Billig mat, Mat, Veggis
Leave a Comment

Haustens grøde – bakt søtpotet

 

Søtpotet er ei av mine favorittgrønsaker, den er enkel å skrelle og å bruke, den blir raskt mør, og den tek lett til seg alle mogelege smakar du måtte kaste på den. I dag har eg heilt enkelt bakt den i omnen, og det går langt raskare å få den ferdig enn ein vanleg bakt potet. Med urter, fetadryss og litt sprø brødsmular blir det ein lekker lunsj eller kveldsmat.

Bakt søtpotet med fetadryss

Ein liten søtpotet pr person

1 ss olivenolje

1 ts fersk timian

1 ts fersk rosmarin

Salt og peppar

50 g fetaost

Rista brødsmular

Det du har av salat

 

Sett steikeomnen på 200 grader. Del søtpotetene i to. Skjer med ein kniv på kryss og tvers nedi kjøtet utan å kutte i skalet. Pensle potetflatene med olje, og dryss på finhakka urter, salt og peppar. Bak søtpotetene på 200 grader i 40-45 minutt. Sjekk at dei er møre med ein skarp kniv.

Server søtpotetene med smuldra fetaost, brødsmuledryss og salat. Du kan også ringle over litt balsamicoeddik om du har.

Legg att eit svar