Month: mars 2015

Gulrotkake med sultanarosiner og pistasjnøtter

Gulrotkake er alltid godt, og denne er om eg skal seie det sjølv ekstra god. Grunnen finn du i oppskrifta, den inneheld nemleg litt smør. Smøret gjer at kaka får ei heilt utruleg sprø og god skorpe. Det løftar ei kake for meg, når skorpa smakar godt. Denne kaka kan godt bakast tidleg på dag viss den skal serverast på ettermiddagen eller kvelden. Det gjer berre at den vert litt fastare i fisken, og lettare å skjere opp. Du kan bytte ut pistasjnøttene med andre nøtter, og sultanarosinene kan byttast ut med vanlege rosiner, eller korintar. Eg brukte ei randform til denne kaka, men du kan også bruke ei vanleg rundform. Gulrotkake med sultanarosiner og pistasjnøtter 300 g mjøl 2 ts kanel 2 ts bakepulver 1 ts salt 200 g brunt sukker 4 egg 2,5 dl nøytral matolje 200 g gulrøtter 100 g sultanarosiner 100 g pistasjnøtter, grovt hakka 75 g mjukt smør Sett omnen på 175 grader. Smør ei 24 cm form godt, og dryss den med mjøl eller semulegryn. Bank av overflødig mjøl eller …

Vårleg buffé

Det er den tida vi deler med dei vi er glade i som vi huskar og som gjev livet meining. Så i dag har vi invitert ein liten gjeng vener på lunch. Ikkje noko pretensiøst eller staseleg, men god, smakfull mat som det er lett å like. Eg dekte opp til ein buffé, då står maten på eit bord eller ein benk, og så set folk seg litt rundt omkring. Det er enkelt, og gjestane kan forsyne seg som dei vil. Får ein ein favorittrett på bufféen kan ein forsyne seg dobbelt utan å vere flau. Og ser ein noko ein er skeptisk til kan ein styre unna. Eg hadde eit raust stykke røykalaks frå Herøy i frysaren, det vart vel lagt der rett over jul, tenker eg. No fann eg ut at det var på tide å ta den fram, og den var like god. Eg serverte den med ein fenikkelsalat med ein syrleg dressing. Det gjekk veldig godt til den salte og feite laksen. Nokre få kapers gjev eit lite ekstra sting i fenikkelsalaten. …

Det nye huset vårt

Eg har såvidt nemnt det tidlegare, men vi har altså kjøpt oss eit hus eit stykke over svenskegrensa, i Billingsfors. Vi overtok huset rett før jul, og rakk berre å fylle huset opp med madrasser og sengetøy frå IKEA før vi vende nasen heimover til Sunnmøre til julefeiring. I svenskehuset har vi tilbrakt romjula, og vi feira nyttår der. Etter det har vi tilbrakt mange helgar der, og vi nikosar oss. I byen bur vi kompakt, og må heile tida tenke praktiske løysingar og ein ting inn-ein ting ut. I Billingsfors har vi god plass, og kan breie oss og skape vårt eige hus. Ikkje for det, huset har sjel frå før vi kom dit. Huset tilhøyrde salgsdirektøren på papirbruket i Billingsfors, og ber vakkert preg av å ha vore eit hus for representasjon og selskap. Den skikken tenker vi å vidareføre. Det er eit perfekt hus for å ha gjestar, lage mat og kose seg. Vi overtok huset med møblar, og det betyr at vi har vidareført noko av stilen som salgsdirektøren og kona hans satte …

Brunostpannacotta

Når det gjeld denne desserten må eg aller først unnskylde meg for å gjenta meg sjølv. Eg veit at vi lagde pannacotta for to veker sidan og. Men denne helga lagde eg brunostpannacotta, og det vart så utruleg godt at eg berre må dele den oppskrifta. Eg lovar at eg skal ikkje kome med fleire pannacottaoppskrifter på lenge. Kors på halsen. Berre du lovar å lage brunostpannacotta. Det er knallgodt! Eg var innom Mathallen her om dagen, og brunosten eg brukte til denne pannacottaen var ein ekte geitost frå Mjølkerampa, Tine sin utsalsplass for trua ostetypar i Mathallen. Har du ikkje slike fancy brunosttypar tilgjengeleg, så kan du like gjerne bruke gudbrandsdalsost. Alt fungerer, unntatt dei med lite feitt i. Brunostpannacotta 5 dl matfløte 3 plater gelatin 1 cm tjukk skive av ein brunost (ca. 100 g) 2 ss sukker Rosiner i rom eller eplejuice Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i ein bolle. Riv osten på den grove delen av rivjernet. Kok opp fløten, og rør i osten. Rør godt slik at den …