Fest, Mat, Middag, Veggis
Leave a Comment

Vårleg buffé

Det er den tida vi deler med dei vi er glade i som vi huskar og som gjev livet meining. Så i dag har vi invitert ein liten gjeng vener på lunch. Ikkje noko pretensiøst eller staseleg, men god, smakfull mat som det er lett å like.

Eg dekte opp til ein buffé, då står maten på eit bord eller ein benk, og så set folk seg litt rundt omkring. Det er enkelt, og gjestane kan forsyne seg som dei vil. Får ein ein favorittrett på bufféen kan ein forsyne seg dobbelt utan å vere flau. Og ser ein noko ein er skeptisk til kan ein styre unna.

Eg hadde eit raust stykke røykalaks frå Herøy i frysaren, det vart vel lagt der rett over jul, tenker eg. No fann eg ut at det var på tide å ta den fram, og den var like god. Eg serverte den med ein fenikkelsalat med ein syrleg dressing. Det gjekk veldig godt til den salte og feite laksen. Nokre få kapers gjev eit lite ekstra sting i fenikkelsalaten.

IMG_6531Fenikkelsalat

Ein fenikkel

2 ss kapers

2 ss olivenolje

1 ss eplecidereddik

salt og peppar

Snitt fenikkelen tynt, og ha i ein bolle saman med kapersane. Bland saman olje, eddik, salt og peppar i eit glas med lok. Rist godt, og vinaigretten over fenikkelblandinga. Vend godt, og sett til side.

Anrett laksen på eit fat, og legg fenikkelsalaten oppå.

Pasta Puttanesca er ein av dei aller enklaste pastarettane som finst i det italienske kjøkkenet. Eg ser for meg at dette må vere den pastasausen som husmødrene lagar når dei ikkje har så mykje råvarer i huset.

Tomatar, kvitløk, oliven og ansjos er det som skal til, og sjølv for ein ansjosskeptikar som meg så fungerer denne retten. Ansjos har nemleg den underlege eigenskapen at den nærast smeltar når den vert varmebehandla. Så den er eigentleg mest eit krydder i denne pastaretten. I dag lagde eg den med tagliatelle, men du kan bruke alle typar pasta til denne retten.

IMG_6544Tagliatelle puttanesca

500 g pasta

400 g cherrytomatar

Del cherrytomatane i to, dryss på salt, og bak dei i omnen i 20 minutt på 200 grader

3 fedd kvitløk

6 ansjosfiletar

Ein neve grøne oliven i skiver

500 g tomatar

Ein raud løk

2 dl kyllingkraft, tørr eplecider eller kvitvin

Skrell kvitløksfedda, og knus dei i ein mortar saman med ansjosfiletane. Finhakk olivenane.

Skjer løken i tynne skiver. Kutt tomatane i terningar. Varm opp olivenolje i ei gryte. Fres løken gyllen, og ha i tomatane. La dette frese i 5-6 minutt medan du rører godt på. Slå på 2 dl kyllingkraft, cider eller kvitvin, og la det koke inn. Bland inn kvitløksblandinga og olivenane, og la det koke nokre minutt til.

Kok pastaen til den er ”al dente” i godt salta vatn. Hell av, og ha pastaen i ein varm bolle. Vend inn sausen, og dryss over dei bakte cherrytomatane og vårløken snitta i ringar. Server med godt brød.

Aubergine er ei av mine favorittgrønsaker, og bakt i omn med ostetopping på smakar den heilt gudommeleg. Det skjer noko magisk når aubergine vert salta og varmebehandla, slik er det berre. Pen er den ikkje, men den smakar altså fantastisk.

IMG_6540Bakt aubergine

To auberginar

4 ts raud pesto

2 ss olivenolje

Salt og peppar

Vellagra ost til gratinering

Set omnen på 200 grader.

Del auberginane i to, og legg dei vendt ned i salt på eit fat i eit kvarter. Ha olje i ei steikepanne, og steik auberginen i fem minutt på relativt høg varme. Legg auberginane på eit eldfast fat, og snitt djupt i dei. Smør på pesto, og bak auberginane i 20 minutt på 200 grader. Dryss på ost, og bak dei i fem minutt til osten er smelta og litt gyllen.

IMG_6547

Leave a Reply