Month: januar 2010

Dårleg gjort

Det eg skal gjere noko er eigentleg skikkeleg dårleg gjort, eg skal skrive om noko som eg var med på i går, som det ikkje er råd å bli med på nytt. Vi var nemleg på siste forestilling av Jesus Christ Superstar på Det Norske Teatret. Åfyttikatta! Det var ei imponerande forestilling på alle vis. Det var sjølvsagt stort å så Hans Erik Dyvik Husby på scenen som Jesus. Eg har ikkje vore fan av Turboneger, men den mannen har noko ved seg. Det er mogeleg det var fordi det var siste forestilling, men det såg ut som om kjenslene låg på utsida av kroppen hans, eg opplevde framføringa hans som ein stor emosjonell prestasjon. Men den som imponerte meg aller mest, og som eg har vore blodfan av så lenge eg har visst om han, er Frank Kjosås, som spelte Judas. Han har dette androgyne uttrykket som gjer at han trekker til seg blikka frå salen på ein heilt annan måte enn andre skodespelarar. I Hair var det særleg tydeleg, i Peter Pan var …

Ein liten tur rundt i byen…

Eg har vore ein liten runde på dei viktigaste plassane, og funne ut at det er altfor lenge sidan eg var på shopping. Det har skjedd store ting, mellom anna har Gimle fått inn Byredo! Byredo er eit svensk parfymemerke, og har hatt ein enorm internasjonal suksess. Byredo har vore særleg populært i USA. Eg lukta på dei sist eg var i Paris, og vart aldeles förtjust. Eg har Byredo Blanche på mi venstre hand, den er lett, grøn, elegant, floral, ei perfekt sommarduft. Den minner meg litt om Kenzo Amour Florale. Deilig. Den andre hendinga er at Estée Lauder Jasmine White Moss er i byen! Denne dufta er ein del av Estée Lauders eksklusive Private Collection. Dei skal berre selgast i butikkar som Aerin Lauder sjølv ville ynskje å gå inn i, og Gimle er den utvalde butikken i Oslo. Det er ei lekker duft, litt høgrøysta i starten, men den endar opp som eit delikat, kjøleg slør av silke. Å lukte på denne er vaksenopplæring for parfymørar som trur at jasmindufter må vere …

Kjapp kylling

Eg lagde ein fin variant av kyllingfiletar her om dagen, der eg la på dei ei skorpe med ost og purre. Eg reiv osten først, og så hadde eg den i ein blender saman med purre, olivenolje og strøkavring. Strøkavringen er med på å stabilisere det heile, slik at det ikkje renn av under steikinga. Dette er også ein mjølkealleritilpassa middagsrett, pecorino er laga av sauemjølk, og kumjølkallergikarar toler den godt. Bruk mild olivenolje til dette, den kaldpressa jomfruoljen toler ikkje oppvarming så godt som den vanlege. Slik gjorde eg det: Panert kyllingfilet 6 kyllingfiletar 100 g pecorinoost Olivenolje 5 cm av det kvite/lysegrønne av ein purre 3 ss strøkavring Varm steikeomnen til 180 grader. Varm 2-3 ss olje i ei steikepanne, og steik filetane 3-4 minutt på kvar side til dei har fått fin farge. Legg filetane i ei eldfast form. Riv osten, og skjer purren i ringar. Ha dei i ein blender saman med strøkavringen. Køyr dette til ein glatt masse medan du sper i olje. Massen skal vere litt mjukare enn leverpostei. …

Fredagsbuketten min

Har eg ikkje fin fredagsbukett i dag? Den har eg fått av mi kjære venninne, dei er utan kjøkkengolv for tida, og difor inviterte eg dei på middag i går. Som takk for det fekk eg denne nydelege buketten. Den er frå Fem sanser, vår lokale blomsterbutikk, som er driven av den koselegaste og flinkaste blomsterdama eg veit om. No står den her i den grøne mjølkemugga mi og spreier glede og fredagsfred. Eg ynskjer dokke alle ei deilig helg!

J.D. Salinger 1919-2010

J.D. Salinger døde i går, 91 år gamal. Han er ein av dei myteomspunne forfattarane i moderne tid, i og med at han var heilt taus i det offentlege rom i dei siste 44 åra av sitt liv. Han ga ut ein roman og tre novellesamlingar, ikkje meir enn du kan halde i ei hand. Men romanen han ga ut, The catcher in the rye, har blitt eit ikon og reknast som ein av dei fremste amerikanske romanane gjennom alle tider. Boka har spelt ei rolle i mange menneske sine liv, både på godt og vondt. Mark David Chapman, som skaut John Lennon i New York i 1980, sa han gjorde det for å få fleire til å lese The catcher in the rye. Då dei ransaka hotellrommet til John Hinckley Jr etter at han hadde gjennomført eit mislukka attentat på Ronald Reagan fann dei eit eksemplar av denne boka der. Det som mest av alt gjorde at amerikanske ungdommar gjorde J.D. Salinger til sin forfattar var nok sinnet, aggresjonen, kjensla av at ingen forstår …

Å bli mett av ein kval

I dag har Heidi fanga ein kval, og prøver å bli mett av den. Forelska er ho visst og. Får du tak i kvalkjøt, så bør du prøve å lage denne gryta, den smakar fantastisk! Alt godt Har du nokon gong vore forelska? Det merkelege då er at ein kjenner seg mett utan å ete. Dette sjølv om kjærleiken like godt fell på ein lort som på ei lilje. Amors piler kan verte vår beste slankekur, men det spørs kor lenge vi klarer å halde koken. Det er ingen tvil om at mat og kjensler heng saman. Appetitten vår kan i periodar vere stor, og skal maten dekke appetitten kan sjølv ein kval bli liten. Appetitt og mat kan vi dermed ha behov for å skilje og ein kan altså bli mett utan å ete. Såleis er svolt, mat og appetitt tre ulike faktorar. Å gle seg til ei ferjesvele er det mange som gjer, men av og til kjem ein til ei ferje som verken har svele eller svelelukt. Skuffelsen vert stor og ein …

Jakkåbsen og Dag

Dag Frøland døde i dag, 64 år gamal. I mitt tidlegare liv hadde eg ein jobb som gjorde at det å omgås kjendisar vart relativt vanleg, og dermed naturleg for meg. Men to gongar møtte eg Dag Frøland, og begge gongane vart eg stum som ein østers. Er det full av age ein kallar det? Her er eit av hans toppnummer, Jakkåbsen som er så glad i røvvin.

Kjellartaket

Det er kanskje ikkje så mange som har eit kjellartak etablert som blomsterbed, men det har svigermor mi. På heimgarden hennar har dei ein jordkjellar der dei oppbevarer poteter og gulerøtter over vinteren, og den går på ein måte inn i grasbakken. Inngangen er frå nedsida. Taket er flott kvelva, og oppå har ho planta alt som ho har funne tak i av krypande plantar. Det er ein utruleg variasjon og flott fargespel. Tregrinda du ser i bakgrunnen vernar ei fin, ung rogn for elgen, den gamle rogna bles ned for nokre år sidan. Fjellet du ser i bakgrunnen er Tyskeberget.

Eg er

Hjartesmil har funne og omsett eit meme som eg likte. Så då plukkar eg opp tråden her hos meg. Slik går det: eg treng å bli klemt hardt og ofte. eg likar å kunne vere saman med nokon og vere stille, kanskje lese noko, og så prate litt av og til. eg et alt unntatt sild og makrell. Eg trudde lenge eg ikkje likte maki, men no gjer eg det. Misosuppe kan eg også styre meg for, forresten. eg seier ja til ganske mykje, eigentleg. eg seier nei til folk eg ikkje føler eg kan stole på, som er uforutsigbare, aggressive. Fiksar dårleg sinte folk. er er flink til å drodle idéar, å hjelpe folk som skal gjere noko som eg har gjort før. eg les for tida berre matblad og aviser. Eg er mellom bøker. eg ler av situasjonskomikk, av barn som seier søte ting og surrealistisk humor. eg er hjartevarm, omsorgsfull og tydeleg når eg må.  Og stort sett i godt humør. eg har aldri drukke meir enn nokre få milliliter kaffe eller …

Sjokoladelasagne med kokossorbet

Lasagne til dessert? No har ho tørna, tenker du kanskje. Men eg fann ikkje noko betre namn på denne desserten så eg kallar det ein lasagne. Dette er ei dessertkake, ei iskake for å vere heilt presis. Botnen er ein slags sjokolademarengs, og så har eg lagt den i lag med kokossorbet imellom. Mi mjølkeallergiske venninne er alltid på leit etter kokossorbet, det er ein deilig mjølkefri is som smakar sommar, sol og syden. Denne oppskrifta er både mjølkefri og glutenfri. Eg tenkte i mitt stille sinn at kokossorbet må det vel vere råd å lage. Kokosmjølk får ein tak i på boks over alt, og kokosmasse er også i alle butikkar, sjølv om makronsesongen er over. Å eksperimentere på kjøkkenet er ein av mine hobbyar, så dette er resultatet av laurdagens eksperimentrunde. For fleire år sidan fekk eg ein ismaskin av han som eg bur saman med. Vi var ganske ivrige i byrjinga, men det har dabba av med islaginga. Men til kokossorbet er ismaskinen perfekt, så den fekk seg ein luftetur ut av skapet. …

Cartier-kupp

Glasmagasinet sluttar å selge Cartier no i desse tider. No har dei sett fram på salg til halv pris alle saman, så det er mogeleg å gjere eit skikkeleg kupp. Delice er ei deilig duft dersom du vil ha ein velkomponert fruity-floral, og dei har også ein del av Delice Eau Fruitée, som har blitt hylla som ein vinnar av parfymeekspertar verda over. Dei har også So pretty, som eg faktisk ikkje har lukta på, men som sikkert er vel verd ein sniff. Baiser du dragon er dei tomme for dessverre, det er min favoritt. På herresida har dei Pasha, Roadster (den nye i liggande flaske som skal sjå ut som ein bil), Déclaration, Santos og ein til som eg ikkje huskar. (Note to self: Ta bilde. Alltid.) Santos må dei ha henta opp frå kjellaren, den har eg ikkje sett til sals i Norge på mange år. Så viss du er i byen, og er glad i Cartier, så bør du nytte høvet. Ha ein fin laurdag!

Thank someone it’s Friday

Fredagskaffen på jobb er drukken (ikkje av meg, eg drakk te), det stilnar i gangane og eg skal snart gå inn i fredagsmodus. Eg må berre fortelje dokke to viktige ting først. Dette skjer på nytt denne helga, Ila skoles musikkorps har bokmarknad, masse fint, deilig servering og du kan finne skattar du kan gje til dine kjære neste jul, etter at du har lese dei først. Stormberg har Haiti-kampanje i dag. Alle inntekter, ikkje overskotet, men alle inntekter frå sal i dag i deira konseptbutikkar og på nett går til Haiti. Så treng du vottar, stillongsar, fleecegenserar eller skibukser så er det dagen for å shoppe. Det var berre det eg ville seie, ja og så god helg, sjølvsagt, til alle som stikk innom. 🙂

Gratinert brokkoli

Dette er ei fiksfaksfri oppskrift, enkel å lage når ting skal gå fort og lett å lage berre til seg sjølv. Utgangspunktet er eit fint brokkolihovud, eg brukar ferskt. Det blir middag med frosne bukettar og, men det blir meir som ein grateng, og ein tanke meir vassent. Denne kan også lagast i veggisversjon. Spe kvitsausen med kokevatnet frå brokkolien i staden for mjølk. Rør inn riven mjølkefri ost, gjerne litt meir enn det som står i oppskrifta her når du ikkje har mjølk i sausen. og så har du mat til mjølkeallergikarane og veganarane og. Denne oppskrifta er til fire svoltne, lagar du den til deg sjølv så bruk ein bukett og så har du litt ekstra til lunch. Slik gjorde eg det: Gratinert brokkoli 800 g brokkoli 4 ss smør eller mjølkefri margarin 4 ss mjøl 1 liter mjølk eller kokekraft Litt sitronsaft 150 g riven ost Salt, peppar og muskat Set omnen på 220 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og la det surre litt. Slå på mjølk, …

Boudoir

Imagine you are a young man, just passed twenty. You are in Paris, at Pigalle, and have been invited to Moulin Rouge to see a show. Who invited you? You’re not sure, you got a card in the mail, and the instructions said to show it to the man in red uniform at the door. You go there, with plenty of time before the show starts. When you show the card you got to the doorman, he ushers you to the left, through a hidden door in the velvet wall, into the corridors of the Moulin Rouge wardrobes. A elderly woman follows you through the hallway which surrounds the scene. It’s full of equipment, gaffers running back and forth, all with a designated mission. You pass the wardrobe of the chorus, all the girls who are in the lineup for the show which is taking place in less than half an hour. They are putting on makeup, getting their hairpieces together and putting on their stockings and shoes. It’s an electricity in the air, the …

Bedehus under og disco på toppen

Kaka eg lagde her om dagen er ei tradisjonell krydderkake med korintar, der eg kjem frå kallast den bedehuskake. Eg trur oppskrifta kjem frå bestemor mi, og eg huskar ho lagde den med tyttebær i og. Ho dreiv med koppemål og brukte ein bestemt kopp som eg ikkje har arva, så eg har rekna om måla til det metriske systemet. Kaka egnar seg veldig godt til å dele med mange, og den smakar nydeleg med eit stort glas mjølk til. Den er lagd med relativt lite sukker, så den held seg ikkje kjempelenge. Men det gjer ingenting, den vert oppeten med ein gong likevel. Huskar du denne oppskrifta? Der brukte eg zurenbessen, tørka bær av berberis som eg fann i ein innvandrarbutikk. Då eg lagde kaka no sist hadde eg i halvparten korintar og halvparten zurenbessen. Det vart kjempegodt! Det var deilig med dei små syrlege smakseksplosjonane innimellom det søte og krydra. Det som gjorde kaka til ei discokake til slutt var ein søt osteglasur med rosa og lilla strøssel på. Slik gjorde eg det: …

Cannelloni med ricotta og spinat

Dette er ein vegetarisk pastaklassikar, og då eg googla for å samanlikne oppskrifter så fekk eg 27000 treff – på norsk! (Det var kanskje nokre tyske inni der og, spinat heiter spinat på tysk og, har eg lært.) Men iallfall, her får du min variant, som ikkje liknar altfor mykje på nokon av dei åtte-ti eg orka å slå opp. Eg tenkte å prøve ein tomatfri variant, dei oppskriftene eg har sett har ofte tomatsaus eller berre hakka tomatar på toppen. Ricotta kan vere vanskeleg å få tak i. Då kan du bytte den ut med philadelphia eller Tine sin kremost naturell. Cannellonirør er kanskje heller ikkje i alle daglegvareforretningar. Dessutan kostar dei det kvite ut av auga, iallfall dei eg fann hos Gutta på haugen. Du kan ta lasagneplater som du kokar nokre få minutt, slik at du kan rulle dei saman. Lagar du fersk pastadeig lagar du dine eigne rør med deigen, enkelt og billig. Mine cannellonirør var forkokte, så eg kunne fylle dei direkte utan koking. Slik gjorde eg det: Cannelloni med ricotta …

Kjekt å ha

Trine spør om potetpressa mi, og den får du gjerne sjå. Den er perfekt til å lage ein glatt, fin potetmos, og eg har også sett folk presse store mengder bakt kvitløk i den. Den ser ut som ei gigantisk kvitløkspresse. Du finn den på IKEA, Eg trur mi er kjøpt på ein jernvarehandel i Strömstad på ein svensketur. Kjøp ei solid utgåve, det blir eit kraftig trykk på den når ein brukar den. Eg har sett den på Clas Ohlsson og, men fann den ikkje på nettsidene deira, det kan vel tyde på at dei ikkje har den lenger?

Laurdagspizzaen

I går hadde vi ein skikkeleg tradisjonell laurdagskveld, med Grand Prix, laurdagspizza og rømmedressing. Eg brukte denne oppskrifta, og hadde på finhakka paprika, artisjokkhjerte i tynne skiver, bacon og sjalottløk i ringar. Rømmen vart rørt ut med to teskeier av dette urtesaltet og litt ekstra peppar. Mmmm!

Ein kjapp ein

Av og til så må det berre gå fort. Alle kjem heim i ein haug, det er snart fotballtrening, korpsøving eller så er du berre innhol av svolt. I dag får du oppskrift på ein klassikar i matverda, gulasj. Det er ei ungarsk gryte som vanlegvis skal koke i timevis. Min variant har du klar på ein halvtime, og den smakar nesten like godt som den tradisjonelle langkokte. Denne oppskrifta er fin for allergikarar, den er både gluten- og mjølkefri. Viss du har buljong i, så sjekk at det ikkje er mjølk eller gluten i den, viss du har allergikarar til bords. Ordet gulasj betyr gjetarsuppe, men eg er vand med å servere gulasj som ein fyldig gryterett med poteter, ris eller brød som tilbehør. I dag serverer eg gulasjen med ein heimelaga potetmos med selleri. Sellerien er med for å gje smak og litt meir fiber enn potetene har å by på. Potetmosen vert smaksett med pecorino-ost. Den er lagd på sauemjølk, og dei fleste mjølkeallergikarar toler den dermed godt. Parmesanost er ost av …

Litt intern NRK-humor…

Dei raudvinspimpande journalistane med fransk mellomfag som arbeider med kulturnytt i NRK vart rett før jul overført til NYDI, altså saman med resten av nyheitsredaksjonen i NRK, under leiing av John Gelius (så lenge det varer). Som indremedisin lagde dei denne videoen. Moro på jobben! Eit lite skal-vi-danse-kurs kunne kanskje vere neste indremedisinske tiltak? God helg!