Month: april 2011

Ostebrød frå Berlin

Kva et dei i Berlin? Det fekk vi høve til å finne ut då vi var der no i påska. For meg er matstellet på nye stader ein av dei viktigaste grunnane til å reise. Det er alltid spennande å sjå korleis det ein et endrar seg frå land til land. Like spennande kan det vere å sjå likskapane, at du finn dei same rettane frå land til land, berre med nye namn. Det tyske kjøkkenet er veldig variert, som det naturleg er i eit land med over åtti millionar innbyggarar. Pølser og øl er sterkt tilstades, men tysk mat er også inspirert av polsk og tjekkisk mat, og frå deira nye landsmenn, i overvegande grad tyrkarar. Difor finn du gulasj-liknande rettar side om side med falaffel, døner kebab og pitabrød.  Nettopp pitabrødet har inspirert mi tyske venninne til å lage eit ostebrød. Pitabrød i Tyskland er ikkje små, runde ”lommer”, men store flotte leivar med sesamfrø. Ursula fyller brødet med ein krem av fire ulike sortar ost, krydra med kvitløk. Kvar gong vi kjem …

Eg kan nesten ikkje tru det

Emma Kirkby syng i Oslo på tirsdag! Barokkanerne har konsert på Caféteatret, og har med Dame Kirkby som solist. Dette er eit sjeldant høve, så vidt eg veit var ho i Noreg sist i 2005 under kyrkjemusikkfestivalen. Skund deg, billettane vert sikkert fort utselde. http://www.billettluka.no/cafeteatret Turnéen denne gongen ser slik ut: • Søndag 1/5 kl. 1900: Arena scene i Moss • Mandag 2/5 kl. 1930: Hedmarksmuseets aula, Musikkens venner Hamar og omegn • Tirsdag 3/5 kl. 1930: Cafebarokk, Cafeteatret i Oslo • Onsdag 4/5 kl. 2000: Resonans, Gjøvik Emma Kirkby har ein vakker, slank renessanse-/barokksopran, størst inntrykk på meg gjorde ho i ei innspeling av Pergolesis Stabat Mater som eg har skrive om tidlegare her i bloggen. Ho burde vere mykje meir kjent enn ho er, så uttrykksfullt, vakkert og presist som ho syng. Her får du høyre ei innspeling av An evening hymn av Henry Purcell. Now that the sun hath made his flight and bids the world goodnight to the soft bed my body I dispose, but where shall my soul repose ? Dear God, even in …

Eg kjedar meg…

1. Navnet ditt stavet baklengs? tdog tla 😉 2. Hvor ble foreldrene dine født? Sunnmøre og Målselv 3. Hva er det siste du lastet ned på PC-en din? Ei oppdatering av Itunes 4. Hva er favorittrestauranten din? Trattoria Muntagniola i Berlin. 5. Når svømte du sist i et basseng? Huskar ikkje… 6. Har du noensinne deltatt i et skoleteaterstykke? Jepp, eg var ein av assistentane til Christoffer Colombus på hans strabasiøse ferd over Atlanteren. 7. Hvor mange barn vil du ha? Eh, to er nok. 8. Hva slags musikk misliker du sterkest? Danseband. 9. Har du stemmerett? Ja? 10. Har du kabel-tv? Ja. 11. Har du noensinne kjørt moped? Ja. 12. Har du noensinne tulleringt til noen? Har eg kome til Furu? Nei, dette er hos Gran. Oj, då har vi klatra opp i feil tre. Svaret er ja. 13. Har du noensinne fått parkeringsbot? Ja. 14. Har du lyst til å hoppe i strikk eller fallskjerm? Nei. 15. Det fjerneste stedet du noensinne har reist til er? (Altså det som ligger fjernest fra ditt …

Ned i undergrunnen

Neida, eg er ikkje borte. Men dei siste dagane i Berlin vart tilbrakt med «meine Berliner Mutti», ei venninne av mora mi som har teke på seg ansvaret for å vere mor for meg når eg er i Berlin. Det har kome vel med tidlegare, men det er ei anna historie. Ho er gull, den dama, og familien hennar og. Men internett har ho ikkje, difor har du ikkje høyrt så mykje frå meg. Laurdag var vi i Berliner Unterwelten. Det er eit slags museum under bakken, der ein får tilgang til å vandre rundt i gamle bunkerar og bomberom, og ein får også sjå på nymotens bomberom i tilknyting til u-bahn-systemet i Berlin. Dei gamle bunkerane vart bygde i samband med at u-bahn-systemet først vart bygd. Dei var av svært dårleg kvalitet, og ville nok ikkje tolt særleg mange påkjenningar, men likevel vart dei flittig brukt under luftraida inn over Berlin under andre verdskrigen. I dei gamle bunkerane var det ikkje lov å ta bilde. I dei nye bunkerane, som faktisk kan ha ein …

Ein urban dag

I går var vi så kulturelle og hageorienterte, i dag var vi meir urbane av oss. Etter ein lang og sein frukost dro vi inn til byen og såg checkpoint Charlie, minnesmerket over jødane som døde under andre verdskrigen, Gendarmenmarkt og Brandenburger Tor. Undervegs fann vi ein fin sushibar ved hjelp av Google maps. Det fungerer faktisk! Sushien var både saftig, frisk og god, men ein smule på den dyre sida. Men den var likevel så og seie gratis, samanlikna med dette prakteksemplaret av fenomenet bil; Bugatti Veyron. Fin, ikkje sant? Men altså, eg skulle ha hatt ganske mykje pengar til overs før eg i det heile teke vurderte å skaffe meg ein slik.

Ein hagedag

Vel, ikkje berre hage. Vi tok ein tur i Pergamonmuseet, der hovodobjektet er  det gjenoppbygde Pergamonalteret frå Bergama i vestlege Tyrkia. Fantastisk! Det er store dimensjonar over dette byggverket. Men så hamna vi ut i det grøne. Eg har eit prinsipp: Når ein lokal person inviterer deg med på noko, sei alltid ja. Du får garantert ein unik opplevelse. Vi vart invitert med på ein togtur over ein halvtime utanfor sentrum, til Marzahn. Der fekk vi sjå Gärten der Welt. Det var ubeskriveleg vakkert, særleg for meg, som kom frå eit Norge som ikkje hadde bytta farge frå grått til grønt enno, iallfall ikkje då eg dro. Men først måtte vi sjå på desse to mennene som sto og vippa på eit tak: Deretter bar det inn i hagen, som inneheldt velkomponerte bed og temahagar. I den kinesiske blomstra magnoliaene. Overalt var beda fylt med flotte sommarblomster og løkplantar. I den japanske hagen fann vi vassfall, rhododendron og dei lekre, raka gruslagde flatene. Og i den balinesiske hagen fann vi lekre orkidéar som liknar på …

Dei gamle egyptarane…

…heldt på i hagen, dei og. I Neues Museum har dei ei imponerande samling av egyptisk kunst, både i stein, i tre og på papyrus. Eg syns denne jenta med ein katt var så søt, figuren er ikkje meir enn 20 cm og skoren i tre. Her er teiknet for Egypt: Dette bildet er teke frå toppen av Berlinerdomen. Ser du hjartet?

Hulter til bulter

Rapportane mine blir litt hulter til bulter, men det får vere. Dagane er hulter til bulter og, så det er eigentleg ganske representativt for reisa vår. Detaljplanlegging er ikkje blant våre satsingsområde. Vi var og såg Topographie des Terrors, den store utstillinga som beskriv korleis det Hitlerstyrte tyske riket oppsto, regjerte og fall. Skræmande, grundig og tankevekkande. Bildet under er av eit datakort (!!) som vart brukt for å måle og beskrive kroppslege karakteristika. Hvorfor gjorde de det da, spurde femtenåringen, og eg vart svar skuldig. Det var litt trivelegare på Alexanderplatz, der hadde dei funne eit høve til å lage fest, det var ganske enkelt ein vårfestival, med telt, servering og underhalding. Vi vart imponert over store gryter med gulasj, steikt sopp, poteter og masse andre gode greier. Dei kan krangle så busta fyk, desse to barna mine, men av og til er dei uendeleg søte mot kvarandre. Eg kunne ikkje anna enn å slakke på, og ta eit bilde av dei då dei gjekk bortover mot Potsdamer Platz.

Fine dagar i Berlin

Her ser du parymehimmelen: Første etasje på KaDeWe i Berlin. Dei har faktisk fleire merke ann Printemps og Lafayette i Paris. Eg fann ikkje Diptyque og L’Artisan, elles var alle dei store, og ei uendeleg mengde små leverandørar der. Femtenåringen fekk seg eit par veldig, veldig kule solbriller frå American Apparel: Og så dro vi tilbake til Trattoria Del Muntagniola, og traff att sjølvaste fjelljenta, som har gitt namn til restauranten. «Die Mamma» har vore med sidan starten, og er opphavet til alle oppskriftene. Ho snakkar praktisk talt ikkje tysk, men er ein solstråle, som kvar kveld sjekkar at gjestane har det bra. Vi var der sist i 2002, og ho som no er femten fekk teikne på papirduken på bordet, og syntest det var kjempestas. No fekk vi alle møte att fru Montagniola, og eg fekk teke eit bilde. Restauranten ligg i Fuggerstrasse 27, bak KaDeWe, om du vil ta turen dit. Be om capunata til forrett, du blir ikkje skuffa.

Eksponeringsterapi

Viss du syns slangar er litt slitsomt å ha i nærleiken kan du vere glad du ikkje var i Zoologische garten i går: Denne dvergflodhesten var ganske søt, ikkje sant? Og for ordens skuld: Mor var heime og jobba. Eg sat med manuset til kokeboka, aller aller siste korrektur. Men femtenåringen tok fine bilde, også nokre berre for å glede mora si:

Den har byrja.

Blomstringa, altså. I Berlin er syrinane i ferd med å springe ut, innan påska er over står dei nok i fullt flor. Dersom du kjem hit til Neukölln kan du leite opp Richardplatz. Det er ein fin liten plass utan så mange butikkar, men med ein fin liten restaurant som heiter Villa Rixdorf. Der kan du spise schnitzel med kvite asparges, no for tida får du så mange du vil ha, trur eg. Det gjorde eg. Eller du kan bestille dette imponerande grillspydet.

Syrleg appelsinsorbet

Appelsinsorbet er ein perfekt dessert til påskelammet, og dessutan er appelsinane på sitt aller søtaste no. Du kan lage denne desserten med juice og, men velg i så fall ein søtare juicetype. Dei billigaste juicane vert beiske og for sure til denne desserten. Eg har ein ismaskin, det gjer det til ein leik å lage slike sorbetar. Har du ikkje det, er ein stålbolle tingen, då må du innom frysaren og røre ein gang i blant, slik at sorbeten vert glatt og mjuk, og ikkje nålete og hard. Appelsinsorbet Saft av 7-8 appelsinar, til saman 7 dl appelsinsaft Filetar av ein appelsin, finhakka 50 g sukker Press appelsinane, og mål opp juicen. Kok den opp i ei gryte saman med sukkeret. Skum av det gule skummet som samlar seg på toppen. Ha i appelsinkjøtet. Set gryta kaldt.  Slå blandinga i ismaskin, eller i ein stålbolle, og set den i frysaren. Rør i isen med ein gaffel ein gong i halvtimen, til den er ferdig. Server i pene glas med pynt av sitronmelisse.

Påskelam

Å spise lam i påska er noko eg er vand med frå eg var lita jente, og vi fekk servert eit lammelår som var drege i pulk opp til hytta og steikt i vedfyrt omn. Seinare i livet har eg valt å droppe det med skigåinga, så lammelåret vert steikt i bynære strok. Denne påska er det vel dei færraste som skal på ski, men lam er godt uansett. Eg er ikkje så oppteken av å gjere mat komplisert. Min mat er ofte enkel og liketil, men det gjer den ikkje mindre smakfull. Lammelår vert ofte servert med poteter, saus og grønsaker, men i dag får du oppskrift på ein ny vri på lammetilbehøret. Denne påska serverer eg lam med bulgur og tsatsiki. Lammet kan settast i omnen i god tid, og steike medan ein går ein tur eller driv på med andre ting. Eg brukar steikepose til lammelåret. Grunnen til det er at kjøtet vert saftigare, kjøtsafta fordampar ikkje like mykje som når låret står ope i omnen. Det held også betre på krydderet som …

Romantisk laurdag

Har eg fortalt deg om forrige laurdag? Det skjedde sikkert mykje i byen då, men det min kjære og eg var med på var opninga av gangbrua over spora på Oslo S, brua som går frå Grønland, Annette Thommessens plass og over til Bjørvika. Brua har teknisk sett fått det prosaiske namnet Stasjonsinngang Øst, fordi det med tida vil kome trapper ned til stasjonsspora frå den. Denne gangbrua vart altså opna med ordførar og pomp og prakt, og det var mange arrangement i området for å markere dette evenementet. I tillegg var det bestilt eit performancekunstverk av kunstnarduoen Stian Ådlandsvik & Lutz-Rainer Müller. Dei lagde verket Bakomland, som skulle vere med på å prege opninga. Verket skulle vere eit kjærleikserklæring til menneska, prosjektet og byen, og besto i at ca. 50 kjærestepar skulle stå på brua og kysse og kose medan folk som kom for å gå over brua passerte. Vi vart oppringt av eit castingbyrå, fordi dei sleit med å finne folk over førti som ville kysse. Vi ville altså, så difor tilbrakte vi laurdagen frå …

Marokkansk lammegryte

Eg held meg rundt middelhavet for tida, og i dag tek eg deg med til Marokko. I Marokko er lam mykje brukt i gryter og supper. Denne helga lagde eg lammelåret som skal få pryde Sunnmørsposten på laurdag, og sidan vi var berre fire til bords vart det mykje lam til overs. Denne gryta er ein fin måte å få brukt opp slike lammerestar på. Ofte får ein for mykje kjøt, men ikkje nok til ein full middag til. Men i ei gryte er det nok til mange. I Marokko vert gryterettane stort sett lagde i ein tagine, ei leirgryte med eit høgt, spisst lok med opning for dampen øverst. Desse grytene står på eit stativ i bålet i dei tradisjonelle beduinleirane. Eg har ikkje ei slik gryte, og har ikkje funne ei heller som fungerer på vanleg komfyr, så eg brukar ei låg, vid stålgryte eller jerngryte. Det marokkanske kjøkkenet har enkelte særtrekk. Det vert brukt mange varme krydder, ofte krydder vi forbitt med søt mat, som kardemomme, kanel og koriander. I tillegg er …

Gresk kjøtpudding

Denne kjøtpuddingen er både smakfull og saftig, og ganske kjapp å lage til ein kvardagsmiddag. Eg har også lagd den med oliven i, men to av dei rundt bordet «liker ikke oliven», så olivenane vart uteletne denne gongen. Det er ganske mykje urter i denne oppskrifta, eg brukte basilikum, persille, timian og litt sitronmelisse. Har du ikkje friske urter kan du godt bytte dei ut med 1 ts tørka timian og 1 ts tørka basilikum. Slik gjorde eg det: Gresk kjøtpudding 400 g kjøtdeig 1 egg To brødskiver utan skorpe 1 dl mjølk 4 ss hakka, friske urter av ulikt slag 5-6 avrente, grovhakka soltørka tomatar 1 ts salt peppar Set steikeomnen på 180 grader. Kutt brødskivene i terningar, og slå på mjølka. Dette kan du gjere rett i bollen der du sper kjøtdeigen. Ha i kjøtdeigen, saltet og egget, og elt det heile godt. Eg brukar K-kroken til kenwooden min, men ei anna kjøkkenmaskin eller hendene gjer same nytta. Ha i urtene. pepparen og dei soltørka tomatane, og elt det inn. Smør ei form …

Gi labb!

Er du klar for ein god latter? Vi var på Fredrik Steen sitt standupshow Gi labb i går, og det var ein strålande måte å tilbringe ein fredagskveld på. Vi lo så vi er støle langt bak øyrene. Så eg vil anbefale deg å sjå denne forestillinga. Ta med vennar og kjente, og få ein lattermild kveld. Showet går i kveld, og i tillegg 5., 6. og 7. mai.

Picasso og Tage Andersen

Noko gamalt og noko nytt. Denne gongen er Tage Andersen det gamle, den plassen eg alltid besøker når eg er i København. Denne gongen hadde eg med meg glade kollegaer, som også sette pris på det han har å by på. Fasanen var i godt lune som vanleg, sjølv om vi kom midt i matpausa hans: Julerosene er nydelege, men syng på siste verset: Picassoutstillinga på Louisiana var det nye på denne turen, og eg var paparazzi-fotograf som vanleg. Eg byrjar å få teken på å ta bilde når vaktene ser ei anna lei. Hockney har oppdaga fenomenet iPad, og har laga eit heilt rom fullt av bilde på slike. Kult!

Ein liten svipptur…

Jepp, eg er på veg til København i dag. Det er eit businessoppdrag denne gongen, men eg kryssar fingrane for at eg også får tid til å sjå krokusplenen i Kongens have. Forøvrig vonar eg at eg lærer eitt og anna, kanskje kan eg lære andre noko, og iallfall er eg heilt sikker på å treffe mange koselege kollegaer og forretningspartnarar. Eg er tilbake før du veit ordet av det, med inspirasjon og bilde, forhåpentlegvis. Ha ein fin dag!

Ich hab» noch einen Koffer…

…in Berlin! Iallfall har eg ei reservemamma og ein Berliner Bruder som det er alt for lenge sidan eg har sett. Ikkje har dei møtt Kjærleiken heller. Difor har vi kjøpt flybillettar ned dit i påska. Vi byttar husvere med ein familie som bur i Karl-Marx-Allée, men vi kjem nok også til å vere mykje i Rüdow, hos reservemammaen. Det skal bli fint å sjå dei alle igjen, og eg gler meg til å vise byen som eg ein gong følte som min til min kjære og til dei to ikkje fullt så små som før, som ikkje har vore der på seks år. Kvar går di påske?