vart til 25 liter poteter! Så enkelt, og så godt. Nokre tips kan vere greit å ta med seg: Spis dei stygge grønsakene først. Poteter med skurv, squash med hakk og skader og vårløk som byrjar henge med hovudet tek vi unna først som sist. Dei toler uansett ikkje lagring. Det som får kome på lager er dei perfekte eksemplara. Elles risikerer du mugg og råte, og …

Fruktknekkebrød

Eg er inne i ein knekkebrødstim, og dess knekkebrøda er vel verd å lage, for dei er knallgode. Smaken i knekkebrøda kjem frå frøa, men også frå urter, salt og nøtter. Frukt er også ein fin smakssetjar, og du kan bytte ut frukta eg har foreslått her med anna du har i skapet. Eg bytta ut tranebær med tørka tyttebær eller gojibær fordi eg tilfeldigvis hadde det, og det fungerte heilt strålande. Prøv også å bruke aprikosar i staden for fiken. Vurder utfrå eigen smak kor fint du vil hakke frukta. Når du hakkar den fint fordeler søtsmaken seg meir i knekkebrødet. Dette knekkebrødet er glutenfritt, så lenge du brukar glutenfrie havregryn. Fruktknekkebrød 3 egg 1/2 dl sesamfrø 1/2 dl graskarfrø 1/2 dl solsikkekjerner 1/2 dl pinjekjerner 1/2 dl linfrø 2 ss chiafrø 1 dl havregryn 2 ss potetmjøl 6 tørka fiken Evnt 1 ss finhakka rosmarin 3 ss tørka tranebær Skalet av ein appelsin (kan sløyfast) 1/2 ts salt Omn på 175 grader Visp egga i ein bolle. Rør i alt alt det tørre …

Heimelaga frøknekkebrød

Knekkebrød er fint å ha i hus, dei er fine nok til å vere småmat til gjestar, dei er gode til ei suppe eller ein gryterett, og er røffe nok til å mette til kveldsmat ein travel dag. Utvalet av frø, gryn og nøtter som kan brukast i knekkebrød har vakse enormt, og det gjer det mykje lettare å lage knallgode knekkebrød sjølv. Dei beste knekkebrøda er dyre i butikken, og å lage sine eigne går både kjapt og resultatet blir vel så bra som dei kjøpte. Ein fin, liten pakke med heimelaga knekkebrød er til og med ein fin presang til nokon du veit vil sette pris på slikt. Det er mange måtar å få knekkebrød til å henge saman på. Enkelte frø, som linfrø og chiafrø, har ei stor evne til å svelle ved at dei tek til seg vatn. På den måten kan dei brukast som bindemiddel. I tillegg vil både havregryn og kveitemjøl kunne brukast. Viss ein vil bake glutenfritt er det best å satse på å bruke frø som ein …

Høgt heng dei og sure er dei

Ja, reven seier så i eventyret. Rognebær er ikkje noko for laurdagskosen, men gelé av rognebær blir knallgodt. I år er det rognebærår, og det er berre å kome seg ut i skogen og plukke. Eg er ikkje storforbrukar av rognebærgelé, men det er deilig til kjøtrettar i staden for tyttebær, og i brunsausen gir den ein søtleg og krydra smak som fungerer strålande. Så lenge rognebærmøllen har halde seg unna er det så lett som å rappe godteri frå småungar å plukke rognebær. Eg gjer som med hyll, eg har med meg ein «frivillig» assistent, og klipper duskar ned i ein pose. Slepp du å dra så langt heimafrå kan du til dømes ha med deg ei plastkasse og klippe bæra oppi den. Så er det heim og koke gelé. Mange seier at ein skal la det gå ei frostnatt før ein plukkar rognebæra. Eg prøvde eit år å vente på frosten. Då tok møllen bæra (eller eigentleg heile trea) før meg, så det vart ingenting på meg. Eg prøvde å fryse ein pose …

Grovbrød med frø

Dette er mine favorittbrød, dei er fulle av smak, saftige og held fasongen når eg skjer dei i skiver. Eg bakar brøda i form, då er dei lettare å handtere, og å skjere opp. Om du får tre eller fire brød av denne oppskrifta avheng av kor store former du har. Mine brødformer er vel blant dei største som du får tak i, og då får eg tre brød. Du kan også bake desse i langpanne, då kan du lett få fire brød ved sidan av kvarandre, viss ikkje langpanna er altfor stor. Desse brøda er veldig fine å fryse. Vi er berre to heime, så eg delar dei i to, og så tek vi opp eit halvt brød i slengen. Det tinar på benken over natta, så har vi godt brød til frukosten. Slik gjer du det: Grovbrød med frø 25 g gjær eller ein halv pakke tørrgjær 1,6 liter vatn 200 g havregryn 2 dl linfrø 2 dl solsikkefrø 2 dl graskarfrø 1 ss honning 1 ss salt 750 g grov sammalt kveite …

Vintersalat – Grønkålsalat med eple og chevre

Ja, det er berre å innsjå det først som sist: No er det vinter. Men vinteren har jo sine fine sider og, så eg deppar ikkje. Dessutan er eg heldig å ha hage i ei mild klimasone. Det er heilt fascinerande, alt som framleis står i hagen og byr seg fram! Eg var ute og plukka i dag, og eg fann grønkål, persille, rosmarin, timian, salat som har frøsådd seg, og den gode, pepparaktige isopen, som eg er så glad i. Alt dette står klart til hausting til fram imot jul. Det er ingen grunn til å ikkje planlegge for å ha ein frodig hage også no i november. Grønnkål kan bli litt treen og seig i rå tilstand, men eg brukar å massere den med ein god vinaigrette, og då mørnar den og blir veldig mjuk og fin i bladverket. Den taklar fint å bli blanda med litt vanleg salat og, då får du ein godt balansert salat. Eg fann nokre fine, raude eple som eg tok med, saman med litt chevre og valnøtter …

Haustdessert – eplekompott

Her i byen er det snille folk som plukkar epla sine, og så heng dei posar med eple over gjerdet, til dei som ikkje har epletre. Det er reint så ein får tilbake trua på det gode i oss menneske. Har du eple, så rens dei, og kok ein lekker eplekompott til dessert. Med litt kanel og piska krem på er det ei deilig avslutning på eit godt måltid. Då eg vaks opp fekk vi rett som det var dessert. Det er ikkje så vanleg lenger, men det er eit lite lyspunkt i dagen å få ei lita, søt avslutning på måltidet. Vi hadde besøk av nokre franske jenter for eit par år sidan, og då den eine skulle dekke på bordet la ho på dessertskeier til lunsj. Eg vart overraska, og hadde ingen dessert på lur. Då skulle eg ha laga eplekompott, det går veldig fort, og er veldig enkelt. Eplekompott 1 kg eple 1,5 dl vatn 2 dl sukker Ei kanelstang Kremfløte til servering Skrell epla, del dei i to, og fjern kjernehuset. …

Tilslørte bondepiker

Laga du det gode pæresyltetøyet eg la ut her om dagen? Eg prøvde å bruke det til tilslørte bondepiker, og det vart så godt! Kombinasjonen av litt ingefærsting og dei sprø valnøttene var perfekt match. Eg gjorde det lettvint for meg sjølv, og brukte knuste kjeks til å legge lagvis med krem og syltetøy. Eg hadde bixit-kjeks, og dei har den deilige, grove strukturen og passe sødme. Du kan også bruke digestive-kjeks, eller steike smular av tørka brød med litt sukker og kanel. Det er ein fin måte å bruke gamalt brød på. Rist ei brødskive, knus den i matmølle, og steik smulane i litt smør før du drysser på sukker og kanel. Det er passe mykje smular til to dessertglas. Min dessert vart pynta med ferske fiken, berre fordi eg fann det i butikken. Finn du det, så kjøp det! Dei er i sesong no, og blir så fort borte. I tillegg smakar dei fantastisk. Det kan du også servere til ost, forresten. Tilslørte bondepiker 1/3 liter kremfløte 1 ts ekte vaniljesukker 2 dl …

Olivenbrød

Viss du vil lage gratinert brokkoli eller blomkål, slik eg gjorde her om dagen, passar det heilt perfekt med eit deilig olivenbrød til. Det er fort gjort, viss du berre har tid til å vente på hevinga i to rundar. Lag ein stor porsjon når du først held på, så kan du legge dei du ikkje brukar med ein gong i frysaren. Når du tek opp eit brød frå frysaren, så kan du la det tine litt på benken to-tre timar, før du set omnen på 200 grader. Fukt brødet litt før du legg det inn, og varm det på 200 grader i ti minutt. Då smakar det heilt som ferskt. Merk at dette fungerer berre ein gong. Gjer du det for andre gong, så får brødet ei centimetertjukk skorpe. Olivenbrød 4 dl lunka vatn 25 g gjær 1 ss honning 2 ts salt 4 ss olivenolje 8-9 dl kveitemjøl 100 g oliven utan stein 1 dl fint sammalt kveitemjøl Sett steikeomnen på 225 grader. Ha vatnet i ein bakebolle. Ha i honning, salt og …

Haustsylting med pærer

Syltetøy er min favoritt på helgefrukostbordet, på ostefatet og til dessert. Pæretre kan bere enormt med frukt enkelte år, og då er det ikkje så lett å få brukt alt. Har du ikkje pæretre sjølv, så sjekk med naboen. Spør om du får plukke, i bytte mot nokre glas syltetøy. Pærene kan hermetiserast, du kan lage deilige dessertar, og ikkje minst kan du lage spennande variantar av syltetøy. Har du eple kan du også blande eple og pærer i syltetøyet. Eg lagar heller fleire ulike sortar syltetøy i små porsjonar enn masse av ein sort. Pæresyltetøy er ikkje så vanleg, men har du pærer for handa bør du prøve å lage dette. Dette syltetøyet passar perfekt til ein moden brie, men det er også godt på brunost eller på gräddost. Det passar også perfekt til tilslørte bondepiker, den ultimate haustdesserten. Syltetøy er den perfekte gåva, ta med eit glas viss du vert invitert til middag hos nokon, eller gi eit glas bort til jul. Alt syltetøy skal på sterile glas. Eg samlar glas heile året, …

Fylt squash

Har du squash i hagen? Då veit du at du får squash slik du får ketsjup ut av ei gamaldags ketsjupflaske. Ingenting, ingenting, ingenting, og så plutseleg alt på ein gong. Då er gode råd dyre, og eg får uendeleg mange søketreff på squash i bloggen min for tida. Alle som har squash i hagen treng oppskrifter for korleis ein brukar den. Squash er jo velsigna på den måten at eigensmaken er ganske nøytral, så den tek villig til seg det du måtte ha å smaksette den med. Du kan rive den, og bake den inn i kaker, muffins eller brød. Du kan eddiksylte den, eller du kan bruke den som det finaste tilbehør, steikt i smør og krydra med urter. I dag får squashen spele hovudrolla hos meg, og eg har fylt den med deilige sausar. Lukka er at soppen er i skogen samtidig som squashen er moden, og då er det å lage ein god fløtesoppstuing perfekt fyll. Eg har også laga ein variant med kylling, viss du har kjøtetarar du skal mette. …

17. mai-buffé

Det blir ein annleis 17. mai, men den kan bli like fin, berre på ein annan måte. Kanskje blir det mindre stress, kanskje slepp vi å stå så tidleg opp, og vi kan ta vare på kvarandre og samlast for å feire nasjonaldagen likevel. Unngå buffé, står det i alle smitteråd. Når ein skal servere 17. maimat er det vanskeleg å unngå buffé, iallfall viss ein skal ha litt forskjellig å smake på, og og alle skal finne noko dei likar. Utgangspunktet må vere at viss du er sjuk, snufsar, hostar og ikkje er allergisk, så kan du ikkje vere med på festen. Det er synd, men slik er det. Å møtast og spise saman så lenge ein held ein meters avstand når alle er friske og har nyvaska hender er uproblematisk. Viss du vil vere ekstra forsiktig, og har mykje servise, kan du porsjonere ut maten. Legg hummus med grilla grønsaker og litt spekemat på tallerknar som folk kan forsyne seg med. Bak 17. maikaka som muffins, slik eg har gjort. Det blir hendige …

Paprikasuppe

Neida, vi er ikkje ferdige enno, men dette er den siste oppskrifta med dei berømmelege oransje paprikaene. Det siste eg hadde igjen brukte eg i ei suppe. Og kjære vene, den vart god! Det fine med å lage suppe med bakte grønsaker er at når du køyrer suppa glatt med stavmiksar, så vert suppa jamna heilt av seg sjølv. Du treng ikkje tjukne den på noko vis, den vert fløyelsmjuk og fyldig av seg sjølv. Eg har laga saus på den måten og, når eg har langtidssteikt kjøt, så lar eg kjøtet ligge på ein haug med grønsaker, og når kjøtet er ferdig, og grønsakene er møre, heller eg grønsaker og sjy i ei gryte, og køyrer det glatt til saus. Så enkelt, og så godt. Og den same teknikken brukte eg med denne suppa. Dette er ein fin lunsjrett, og viss du serverer den med godt brød til så vert alle mette og fornøgde. Den passar også godt på ein buffé, då kan du servere den i små glas, og toppe med mandlar. Og …

Har du sådd karse?

Det har eg! Og få ting gjer meg så lukkeleg som litt pepparfrisk karse å drysse på brødskiva med skinke, eller på salaten. Sjekk frølageret ditt, og elles i skuffer og skap der frøposar brukar å hamne. Plutseleg finn du ein pakke karsefrø. Du treng berre karsefrø, ein tett, flat boks og litt bomull, gjerne frå ein slik gamaldags pakke med tråd i, der bomulla er eit langt flak. Du kan også bruke handklepapir i nokre lag. Legg det du vil så i oppi boksen, og hell på vatn slik at det du skal dyrke på blir godt fuktig. Dryss frøa på bomulla eller papiret. Plasser boksen lyst, og hald den jamnt fuktig. Om nokre dagar har du masse karse å bruke. Lykke til!

Vafler i kveld?

For eksempel? Vafler er alltid godt, og når lukta breier seg i huset breier lykka seg i lag med, iallfall her hos oss. Og dessutan er det vaffeldagen i dag, så då er det ikkje noko å lure på. Slik gjer du det: Vafler 3 egg 0,75 dl sukker 1/2 liter mjølk 100 g smør 375 g mjøl (litt meir enn ein halv liter) 1/2 ts salt 1 ts vaniljesukker 1 ts bakepulver 1/2 ts kardemomme om du vil Smelt smøret, og la det kolne. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland saman mjøl, bakepulver, vaniljesukker, kardemomme og salt i ein bolle eller eit litermål. Rør vekselsvis smør, mjølk og mjølblanding inn i eggedosisen til du får ei fin røre. Viss du vil kan du bytte ut litt av mjølet med sammalt mjøl, byggmjøl eller havremjøl. Då blir vaflene litt sunnare, fordi dei mjøltypane er grovare, og inneheld meir mineralar og vitaminar. Vil du lage den mjølkefri, så bruk mjølkefritt/vegansk smør, og havremjølk. Juster evnt litt på mjølmengda, den kan bli litt tynnare med havremjølk enn med …

Coronamat – bruk-opp-alt-suppe

Denne suppa er ein klassikar hos oss, og det handlar heilt enkelt om å rydde opp i grønsaksskuffa. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg blir alltid overraska når eg tek ut skuffa, og ser kva som faktisk er der. Denne gongen fann eg til dømes ein neve sukkererter i ein pose som låg aller nederst, og eg vart overraska over kor friske og fine dei var. Det er sikkert to veker sidan eg kjøpte dei, men dei var sprø og faste i fisken. Då fekk dei vere med i suppa. Gulrøtter er alltid med, og det skal ikkje så mykje til. Dette vart suppe til tre, og det holdt med ei stor gulrot. Eg fann ei persillerot og, det er ein av mine rotfruktfavorittar. Den kan byttast ut med pastinakk eller med rotselleri om du har det. Stilksellerien kjem i tillegg, den smakar heilt annleis enn rota. Eg hadde ein pose grønkål og. Det er ei fantastisk grønsak, og ei av dei som kan haustast av heile året. Den er toårig, …

Coronamat – hirsesalat med bacon

Jepp, eg fann ein ny type gryn i skapet mitt. I dag var det hirse! Eg trur den er kjøpt i Tyskland, for på emballasjen sto det Goldhirse. Som eg tidlegare har sagt, eg har ein tendens til å ta med meg mat som suvenirar når eg reiser. Så denne er nok kjøpt i fjor sommar i Tyskland. Pakken var uopna, og hadde god dato, så det er null stress med tanke på harskning og slikt. Denne typen gryn kan jo fort harskne viss pakken vert opna, og så vert den ståande der med fri lufting. Harskning er ein kjemisk reaksjon mellom feittet i gryna og oksygen i lufta, dette er det sikkert nokon som kan forklare nøyare enn meg. Men uansett: Luktar det funky av gryna dine, så kast dei, ingenting å lure på. Hirsen har ein nøtteaktig, god smak, og ein annan fordel med den er at den er glutenfri. Så finn du hirse, så kjøp det, det er verd å prøve. Har du ikkje tysk goldhirse i skapet, og det gjeld vel dei …

Coronamat – ein god vinaigrette

Når eg står og lagar mat så har eg lært meg nokre triks for at det skal gå raskt og effektivt. Eit av dei er å «preppe», altså gjere enkeltelementa i maten klare, enten ved å rense og kutte opp, eller ved å lage enkeltting heilt ferdig på førehand. Ein slik ting som det lønner seg å ha laga ferdig på førehand er ein god vinaigrette. Eg brukar å lage ein halvliter i slengen, gjerne to ulike variantar, og så fyller eg dei på desse smarte flaskene. Dei har eg kjøpt på Culina, men sist eg var på IKEA såg eg dei i topakning der. Du kan også bruke andre typer flasker, viss du har. Pass på å merke godt, det kan by på skuffelse viss du har fylt vinaigrette i ketsjupflaska. Då går det veldig kjapt å gi salatane mine eit skikkeleg smaksløft. Når eg lagar ein salat med ulike typar gryn, blir vinaigretten spesielt viktig. Gryn og belgfrukter tek lett til seg smak, og då må ein supplere med noko som verkeleg gir …

Coronamat – Salat med gryn, paprika og fetaost

Eg rydda i skapet mitt, og eg fann utruleg mange sortar frø og gryn i prosessen. Viss du finn tørre bønner, gryn og andre typer ingrediensar som du sjeldan tek deg tid til å bruke, så er det greit å huske på at no har du kanskje for første gong på lenge god tid! Det gjer ingenting at kikerter må stå i bløyt i åtte timar, og så koke i vel ein time. Du har tid til det. Og at ei høne vert best etter å ha kokt i fire timar er også heilt ok. Det betyr at du kan planlegge heilt andre rettar, med heilt andre råvarer. Og belgfrukter og gryn er i tillegg næringsrike og fulle av sunne mineralar og fiber, akkurat det dei fleste av oss treng. Fordelen med dei tørre ingrediensane er at dei er utruleg lette å oppbevare. Det er fint med boksar av papp og metall, men dei skaper søppel, og er romfræge (tek stor plass), som vi seier heime. I tillegg held dei seg veldig lenge, spesielt belgfruktene. Det …

Coronamat – skaff deg oversikt!

Ambisjonen min dei næraste vekene er å kome med tips og oppskrifter til mat som er fin å lage no når vi alle skal vere innomhus, eller iallfall mest mogeleg for oss sjølve. Normalt byrjar mange med å gå i butikken når dei skal lage mat til familien sin. Butikken på hjørnet har blitt kjøleskapet vårt. Når du skal lage mat i ein slik situasjon som vi er i no, så er det viktigaste å finne ut kva du faktisk har frå før, enten i skap, kjøleskap eller i frysaren. Eg har lenge hatt eit «spise-ut-av-frysaren»-prosjekt, men likevel er det masse greier der som bør spisast så fort som råd er. Då er dette ein gyllen sjanse til å sjekke kva du har der. Viss du finn tørre bønner, gryn og andre typer ingrediensar som du sjeldan tek deg tid til å bruke, så er det greit å huske på at no har du kanskje for første gong på lenge god tid! Det gjer ingenting at kikerter må stå i bløyt i åtte timar, og …

Fatteh med kikerter

Som eg har nemnt tidlegare, så har eg fått ein forkjærleik for mat frå Midt-austen i det siste. Eg går ut frå at du allereie har testa ut den syriske tacoen eg la ut i forrige veke, og her kjem ein vegetarisk variant. Denne er veldig enkel, men her kan du leike deg med dei grønsakene og belgfruktene du har i huset. Prøv den til dømes med mjuksteikt gyllen løk, squash og aubergine. Eg laga den heilt enkel, og det er også veldig godt og mettande. Det er noko med smaken av tahini og kikerter, den gjer meg berre lykkeleg. Ha ein fin laurdag! Fatteh med kikerter To store libabrød eller fire små pitabrød Olje til pensling viss du vil   Tahinidressing: 1 dl tahini 4 dl naturell yoghurt Eit finhakka kvitløksfedd 1 ts sukker Salt, peppar og sitronsaft   Ein boks kikerter ½ ts røykt paprika ½ ts vanleg malt paprika ½ ts svart peppar ½ ts salt 1 ss olivenolje Mynte og/eller bladpersille til dryss Pensle brøda med olje, og legg dei på …

Den første julebaksten – heimelaga knekkebrød

Det å bake til jul er ein fin tradisjon. Eg likar å bake dei søte kakene ganske tett oppunder jul. Det reduserer svinnet, og gjer at dei smakar ferskt og godt når julegjestane kjem.  Viss du har bakelyst no, så er dei tørre brøda det beste å byrje med. Det du kan fryse ned kan også bakast no, eg har allereie to julekaker i frysaren, men det kan vi snakke om litt seinare. I dag skal du få lære å lage to deilige sortar knekkebrød, perfekt til å servere på julebordet, med sild, leverpostei eller smakfulle ostar.  Lurer du på om det er noko spesielt med heimelaga knekkebrød, så vil eg berre tilrå at du testar det ut. Dei blir så gode, og ganske annleis enn dei du kjøper. Dessutan kan du variere krydring og smak, på den måten får du ulike variantar til ulik bruk.  Dei krydra knekkebrøda kan du smaksette på ulike måtar. Eg har laga to variantar, ein med urter og ein med søte krydder. Der valde eg anis, fenikkel og spisskummen. …

Vichyssoise – Potet- og purresuppe

Det er en grunn til at kokkene skal være franske, sa datra mi ein gong. Då hadde vi vore i Barcelona i to veker og dro til ein liten fransk by rett over grensa. Maten vi fekk servert overtydde både henne og resten av familien.  Og ho har heilt rett, det franske kjøkkenet er uovertruffent best på veldig mange matrettar og teknikkar. Det er ikkje utan grunn at dei kårar dei beste kokkane i verda i Frankrike, med franske dommarar. Ein ting dei verkeleg kan er supper. Særleg dei krema suppene, som dei kallar velouté, er utruleg gode, enkle å lage, og ei fryd å invitere gjestar på. Dessutan kan du enkelt lage ein stor porsjon, og ta fram igjen ein dag det er travlare enn i dag.  Den suppa av laga i dag er ei potet- og purresuppe, denne klassikaren som i Frankrike går under namnet vichyssoise. Namnet på suppa kjem frå byen Vichy, som er heimbyen til kokken som ”oppfann” den. Viss eg skal gjette var det vel ei traust husmor som fann den …