Noko søtt
Kommenter innlegget

Gulrotkake med sultanarosiner og pistasjnøtter


Gulrotkake er alltid godt, og denne er om eg skal seie det sjølv ekstra god. Grunnen finn du i oppskrifta, den inneheld nemleg litt smør. Smøret gjer at kaka får ei heilt utruleg sprø og god skorpe. Det løftar ei kake for meg, når skorpa smakar godt.

Denne kaka kan godt bakast tidleg på dag viss den skal serverast på ettermiddagen eller kvelden. Det gjer berre at den vert litt fastare i fisken, og lettare å skjere opp. Du kan bytte ut pistasjnøttene med andre nøtter, og sultanarosinene kan byttast ut med vanlege rosiner, eller korintar.

Eg brukte ei randform til denne kaka, men du kan også bruke ei vanleg rundform.

IMG_6539Gulrotkake med sultanarosiner og pistasjnøtter

300 g mjøl

2 ts kanel

2 ts bakepulver

1 ts salt

200 g brunt sukker

4 egg

2,5 dl nøytral matolje

200 g gulrøtter

100 g sultanarosiner

100 pistasjnøtter, grovt hakka

75 g mjukt smør

Sett omnen på 175 grader. Smør ei 24 cm form godt, og dryss den med mjøl eller semulegryn. Bank av overflødig mjøl eller gryn etter at forma er strødd. Riv gulrøttene fint.

Bland saman det tørre unntatt gulrøtter, nøtter og rosiner. Pisk sukker og egg til ein luftig eggedosis. Bland saman eggedosis og mjølblandinga, og rør inn det mjuke smøret vekselsvis med oljen til slutt.

Vend nøtter, rosiner og gulrøtter inn i kakerøra. Bak kaka i 55-60 minutt på 175 grader. Stikk inn ein spagettipinne eller ei kakenål for å sjekke at kaka er gjennomsteikt når det har gått 55 minutt.

Glasur:

200 g kremost

2 ts ekte vaniljesukker

150 g melis

2-3 ss sitronsaft

Pisk saman alle ingrediensane, til det er ein glatt krem. Smør på kaka, og pynt med det du har for handa. Eg hadde litt kandisert frukt som eg kjøpte på ferie i Italia, den skar eg i tynne skiver og dryssa over kaka.

This entry was posted in: Noko søtt
Tagged with: ,

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s