Vel, ikkje berre hage. Vi tok ein tur i Pergamonmuseet, der hovodobjektet er det gjenoppbygde Pergamonalteret frå Bergama i vestlege Tyrkia. Fantastisk! Det er store dimensjonar over dette byggverket.
Men så hamna vi ut i det grøne. Eg har eit prinsipp: Når ein lokal person inviterer deg med på noko, sei alltid ja. Du får garantert ein unik opplevelse.
Vi vart invitert med på ein togtur over ein halvtime utanfor sentrum, til Marzahn. Der fekk vi sjå Gärten der Welt. Det var ubeskriveleg vakkert, særleg for meg, som kom frå eit Norge som ikkje hadde bytta farge frå grått til grønt enno, iallfall ikkje då eg dro.
Men først måtte vi sjå på desse to mennene som sto og vippa på eit tak:
Deretter bar det inn i hagen, som inneheldt velkomponerte bed og temahagar. I den kinesiske blomstra magnoliaene.
Overalt var beda fylt med flotte sommarblomster og løkplantar.
I den japanske hagen fann vi vassfall, rhododendron og dei lekre, raka gruslagde flatene.
Og i den balinesiske hagen fann vi lekre orkidéar som liknar på marisko.
Å ja, Pergamon er fascinerende! Kan lett få litt museumsoverdose, men der hadde jeg tre timer med head-set og fikk noia da de stengte 🙂 Det store alteret var flott, bare synd jeg har høydeskrekk så det var en utfordring å komme seg ned igjen! Håper dere har hatt noen deilige dager i Berlin, ser sånn ut, og Oslo er vårfin og skjønn å komme tilbake til!