Jul, Lykke, Utstyr
Comments 7

Årets nyvinning


Det er ikkje så mykje eg endrar på frå år til år når det gjeld juleførebuingar, men av og til dukkar det opp noko som gjer at ting går lettare og betre.

Eg opplevde det då eg oppdaga silikonmatter, det var eit enormt framsteg i forhold til bakepapir, som eg brukte i mange år. I år er det dette geniale brettstativet som har redda julebaksten.

Det har eg kjøpt hos Clas Ohlson for ikkje spesielt mange pengar, og det gjer underverk med benkeflatene mine. Det har fire «armar» som stikk ut og held bakebrett og rister på plass i høgda.

Kjøkkenet mitt er ikkje spesielt stort, vi driv med compact living her midt i byen. Og benkeplatene mine har kontinuerleg vore dekt av rister og brett under julebaksten, nokre står for å kolne, andre for å få kaker på seg, dei tredje berre står i vegen.

Men med dette stativet har eg plutseleg masse benkeplass igjen! No står både bretta som skal kolne og som ventar på å få kome i omnen i stativet, og benken eg brukar til det har tidlegare vore full av ting som folk berre legg frå seg i farta. Framsteg på kjøkkenet, altså. Har du funne nokre smarte nyvinningar som har gjort livet enklare for deg i det siste?

This entry was posted in: Jul, Lykke, Utstyr

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Tusen takk for en veldig god ide! Jeg vet jo at de stativene finnes men har aldri funnet ut hvor jeg kan kjøpe dem 🙂

    Likar

  2. Tone says

    Du, disse silikonmattene… jeg har hele tiden tenkt at det heller ville være mer arbeid enn bakepapir, siden de må vaskes? Kan du forklare hvorfor de revolusjonerte julebaksten? Mulig det er noe jeg ikke har fått med meg 🙂

    God jul

    Tone

    Likar

  3. Silikonmatter er smartare viss du skal kjevle ut ting, for då kan du kjevle rett på matta, og den «syg» seg fast på benken. På den måten slepp du å flytte baksten over på plata, du flyttar berre matta og baksten vert ikkje deformert. Særleg når ein skal bake pepparkakehus gjer dette baksten enklare. Og eg har ikkje prøvd å smelte drops på bakepapir, men eg innbiller meg at det er sikrare på silikonmatte. Pluss at du aldri går tom for bakepapir. 🙂

    Det går fort å vaske dei, når eg har bakt julebakst på dei tørkar eg berre over med ein oppvridd mikrofiberklut.

    Likar

  4. Rita says

    Det brettstativet er genialt. Jeg kjøpte mitt på Europris. Det kosta ikke mange kronene, men du verden for en nyttig ting å ha 😀

    Likar

  5. Neste år, nornoir. Neste år! 🙂 Og tenk så lykkeleg du kan gjere bakaren din, når du gir han eit slikt stativ i første kalenderpakke?

    Likar

  6. Nå fant jeg ihvertfall en nyvinning! så takk for tips, jeg skal avsted og kjøpe i morgen selv om årets julebakst er ferdig.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s