All posts tagged: fenikkel

Vårleg buffé

Det er den tida vi deler med dei vi er glade i som vi huskar og som gjev livet meining. Så i dag har vi invitert ein liten gjeng vener på lunch. Ikkje noko pretensiøst eller staseleg, men god, smakfull mat som det er lett å like. Eg dekte opp til ein buffé, då står maten på eit bord eller ein benk, og så set folk seg litt rundt omkring. Det er enkelt, og gjestane kan forsyne seg som dei vil. Får ein ein favorittrett på bufféen kan ein forsyne seg dobbelt utan å vere flau. Og ser ein noko ein er skeptisk til kan ein styre unna. Eg hadde eit raust stykke røykalaks frå Herøy i frysaren, det vart vel lagt der rett over jul, tenker eg. No fann eg ut at det var på tide å ta den fram, og den var like god. Eg serverte den med ein fenikkelsalat med ein syrleg dressing. Det gjekk veldig godt til den salte og feite laksen. Nokre få kapers gjev eit lite ekstra sting i fenikkelsalaten. …

Haustetid

No bugnar butikkar og torg av deilige, norske grønsaker. Eg er ikkje ein av nasjonalromantikarane som insisterer på at alt norsk er best, men nyhausta grønsaker er knallgodt uansett kvar ein er. I dag har eg laga ein haustpai med det eg fann på torget. Eg tok med ein pastinakk, ein fenikkel og ein pose fersk sopp, i tillegg til ein bunt løk. Med enkle middel fekk eg til ein knallgod pai som kan brukast åleine eller som tilbehør. Eg lagde den til meg sjølv opprinneleg, men dagen der på serverte eg den med røykalaks og urterømme, og det vart stor suksess. Som alle paiar er denne perfekt på eit koldtbord. Dei som er vegetarianarar slit ofte med å finne noko dei kan spise på bufféar, med denne har du laga eit godt alternativ for dei og. Paideigen min har eg frå Carl Butler, det er ingen grunn til å finne opp hjulet på nytt. Den er smidig og fin å jobbe med, og eg lagar den lynkjapt i matmølla. La den kvile før du kjevlar …