Mat, Veggis
Kommenter innlegget

Sommarveggis


Eg har som målsetting i sommar å spise litt grønare, litt mindre kjøt til kvart måltid, heilt enkelt.

Då må ein bruke fantasien, og finne nye måtar å sette saman eit måltid på, slik at det vert balansert og godt, samtidig som det mettar. I dag har eg laga burgerar eller lappar av squash og chevre, som eg serverer med bakte grønsaker, dobbeltbakte poteter og ein deilig coleslaw til. Finn du ikkje chevre i butikken så sjå etter den norskproduserte osten Haukeli. Du kan også bytte ut chevren med fetaost. Burgerane har eg henta inspirasjon frå Green Bonanza til, men laga min eigen vri på dei.

Du kan også servere burgerane med brød, men eg hadde kokte poteter liggande, og med litt blåmuggost på vart dei eit knallgodt tilbehør. Er du ikkje så glad i blåmuggost kan du godt bruke ein annan smaksrik ost. Eg har gjort dette med brie eller med rause mengder parmesan, begge delar vart knallgodt.

Coleslaw er ein amerikansk spesialitet som kjem i uendeleg mange variantar. I dag fann eg nykål i butikken, og den fekk vere med på festen. Nykål er tynn og lett i blada, og sjølv om den er god nykokt med smør og salt på så toler den godt å bli sett på bordet utan noko særleg varmebehandling. Finsnitta i ein god dressing passar den perfekt som grilltilbehør eller til mine saftige squashburgerar.

IMG_0115Squashburger

2 squash

150 g chevre utan skorpe

2 egg

Ein gul løk

2 fedd kvitløk

1 ts sitronsaft

5 ss kveitemjøl

1 ts salt

¼ ts nykverna peppar

Sett steikeomnen på 200 grader.

Riv squashen grovt, eg brukte matmølla til dette. Legg eit reint kjøkkenhandkle (utan skyllemiddel!) i eit såld, og ha squashen over i handkleet. Dryss på litt salt, og la det stå litt og renne av.

Finhakk løk og kvitløk, og bland det med egga og osten i ein bolle. Press så mykje væte som mogeleg ut av squashen ved å forme handkleet til eit knyte, og vri rundt slik at væta kjem ut, men squashstrimlane er inni handkleet. Bland squashstrimlane i eggeblandinga, og smak til med sitronsaft, 1 ts salt og peppar. Rør inn kveitemjøl til det heile får ein passe konsistens.

Legg massen på eit bakepapir på eit bakebrett, og sett det inn i omnen på 200 grader. La det steike i 15 minutt, før du tek brettet ut og snur på kakene. La dei steike i 15 minutt til, gjerne med litt grillvarme på slutten. Følg godt med så dei ikkje blir brende.

Coleslaw

300 g kvitkål, eg brukte nykål som har tynne, fine blad

2 ts sitronsaft eller ein god lys eddik

3 ss majones

3 ss kesam

1 ts honning

Salt og peppar

Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke, eller ein sylskarp kniv. Legg kålen i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt på salt. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering.

Bland alt til dressingen, men vent med å salte meir. Bland saman dressing og snitta kål, og rør godt. Smak til med peppar, og om nødvendig, litt salt.

IMG_0112Dobbeltbakte poteter

1-2 kokte/bakte poteter per person

3-4 ss smelta smør

60 g blåmuggost

Salt og peppar

Finn fram ei eldfast form og bakepapir, legg bakepapiret i forma. Legg potetene i forma, og hald rundt kvar potet medan du krasjar den med ei skei eller ein potetstappar. Har du ein slik kjøttdeighakkar kan du sikkert bruke den og. Pensle potetene med smør, og dryss på salt og peppar. La dei bake på 200 grader i 20 minutt. Ta dei ut, og legg på blåmuggost. La potetene får 10 minutt på 230 grader før servering, slik at dei vert brune og fine, og osten smeltar.

IMG_0113Bakte grønsaker

Ei eske (250 g) sjampinjong

5 små raudløkar

2 ss flytande bremykt

2 ss grillsaus frå flaske, eg brukte ein med kvitløk og honning

Bland saman bremykt og grillsaus i ein bolle. Vask soppane og fjern eventuell mold. Rens løkane, og del dei i båtar.

Ha sopp og løk i bollen, og vend dei rundt til dei er dekt av saus. Hell dei over i ei eldfast form, og la den stå nederst i omnen i 30-40 minutt til alt har blitt mørt og godt. Rist gjerne nokre pinjekjerner i salt til å drysse på.

IMG_0109

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s