Billig mat, Brød, Gjærbakst, Mat, Veggis
Comments 2

Gode grovbrød


Ein får liksom aldri nok gode brødoppskrifter. Og ingenting er deiligare enn å skjere opp eit nysteikt brød til frukost.

Dette er det brødet eg bakar kvar gong vi kjem til Sverige. Svenskane kan ikkje brød, det er berre sørgeleg. Dei har alt for mykje sirup i dei, og så har dei ikkje butikken full av ferske brød om morgonen slik vi er vande med, iallfall ikkje her ute på glesbygden der vi held til.

Vi kjem som regel hit til svenskehuset om kvelden, og viss klokka er før åtte, så set eg ein brøddeig. Då rekk den å heve, og eg får bakt ut brøda og steikt dei før vi legg oss. Å stå opp til frukost med brød som berre har vore ute av ovnen nokre timar, det er ei stor glede. Når ein har bakt brød ein del gongar så tek ein det litt på frihand. Ein brøddeig er ganske robust, og toler å stå lenger enn ein trur. Eg stikk gjerne og handlar viss eg bakar brød midt på dagen, om deigen hevar i to-tre timar så er det berre å køyre den saman igjen, og byrje på nytt att.

Eg brukar ein god, gamaldags bakemetode, ikkje eltefritt, ikkje fold og brett og bøy heilt tilbake. Her går brøddeigen i kenwooden, og får elte lenge og vel før den hevar ein times tid. Mange som mislukkast med brød hevar dei for lite. Spesielt viss du brukar tørrgjær er det berre å gi seg god tid. Å elte deigen lenge betyr at du får ut mykje av forklistringsevna til mjølet, og dermed får brød som heng godt saman.

I oppskrifta mi brukar eg kveitekli. Det vert selt i butikken som kruskakli, og består av det ytre skalet av kornet som er sikta frå når kornet vert malt. Det er rikt på kostfiber, protein, vitaminar og mineral, og virkar i tillegg «befordrande på fordøyelsen», som ein elegant kan kalle det. Har du ikkje det i hus, kan du bytte det ut med havregryn, kveitevals eller andre grove mjøltypar.

Litt søtt i deigen gir ikkje så mykje smak, men det gjer at gjæra har mykje mat, og det og gir luftigare brød. Spesielt viss du bakar grove brød er det viktig å litt honning eller sirup i. Så svenskane er ikkje heilt på bærtur med sirupen sin, dei har berre for mykje i. Har du maltekstrakt ståande, kan du også bruke det. Eg likar å bake brøda i form. Då får dei skorpe heile vegen rundt, og held seg nokolunde samla. Denne oppskrifta gir tre store brød.

image1Grovbrød

50 g gjær eller 1 pakke tørrgjær

1,5 liter deigvæske

200 g kveitekli

300 g grov, sammalt rug

500 g grov sammalt kveite

1-1,2 kg kveitemjøl

1,5 ts salt

1 ss honning, sirup eller maltekstrakt

Frø om du har

Lunk væska, og løys opp gjæra og honningen eller sirupen i det.  Brukar du tørrgjær så bland gjæra i mjølet. Ha væska i bakebollen saman med saltet, og elt inn alt det grove mjølet først, og så har du i kveitemjøl til deigen er passe fast. Det kan hende du treng litt meir eller litt mindre kveitemjøl, det kjem an på kvaliteten på mjølet. La gjerne deigen elte lenge viss du har tid, min sto i maskinen i eit kvarter og surra, då får du ordentleg mjuk og god deig. Hald litt tilbake på mjølet, og elt heller inn litt ekstra etter at det har heva ferdig første runde.

La deigen heve til dobbel storleik, det tek ca. ein time. Du kan bytte ut alt det grove i deigen med same mengde Grovbakst frå ferdigblanding.

Del deigen i tre og form brøda. Smør formene dine med matolje, og legg i eit og eit brød. Set omnen på 200 grader. Snitt brøda på skrå med ein gong du har lagt dei i forma, det gjer at dei ikkje sprekk ukontrollert. (som du ser av bilda gløymde eg det, og snitta dei like før dei gjekk i omnen. Det fungerer ikkje så bra. Ikkje gjer som eg gjorde.)

La brøda etterheve godt, minst ein time til. Dusj dei med vatn, eller hell ein kopp vatn inn i steikeomnen, for å skape damp. Det gjer skorpa sprø og fin.  Har du frø i skapet, så dryss på dei rett etter at du har dusja dei med vatn, då festar frøa seg. Solsikkefrø eller sesamfrø er perfekt til dette.

Steik brøda i 45-50 minutt til dei er ferdige. Når dei er gjennomsteikte har dei ein hol lyd viss du bankar på dei.

La brøda kolne på rist.

 

2 Comments

  1. Takk for tipset om å sette brøddeiga når ein kjem fram til det brødsøte landet. Det er ikkje til å forstå at svenskane klarer å ete sitt eige brød. Men det finnst håp. Eg veit ikkje kva gläsbygd du held til i, men på Näsbacka gård i Skillingsmark held eit tysk par til. Dei bakar skikkeleg brød i steinovn, fint og grovt. Brødet kan kjøpast på gardsbutikken deira, men dei sel også på torget i Arvika på laurdagar. I tillegg honning, ost og egg av ypperste kvalitet.

    Likar

    • Vi er i Billingsfors. Det er faktisk også her ein tysk bakar, men han held til i Gustafsfors, og det er 30 km unna. Når der er ope stoppar vi alltid, ein må støtte slike.

      Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s