Den første julebaksten – heimelaga knekkebrød
Det å bake til jul er ein fin tradisjon. Eg likar å bake dei søte kakene ganske tett oppunder jul. Det reduserer svinnet, og gjer at dei smakar ferskt og godt når julegjestane kjem. Viss du har bakelyst no, så er dei tørre brøda det beste å byrje med. Det du kan fryse ned kan også bakast no, eg har allereie to julekaker i frysaren, men det kan vi snakke om litt seinare. I dag skal du få lære å lage to deilige sortar knekkebrød, perfekt til å servere på julebordet, med sild, leverpostei eller smakfulle ostar. Lurer du på om det er noko spesielt med heimelaga knekkebrød, så vil eg berre tilrå at du testar det ut. Dei blir så gode, og ganske annleis enn dei du kjøper. Dessutan kan du variere krydring og smak, på den måten får du ulike variantar til ulik bruk. Dei krydra knekkebrøda kan du smaksette på ulike måtar. Eg har laga to variantar, ein med urter og ein med søte krydder. Der valde eg anis, fenikkel og spisskummen. …