Fårikål-dagen!
I dag er det fårikålens dag, det heldt eg nesten på å gløyme! Det er eit lykketreff at lammeslaktinga og haustinga av kålhovud kjem samstundes, syns du ikkje? Nokre eg kjenner vil ha ram vérasmak på fårikålen sin, men eg er ei smakspingle (eg har fortalt at eg ikkje et sild, ikkje sant?), og syns at den gode, milde smaken av lam kokt passe lenge i fersk kål er mykje betre enn den ramme ullsmaken du får når det er gamle dyr som er slakta. Jada, vi hadde sikkert fårikål i fjor og, og året før der, men viss denne matspalta kan få ein ny tenåring eller nyboren hybelbuar til å forstå at fårikål er lett, billig og nydeleg mat så får dokke fårikålekspertane som har gjort dette år etter år bere over med meg. Uansett løner seg å legge litt pengar i kjøtet. Dess meir kjøt i kjøtstykka, dess mindre griseri, bein og feitt. Men det må vere kjøt med bein, for mergen gjev mykje smak. Eg prøver å finne nokre fine bogskiver når eg lagar …