Month: september 2014

Kyllingsandwich med bakte grønsaker

Av og til er ein sandwich nok som middag. Når eg har fått ein raus lunch på jobb, og resten av familien er ute på vift, treng ein ikkje så mykje meir. Kylling er mild mat, så den treng godt med krydder, utan at krydderet tek heilt over. Eg vender både kyllingen og grønsakene i same kryddermarinaden. Inni pitabrødet smører eg ein ostekrem, slik at det heile ikkje vert for tørt. Litt ruccola gjer at smaken vert litt skarpare og det er jo berre bra. Slik gjorde eg det: Kyllingsandwich med bakte grønsaker Ein kyllingfilet Ein raud paprika Ein liten fenikkel Ein raud løk 2 ts paprika 1/2 ts peppar 1 ts timian 1 ts salt 3 ss olje Ostekrem: 3 ss kremost 2 ss fløte 2 ts finhakka grasløk Eit pitabrød Varm ovnen til 200 grader. Pisk saman ingrediensane til ostekremen. Bland saman krydder og olje til marinaden. Vend grønsakene i den, og legg dei i ei eldfast form. La dei bake i 20-30 minutt, til dei er møre. Vend kyllingbrystet i marinaden, la det …

Kosemat

Sommaren er på hell, og det er tid for litt kosemat igjen. I mi bok er kosemat alt som handlar om sjokolade, steikte poteter eller smelta ost, og i dag er det ost som er temaet. Vi var på ferie i USA i sommar, og hadde nokre fantastiske (og nokre mindre fantastiske) møte med amerikansk matkultur. Ein av mine favorittar er når eg får ein verkeleg vellaga mac’n cheese, altså ein makaronigrateng. Her er det osten som gjer susen, med kjedeleg ost vert retten kjedeleg, og omvendt. Så grav igjennom kjøleskapet, og sjå om du har noko cheddar, feta, ridderost, parmesan eller vellagra jarlsberg liggande. Dess meir smaksrik dess betre. Er det mugg på så kan du skjere bort muggen viss det er ein fast ost. Eg brukte ei blanding av parmesan, cheddar og nokre uidentifiserbare bitar som nok vart med heim frå Italia i juni. Nokre kjøper kjøleskapsmagnetar som souvenirar frå utlandet, eg kjøper stinkande ostar. Eg la som vanleg planar utan å sjekke matskapa, så det vart ikkje makaroni til gratengen. Det var …

Oslo Bokfestival – here I come!

Ikkje åleine då, men saman med eit kobbel av kokebokforfattarar som eg skal presentere i Saras telt. Anne Kath. Hærland skal snakke om si bok Latterlig enkelt, latterlig godt, og Bent Stiansen skal presentere si kokebok Norge Rundt, der han har besøkt sine tidlegare tilsette som no driv gode spisestader rundt om i Norge. Jon Martin Alfsen kjem og, han har skrive ei kokebok om kvardagsmat, heilt enkelt. Så om du er i sentrum av Oslo no, så stikk innom i teltet klokka to, då går vi på scenen. Velkommen!