Normalt held eg iris-dufter langt frå livet, eg har hatt nokre dårlege erfaringar der. Men eg er veldig glad i den klassiske white musk frå TBS, og har alltid testa flankerane frå dei og. No er dei ute med ein ny flanker, White musk Midnight Iris. Eg måtte prøve, og etter eit minutt eller to med skepsis så vart eg enig med meg sjølv om at denne slett ikkje er så verst. Det er ein klassisk floriental, den minner faktisk ikkje så reint lite om Karl Lagerfeld Floriental. Men den er utan fiol, heldigvis. Midnight iris opnar ganske friskt og krydra på ein gong, med varme og punch. Denne er ikkje diskret i opninga, men den roar seg relativt raskt. No, etter åtte timar på huda må eg inntil for å kjenne den. Nær inntil er den forførande, spennande, med eit hint av luksus. Denne parfymen luktar meir enn den kostar. Eg likar måten det orientalske er balansert med noko friskt, det er nok salvie og vannlilje som opplevest som urteaktig og grønt. Når den …