Utstyr
Comments 12

Med godt utstyr


-er halve jobben gjort, har eg lært. I denne posten fortalde eg om dei gulle gode aluminiumsgrytene mine som eg fekk/kjøpte då eg flytta heimafrå. Det nærmar seg 23 år sidan, og eg trur eg har bytta ut ei av dei.

Men ved nærare ettersyn kunne eg dessverre konstatere at dei berre såvidt er i kontakt med komfyren. Den eine hadde kontakt i ein runding på ca. fire cm i diameter midt under. Den andre og den tredje hadde kontakt i ein ring ytterst, men ikkje i midten. Eg måtte altså trø nedover såretåa og investere. Mannen min byrja, med å gi meg ei flott Eva Trio-gryte til jul. (Jada, ikkje veldig romantisk, men ikkje bruk det imot han. Ein kan ikkje få juvelar kvart år, veit du.) 

img_5411Så skulle Jernia kompensere for finanskrisa, og selde tre gryter for prisen av to. Eg kunne ikkje stå imot freistinga, så no er dei slitne aluminiumsgrytene vandra til dei evige grytemarker, og vi har fått nye, solide gryter i hus.

Det viktigaste når ein skal kjøpe gryter er at godset er tjukt, og særleg botnen må kunne tole temperatursvingingar og hardhendt handsaming. Eg har to stålgryter, men dei er ikkje så gode til mjølkemat. Desse nye som eg har kjøpt har aluminiumskjerne, altså same eigenskapar som dei høgt elska Høyang-slitarane, og dei tek mine kjøkkenutfordringar utan å kny.

Dei gamle tolte dessutan ikkje oppvaskmaskin særleg godt, dei fekk eit underleg, loddent belegg på utsida, sikkert ei form for oksydering, som måtte pussast bort med stålull, om ein gadd det. Dei nye har eit lag stål utanpå aluminiumen, og tek ikkje skade av å gå i maskina. I tillegg slepp du gråskjæret som kvitsausen kunne få når du brukte stålvisp i aluminiumsgrytene.

img_52761Dette er ikkje reklame, eg er ikkje sponsa verken av den eine eller den andre. Men livet og kokkeleringa har lært meg at solide gryter varer gladeleg i 20 år. Tynne, billige gryter varer kanskje i to-tre år før dei er ustilige og bulkete. I tillegg løsnar belegget og hankane, og maten svir seg. Så kjørel som du skal ha glede av lenge lønner det seg å legge litt pengar i.

Ta ein sjekk i skapet, så ein tur i butikken, og lag deg ei ønskeliste med namn, storleik og nummer. Kanskje du er like vanskeleg å kjøpe gåve til som eg er? Då er det berre ein letnad å få høyre kva du aller helst vil ha, ikkje sant?

This entry was posted in: Utstyr

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

12 Comments

  1. Gratulerer med nye gryter! Eg har ei mor som har lært meg at aliminium er fyfy til alt anna enn melkemat, så det har eg litt i blodet. Det dukker jo også med jevne mellomrom opp avisartiklar som nevner aliminium i sammenheng med Altzheimer, og det er jo aldri gøy å lese. Korleis det er no om dagen på den forskningsfronten veit eg ikkje, slikt kan jo svinge med jevne mellomrom. Oi, det er livsfarlig, men no: Nei ikkje.. og kanksje plutselig livsfarlig å la være!

    Eg har ei kjempefin aliminiumspanne som er rød på utsida. Bruker den nokken ganger til pastavatn, men tenker ååå blir eg litt senil no mon tru? Så det høyres topp ut med aliminiumskjerne. Det trur eg til og med mor mi kunne godtatt.
    🙂

    Og ja: Så enig, så enig! Kjøp kvalitet, det lønner seg på de fleste områder. Og no i disse miljøtider, så sier vi nei til bruk og kast! Kjøp ting som varer!

    Likar

  2. Stålbelagt aluminium, altså? Stålbelagt inne også? Og mjølkematen svir seg ikke fast i dem? Er det sant, så er det supert!
    Er ikke glad i teflon og denslags, nemlig, så hos oss er det enten stålkjeler eller jerngryter. Og noen gamle, slitne aluminium til mjølkemat, overmodne for utskifting.

    Likar

  3. Veldig enig i at godt utstyr er halve jobben. Det litt irriterende i øyeblikket, men retrospektivt ganske praktiske med å skille seg, er at man gjerne må kjøpe mye nytt utstyr. Jeg hadde derfor en gyllen mulighet til å velge gryter og kniver selv. Det var deilig, det. Nå er det en fryd å kokkelere. (Hadde kanskje vært enda bedre med et kjøkken med en skikkelig komfyr i stedet for hybelkomfyr, og noe mer benkeplass enn en liten halvmeter, men det får heller komme etter hvert 😉

    Likar

  4. RandiF says

    For noen år siden investerte vi i Zepter-utstyr til kjøkkenet. Rådyrt, men med evighetsgaranti….

    Likar

  5. Eg er skeptisk til konsepta til Saladmaster og Zepter. Når selgaren må kome heim til deg og lage middag for å selje, og prisen er mangedobbel ift dei beste produkta i vanlege butikkar er det noko muffens seier innkjøparen. Ein evig garanti er heller ikkje mykje verd viss firmaet vert borte ein dag.

    Eg veit ikkje kor senile vi blir av aluminium, men det er verd å notere seg hovudregelen om at ein skal oppbevare mat i ting som er laga for å oppbevare mat i, altså boksar. Gryter er til å lage mat i, ikkje til å oppbevare den i. Får du restar skal dei over i ein boks, kjølast ned og i kjøleskapet eller frysaren.

    Likar

  6. Endå ein ting som er verdt å merke seg, er at bulkete grytebotnar er dårleg ENØK, i alle høve dersom ein nyttar ventilator. Med andre ord, negativt både for miljø og lommebok.

    Likar

  7. Jeg har noen sånne Eva Trio gryter og de er kjempegode. Og de holder seg godt. Familien pleier å være flinke til å gi oss kjøkkenutstyr, så skapene er rimelig fulle 🙂

    Likar

  8. Berit says

    Nå maser jeg vel. Mas, mas: Kan en virkelig bruke kjelene med aluminiumkjerne og innvendig stålbelegg til mjølkemat uten at det legger seg ved???

    Likar

  9. Sorry, Berit, eg var litt sløv. Ja, med normal røring (som i dei gamle grå) legg det seg ikkje ved i desse grytene. Det er heilt annleis enn dei blankpolerte stålgrytene som t.d. Høyang all steel.

    Likar

  10. Aluminium tåler ikke oppvaskmaskin. Det er noe min kjemiker-mor har lært meg. Og det bekreftes av egen erfaring: Det blir grått, matt og får enn litt ekkel overflate.

    Dessuten fungerer ikke aluminium på induksjonskomfyrer, med mindre de har blitt utstyrt med en magnetisk kjerne. Ikke noe slår induksjonskomfyrer. Så hos meg er det ikke mye aluminium igjen.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s