All posts filed under: Utstyr

Sylt i veg! Grunnleggande om sylting

Ta vare på gleda og smaken Mat som er tillaga vil alltid gjennomgå ein nedbrytingsprosess, anten på grunn av oksygen, lys, bakterievekst, soppvekst (mugg og gjær) eller endra smak/utsjånad. Å konservere mat har vore ei utfordring for menneska til alle tider. Dei klassiske metodane er tørking, salting og bruk av sukker, eddik, sitronsyre og andre naturlege kjemikaliar i det ein vil konservere.  I tillegg vil steril oppbevaring (hermetisering) alltid konservere svært godt. Mange av dei konserveringsmidla som vert brukt trengst ikkje viss ein er nøye og brukar best mogeleg hygiene og oppbevarer produkta i små porsjonar.  Hjelpemidla våre I dag har vi også mange tilsetjingsstoff som kan hjelpe oss med å oppbevare mat over lengre tid. Mange av desse kjem i enkle pakningar som er lette å bruke i vanleg sylting. For å vere sikker på at det du lagar ikkje vert skjemd, er det fint å vite kva dei ulike stoffa er, og kva nedbrytingsprosessar dei forhindrar.  Det finst to seriar med syltepulver i handelen, Tørsleff og Jam. Det er ikkje store skilnader på …

Det er allereie for mange posar i verda

Ja, det har vore standardsvaret mitt når dei i butikken spør meg om eg vil ha ein pose, når eg likevel står der med ei veske i handa eller ein sekk på ryggen. Men det eg ikkje har klart å gjere noko med er dei tynne plastposane som frukt og grønt kjem i. Når du kjøper poteter i lausvekt må du ha noko å ha dei i. No har eg funne løysinga: Eg har kjøpt handleposar for frukt og grønt hos Fjong fasong. Der finn du posar av alle slag, eg har dei lette, tynne, raude som passar perfekt saman med mine nylonhandleposar frå IKEA. Med fire fruktnett og tre handleposar i veska er eg aldri opprådd. Slik reduserer eg plastsøppelet i huset litt og litt. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Dette er til dømes ei perfekt gåve til den som har alt. Kva skal du gi nokon som har alt? Noko å ha det i. No i helga finn du forresten Fjong fasong på Oslo vegetarfestival, som foregår på DOGA …

Minneeskene våre

I dag kjem eg med eit lite tips for oss som driv med compact living midt i byen. Det er ei utfordring at husveret vert fylt opp med ting av større eller mindre verdi. Mykje får ein seg ikkje til å kaste, det ligg mange fine minne i ting som barna våre har fått eller laga. For mine barn har eg laga minneesker. Ei eske per barn per to år tek vi vare på, så no har vi Agnete 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12, 12-14, 14-16 og no har eg nettopp kjøpt ny til 16-18. Vemund har 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12 og 12-14. Dei som er i bruk no (12-14 og 16-18) står i bokhylla, resten står i vår tørre kjellar. I desse eskene har vi alt som har vore verd å ta vare på gjennom desse åra og som får plass i eskene. I 0-2-eskene har vi den første tannbørsten, favorittsmokken, bursdagskort, bilde, namnedagskjole, dei første nike-skoa og masse anna. Vidare oppover har vi fortsatt med bilde og bursdagskort, og supplert …

Come to mama

Vel, det har eigentleg allereie komt. Her om dagen gjorde eg eit innkjøp som eg har hatt lyst til å gjere lenge. Dette lekre objektivet vart mitt. Eg har lenge vore ein fotoamatør, og det er eg verkeleg framleis. Men med tida har eg sakte men sikkert fått meg litt betre utstyr. No har eg eit Canon 500D kamera med standardlinse, og i tillegg har eg eit 30 mm Tamron fastobjektiv som kan ta bilde under dei mørkaste tilhøve. Dette objektivet, Canon EF-S 17-55mm f/2.8 IS USM, har stått på ønskelista mi lenge. Det tek utruleg klare og fine bilde, og ikkje minst gir det ein fleksibilitet som standardobjektivet ikkje mestrar. Så viss det framleis er dårlege bilde i bloggen er det ikkje lenger kameraet eller objektiva sin feil. Då er det fotografen det er noko gale med. 🙂  

Ein smart dings

Denne innretninga har vore her i huset lenge. Kvar den kjem frå veit eg faktisk ikkje. Men den er veldig smart. Opprinneleg vart den kjøpt for å ha til å oppbevare sko i, hekta på ivarhyllene i kjellaren. Etter kvart vart bruken endra. No heng den i augeskruar under skrivebordet på arbeidsrommet, og passar på ledningar, ein ruter og forskjellig anna rusk som vert liggande under eit skrivebord. Eg har ikkje sett slike som denne etter at den var kjøpt, og eg kan heller ikkje huske kvar den vart kjøpt. Den kan sjå ut som noko som kan kome frå Clas Ohlson eller liknande, men der har dei den tydelegvis ikkje no. Har du sett slike i butikkane? Sannsynlegvis er dei merka som skohyller, men dei kan altså brukast til meir enn det.

Årets nyvinning

Det er ikkje så mykje eg endrar på frå år til år når det gjeld juleførebuingar, men av og til dukkar det opp noko som gjer at ting går lettare og betre. Eg opplevde det då eg oppdaga silikonmatter, det var eit enormt framsteg i forhold til bakepapir, som eg brukte i mange år. I år er det dette geniale brettstativet som har redda julebaksten. Det har eg kjøpt hos Clas Ohlson for ikkje spesielt mange pengar, og det gjer underverk med benkeflatene mine. Det har fire “armar” som stikk ut og held bakebrett og rister på plass i høgda. Kjøkkenet mitt er ikkje spesielt stort, vi driv med compact living her midt i byen. Og benkeplatene mine har kontinuerleg vore dekt av rister og brett under julebaksten, nokre står for å kolne, andre for å få kaker på seg, dei tredje berre står i vegen. Men med dette stativet har eg plutseleg masse benkeplass igjen! No står både bretta som skal kolne og som ventar på å få kome i omnen i stativet, og …

Berre maten…

Dette er altså berre det som handla om mat i koffertane våre. Der var fire flasker vin til, dei kom ikkje med på bordet. Men her ser du altså deilig italiensk mat som skal bli vinterkos, julegåver, vennegåver og bestikkelsar. Litt fiffige kjøkkenutstyrsgreier er det og der. (Beklagar det elendige bildet, iphone. Batteriet til kameraet mitt er daudt, og ladaren har ingen sett. Uff, uff.)

Knocking ourselves out

London ligg og freistar ein time med toget frå Oxford. I og med at enkelte i familien har ei sterk og uthaldande evne til shopping, medan andre ikkje har det, kan det i slike situasjonar vere best å splitte opp familien for å hindre uvennskap og trykka stemning. Difor foreslo eg i torsdag kveld for min kjære at hankjønna skulle bli att i Oxford fredag, medan vi damene skulle utrette store ting i storbyen. Han syntest det var fornuftig, og tok på seg ansvaret for å halde aktivitetsnivået oppe blant dei mannlege medlemmane i familien medan vi var borte. Vi damene satte oss på toget til London i titida, og gjekk i gang med powershopping med krum nakke. Eg må innrømme det; eg har fostra eit luksusdyr. Mitt eige forbruk er ganske moderat syns eg sjølv, det eg har av solbriller er kjøpt på Hennes & Mauritz, og eg har ingen vesker som kostar meir enn 800 kroner. Av bitter erfaring veit eg at eg har ein tendens til å rote bort ting, eller dei vert …

Nye dansesko…

I september var eg på Storo og sjekka ut det nyopna kjøpesenteret, og i ein skobutikk fann eg dei perfekte danseskoa. Eg har alltid vore glad i sko frå Gabor, og der sto dei, perfekte, med raud såle, glatte og fine for å fungere på dansegolvet, og med ei lett stropp over vrista for å site godt på gjennom ein tango. Men finansane var elendige, så eg lot dei stå. I går var eg der igjen. Eg hadde ikkje gløymt skoa, men det var for usannsynleg at dei skulle ha dei att i min storleik. Fjortenåringen var tolmodig, og vart med meg for å sjå om dei sto der. To par hadde dei att, eit par i str. 37 og eit par i min storleik. Dei er like perfekte som dei var i september, og no syns eg at eg fortenar dei, for å ha venta så lenge. Eg drog kortet, og no er dei mine. Er dei ikkje flotte? Mine er ikkje semska, men i glatt skinn. Og med lysande raud såle, sjølvsagt. Lekkert!

Mor har fått maske!

Inspirert av min eigen vintersyklingstråd her inne på tirsdag så har eg sjekka marknaden for pustemasker for idrett. No har eg vore på Oslo Sportslager, og lagt att nokre pengar for å skaffe meg denne flotte maska. Dei andre hadde ein slik tut, og eg fekk litt romlingane-kjensle. Det er eg alt for forfengeleg til å gå med. Denne derimot, hadde ein slags kamo-dekor, men ikkje verre enn at eg kan gå med den. Eller sykle, for å vere heilt presis. Eg spurte han som selde meg den kor ofte eg måtte skifte filter i den. “Når du ser at det har blitt misfarget”, sa han. Eg trur ikkje han har teke omsyn til alt det kvinner går med i ansiktet. Mi maske er allereie lettare misfarga av eit lag med Max Factor Lasting performance i fargen pastelle, og i midten ein liten stenk av Estee Lauder Michael Kors Lipgloss i fargen Very Hollywood. Men så har eg ikkje sett så mange damer med slike masker heller. Uansett, sjølv om eg føler meg som mammaen …

Nye pepparkakehusmetodar?

I alle år har eg bakt pepparkakehus etter same teknikk, Deigen har blitt kjevla ut på dropsmatter, og huset har blitt stansa ut med ei stor, rektangulær form, og det heile har blitt limt ihop med smelta sukker. No har eg sett ein ny patent på marknaden, med plater som låser seg i kvarandre. Kan det fungere? Eg ser for meg at ein føresetnad må vere at huset ikkje vert flytta frå eit bakebord til steikeplata før steiking. For då vil det misse fasong. Deigen må kjevlast ut på matta den skal steikast på, då kan det til nød gå. I tillegg går eg ut frå at ein må passe godt på tjukkleiken til deigen. Peppakakedeig hevar seg, og då kan eg ikkje forstå anna enn at det må vere ein presisjonsjobb og ei utfordring å få dei ulike delane til å passe saman. Men eg tek imot alle fungerande nyvinningar med takk og ære. Så difor lurer eg på; har nokon av blogglesarane mine testa ut dette, og funkar det?

Hybelutstyr for hybelfolk

På ein liten hybel med varierande fasilitetar og med eit studielån som fordunstar utan solskin kan det vere ei utfordring å få til god og spennande mat utan å gå konkurs. Her får du nokre tips som kan inspirere til utprøving og eksperimentering i matvegen. Det viktigaste når ein skal lage god og rimeleg mat er å ha nokre basisvarer i huset, slik at ein slepp å kjøpe alt når ein skal ut og handle. Pass på når ting er på tilbod, eller sjekk ut innvandrarforretningane der du bur, dei er ofte veldig billige på tørrvarer som toler langvarig lagring. Spesielt ris, pasta, chilisaus, soyasaus og soltørka tomatar er mykje billigare hos våre nye landsmenn enn på rimirema. Det klassiske hybeltrikset er å invitere foreldra dine på besøk, og så gå i butikken. Då betalar dei, og du kan få handla litt basisvarer som du kan ha mykje moro med. Styr unna einmannsmiddagar og ferdigpizza. Det er dyrt, og smakar ganskje kjedeleg. Du får det mykje betre til sjølv. Suppler med nokre grønsaker som held …

Akkurat det eg trengte…

Heldigvis har barna her i huset aldri hatt noko lidenskapeleg forhold til Hello Kitty. Det er mogeleg dei første augeskuggane og lipglossane var det, bortsett frå det har vi vore spart for denne manien. Men for dei av dokke som har eller bur saman med personar med slike fetisjar: Her er det ultimate søndagsfrukosttilbehøret. Ein dings som formar eit blautkokt egg til Hello Kitty-fasong. Go figure! (For meg ser det mest ut som ei potte…)

Everything must change

Før såg det slik ut: No ser det slik ut: Eg var i Kristiansand før jul, og ved flybussen låg det ein fin bruktbutikk. Der sto dette kaffe-/teserviset og venta på meg. Dei hadde nettopp fått det inn, og det er komplett til 12, utan eit einaste kantslag. Det har blitt brukt, for det er ørlite misfarging inne i koppane, men ikkje meir enn at det berre er sjarmerande. Det er merka med Porsgrund og talet 61. Er det ikkje lekkert? Det er så tynt at du lett ser fingrane igjennom porselenet. Eg anar ikkje kva det heiter, og når det vart lagd. Viss det er nokon som er innom og kjenner det så vil eg veldig gjerne vite. Eg veit der finst nokre bøker om gamalt porsgrund-porselen, så eg får leite litt på eiga hand og. Ha ein god søndag!

Kjekt å ha

Trine spør om potetpressa mi, og den får du gjerne sjå. Den er perfekt til å lage ein glatt, fin potetmos, og eg har også sett folk presse store mengder bakt kvitløk i den. Den ser ut som ei gigantisk kvitløkspresse. Du finn den på IKEA, Eg trur mi er kjøpt på ein jernvarehandel i Strömstad på ein svensketur. Kjøp ei solid utgåve, det blir eit kraftig trykk på den når ein brukar den. Eg har sett den på Clas Ohlsson og, men fann den ikkje på nettsidene deira, det kan vel tyde på at dei ikkje har den lenger?

Dropsmatter – litt research

Då eg lagde pepparkakehus reklamerte eg for dropsmatter eller silikonmatter til å bake på. Desse mattene er tunge og gummiaktige, så dei sklir ikkje hit og dit når du kjevlar. Dermed kan deigen kjevlast rett på mattene, og pepparkakene mistar ikkje fasongen fordi du må flytte dei over på steikebrettet. Resten av året kan mattene brukast i omnen under pizza, rundstykke, småkaker og juneimit. Eg har kjøpt mine i København, men eg meinte å ha sett slike matter hos Panduro. Eg var nedom byen her om dagen, og stakk innom Panduro. Dei hadde denne matta som du ser underst på bildet, den kosta 359,-, trur eg. Eg syntest det var dyrt, men sidan alternativet var ein tur til København så var valet enkelt, og eg kjøpte den. Då eg kom heim tok eg fram mine to gamle. Når eg la ut den nye oppdaga eg at den er dobbelt så stor som den eg har. Dermed har eg to nye matter! Den mørkebrune du ser til venstre har blitt pensjonert, og dei to nye og den …

No i desse smittetider

-Korleis halde tastaturet reint? Eg deler min mac med dei to barna her i huset, og dei insisterer på at dei ikkje et ved tastaturet. Kvar kjem så alle brødsmulane frå? Det lurer eg på. Denne produsenten har funne opp det sjølvrensande tastaturet. Rensinga skjer ved hjelp av infraraud stråling, og fjernar alle bakteriar og virus. Den er sikkert fin i kontormiljø der fleire delar same maskin, som i laboratorium og slikt. Men kvar puttar dei infraraude strålane brødsmulane? Kanskje der er ei brødsmuleskuff som under brødristaren?

Den fine dingsen min

Eg har fått spørsmål om den fine grønsakstripelagaren min, som eg lagde gulrottilbehør til laksen i går med. No har eg teke nokre nærbilde av den, den er mykje mindre enn ein skulle tru. Ingen stor, komplisert mandolin her, nei. Compact living, det er det vi driv med her innanfor Ring 2. Vi kan ikkje ha ting som tek for stor plass. Med denne kan du lage strimlar eller “spagetti” av gulrøtter, squash, kålrot eller persillerot. Det er fort gjort, og gjer seg like godt som tilbehør til festmiddagar som til barnemiddagar der ein må lirke grønsakene inn i ungane. Viss du har strimla gulrøttene først går det fort å kutte dei sidevegs og, slik at du kan putte dei i pastasausar eller supper. Mykje moro med liten dings, altså. Dingsen heiter peel appeal, og eg trur eg kjøpte den på glasmagasinet. Eg har sett den på nettet mange plassar, så den burde vere lett å få tak i, og ikkje minst få sendt i posten, bitteliten som den er. Det finst potetskrellarar i same …

Med godt utstyr

-er halve jobben gjort, har eg lært. I denne posten fortalde eg om dei gulle gode aluminiumsgrytene mine som eg fekk/kjøpte då eg flytta heimafrå. Det nærmar seg 23 år sidan, og eg trur eg har bytta ut ei av dei. Men ved nærare ettersyn kunne eg dessverre konstatere at dei berre såvidt er i kontakt med komfyren. Den eine hadde kontakt i ein runding på ca. fire cm i diameter midt under. Den andre og den tredje hadde kontakt i ein ring ytterst, men ikkje i midten. Eg måtte altså trø nedover såretåa og investere. Mannen min byrja, med å gi meg ei flott Eva Trio-gryte til jul. (Jada, ikkje veldig romantisk, men ikkje bruk det imot han. Ein kan ikkje få juvelar kvart år, veit du.)  Så skulle Jernia kompensere for finanskrisa, og selde tre gryter for prisen av to. Eg kunne ikkje stå imot freistinga, så no er dei slitne aluminiumsgrytene vandra til dei evige grytemarker, og vi har fått nye, solide gryter i hus. Det viktigaste når ein skal kjøpe gryter …