På plass!
Vi er på plass i husværet vårt i København, det er romsleg, lyst og fint, møblert med masse danske designklassikarar. No smyg vårvinden seg inn frå altandøra, ein bukett med rosa buskroser står på bordet og alt er på G. Elleveåringen har funne Viasat 4 med Homer og gjengen på tv-en, så til og med når det gjeld underhaldninga er alt i orden. Det var verre i Kairo, med Transformers teksta på arabisk… No skal vi varme dei lekre små frikadellene som vertinna vår har lagt klar til oss, og kose oss med litt dansk sjokolade. Livet er ikke det værste man har!