Sa eg at dei andre knekkebrøda var gode? Dette er det aller beste. Også her kan du leike deg, bytte ut valnøtter med hasselnøtter, tilsette chili eller lage dei med rosmarin i staden for timian. Dette er ikkje ein så veldig stor porsjon, så har du laga den ein gong og elskar den kan du gjerne doble oppskrifta.
1 ss linfrø
0,75 dl vatn
2,5 dl valnøtter
1 dl solsikkefrø
1 dl kveitemjøl
1 ss finhakka timian
1/2 ss salt
1 ss olivenolje
Sett omnen på 180 grader.
Ha vatn og linfrø i ei skål. Sett til side.
Finmal valnøtter og solsikkefrø i ei matmølle. Ha i ei skål, og ha i mjøl, timian og salt. Bland i linfrøblandinga saman med oljen, og elt det heile saman.
Kjevle ut deigen, og kutt leiven i passe store bitar. Legg på bakepapir.
Steik knekkebrøda i 15-18 minutt til dei er gylne. Kjøl på rist. Dette er eit utruleg velsmakande knekkebrød, som er perfekt til paté, ost eller til syltetøy.