Eg har dessverre ikkje fornya meg så mykje når det gjeld småkakene. Eg har nokre favorittar som eg lagar kvart år, og eg har faktisk ganske klare forventningar på meg og, til kva som skal ligge på kakefatet frå dei som eg bur saman med.
Men av og til kjem det nye tilskot til. Her ein dag hadde eg gått frå kontoret mitt i eit lite ærend, og når eg kom tilbake låg det ein liten cellofanpose på tastaturet med fire små, fine kaker.
Eg lagde meg ein god kopp te, og satte meg til for å smake på desse kakene. Det var ein smakseksplosjon! Det er dei beste kakene eg har smakt på veldig, veldig lenge. Dei hadde ein distinkt, men ikkje påtrengande smak av ingefær, og i tillegg var det nokre andre krydder der som eg ikkje heilt klarte å identifisere.
Etter litt etterrøkjing fann eg ut kven som hadde lagt dei der, og han fortalde at det var kjæresten Kari som hadde bakt. Vi er vennar på Facebook, så eg kasta meg rundt og fekk oppskrifta. Slik lagar du Karis ingefærkaker:
170 g smør, romtemperert
200 g brunt sukker, eg brukte demerara
80 g mørk sirup
1 egg
300 g kveitemjøl
1 ts natron
1/2 ts salt
1 ts kanel
1/2 ts nellik
1/2 ts ingefærpulver
4 ts fersk, riven ingefær
Strøsukker eller perlesukker til å rulle kakene i
Set steikeomnen på 180 grader.
Ha smør, brunt sukker og sirup i ein bolle, og pisk det saman. Ha i egget, og pisk det heile luftig og lysare.
Bland alt det tørre som er igjen i ein bolle, og rør det inn i smørkremen. Hell deigen på ei mjølstrødd flate. Del den i to, og trill kvar del til ei tommeltjukk pølse. Kutt den i centimeterstore stykke.
Form kvart stykke til ei kule, og rull den umiddelbart i strøsukker eller perlesukker som du har i ei skål. Legg dei på bakepapir på steikebrett, og steik dei i 8-10 minutt på 180 grader til dei er pent brune. La dei kolne på rist.
Opphavskvinna Kari seier at desse kakene også kan lagast med hakka sjokolade i. Kan du forestille deg? Fantastisk. Eg må prøve det og ein dag.
Hei! jeg har et spørsmål som ikke har noe som helst med dette inlegget å gjøre, men ville blitt frytelig glad om du hadde et godt råd. min far har nemmlig laget en lammerull som har blitt for salt, er det mulig å vanne den ut ved å legge den i usaltet vann, eller er det noen andre smarte råd?
tusen takk for en fin blogg.
med ønske om en strålende jul 🙂
Eg veit faktisk ikkje, i så fall må det vere kokt kaldt vatn, og det må ligge i kjøleskap. Elles ville eg ha skore den i veldig tynne skiver. Men kanskje nokre av lesarane mine har forslag til kva ein bør gjere? God jul til deg og! 🙂
Desse såg fristande ut. Må prøve, kanskje neste år. I år har eg sett strek. God jul!
Høres kjempegode ut og egentlig ganske like de min amerikanske vertsmor laget og som hun kalte “Ginger Snaps”. Hun bakte “cookies” med jevne mellomrom og varierte stort, men når disse kom oppi kakekrukken forsvant de alltid mye raskere enn de andre sortene.
Kanskje jeg må prøve å bake dem? Har jo kanskje litt ledig tid mellom kl. 15 og 16 i dag…. 🙂
Gunda, du må si ifra hvis du noen gang planlegger å gjøre endringer i bloggarkivet ditt, jeg søker opp oppskrifta mi her hvert år 😉
Haha, fantastisk! I år rakk eg ikkje å lage dei, og eg angrar allereie! Det er nesten så eg har lyst til å bake ginger sparkles til nyttår. Takk! 🙂