Stylterottemeny (hva rådyrene spiser hos meg)
Her er mi huskeliste for hagesentershopping. Då veit eg kva rådyra (AKA stylterottene) ikkje et. Takk, smgj!
Her er mi huskeliste for hagesentershopping. Då veit eg kva rådyra (AKA stylterottene) ikkje et. Takk, smgj!
Eg har som målsetting i sommar å spise litt grønare, litt mindre kjøt til kvart måltid, heilt enkelt. Då må ein bruke fantasien, og finne nye måtar å sette saman eit måltid på, slik at det vert balansert og godt, samtidig som det mettar. I dag har eg laga burgerar eller lappar av squash og chevre, som eg serverer med bakte grønsaker, dobbeltbakte poteter og ein deilig coleslaw til. Finn du ikkje chevre i butikken så sjå etter den norskproduserte osten Haukeli. Du kan også bytte ut chevren med fetaost. Burgerane har eg henta inspirasjon frå Green Bonanza til, men laga min eigen vri på dei. Du kan også servere burgerane med brød, men eg hadde kokte poteter liggande, og med litt blåmuggost på vart dei eit knallgodt tilbehør. Er du ikkje så glad i blåmuggost kan du godt bruke ein annan smaksrik ost. Eg har gjort dette med brie eller med rause mengder parmesan, begge delar vart knallgodt. Coleslaw er ein amerikansk spesialitet som kjem i uendeleg mange variantar. I dag fann eg nykål …
Dette er ein luftig og smakfull sjokolademousse, som bør toppast med jordbær. Smaksmøtet mellom sjokolade og jordbær blir berre aldri feil. Desse bæra var rett nok frå Holland, dei norske har ikkje komt enno, så kald som juni har vore i år. Denne porsjonen er nok til fire porsjonsglas med sjokolademousse. Det finst mange måtar å lage ein sjokolademousse på, denne er blant dei enklaste, trur eg. Du kan smaksette moussen på ulike måtar, med eit par skeier rom, litt appelsinmarmelade eller med litt espressokaffe så det blir ein mokkamousse. Bland i så fall smakstilsettinga i fløten når den har blitt varm. Sjokolademousse 2 plater gelatin 1 dl kremfløte 150 g sjokolade, finhakka 2 egg 60 g sukker Jordbærtopping: 200 g jordbær 2 ss sukker Pisk eggedosis av to egg og sukker. Sett til side. Legg gelatinen i bløyt i kaldt vatn. Ha fløten i ei gryte, og la den forsiktig koke opp. Ta gryta av plata. Kryst gelatinen fri for vatn, og ha den i fløten. Rør til den er oppløyst. Ha i sjokoladen, og rør til …