Month: september 2013

Kyllingwraps med coleslaw og avocado

Innimellom grovbrødskivene må vi ha litt anna mat og. Eg lagar ofte wraps, det er enkel og lettvint mat som er lett å variere. Dei grove variantane er fiberrike og gjev meg godt helsesamvit på toppen. I dag har eg fylt dei med steikt kyllingkjøtdeig. Kyllingkjøtdeig er ofte på tilbod, og er proteinrik og god mat. Supplert med salatgrønsaker og anna moro vert dette godt både som eit mellommåltid og som matpakke. Slik gjer eg det: Fylt grov wrap med kyllingkjøtdeig 4 grove tortillalefser 8 salatblad, eg brukte hjertesalat 2 tomatar 4 ss italiensk salat eller coleslaw Ein avocado Ein pakke kyllingkjøtdeig ½ ts tørka timian Salt og peppar Smør til steiking Varm opp steikepanna, og ha i smør. Ha i kyllingkjøtdeigen, og steik den gyllen. Dryss på i lita teskei salt og ei klype nykverna peppar medan du delar opp kjøtdeigen i små bitar med ein steikespade. Knus timian mellom fingrane, og dryss over. Hell kjøtdeigen på ein tallerken, og la den kolne. Legg salatblada på tortillalefsa slik at det er ca. 5 cm …

Vårt daglege brød

No er kvardagane her igjen, alle har komt heim frå ferie og matpakken må smørast som før. Då er det viktig å ha eit godt brød å smøre matpakke av. Når eg skal lage matpakkar likar eg å ha skorpe rundt heile brødet, ganske enkelt fordi då held det seg nokolunde på plass. Det får eg når eg bakar brødet i former. Eg vaks opp med fire brød sett saman i ei langpanne, og når ein bakar seksten brød i slengen, som mor mi gjorde, så fungerer det greitt. Men eg held meg til tre om gongen, og då har eg tre former som passar perfekt inn i omnen min side om side. Å lage brød er noko som passar fint å gjere ein dag då ein held på med andre ting i huset. Arbeidsprosessane er ikkje så store, men dei må gjerast med ca. ein times mellomrom, så ein har god tid til å fikse alt frå klesvask til loftsrydding medan brøda hevar. Eg brukar klokkealarmen på komfyren for å minne meg om når …

Kokebøker til halv pris hos Matbloggsentralen!

Matbloggsentralen er som du kanskje veit ei samanslutning av dei aller fleste matbloggarane i Norge. Der finn du utfordringar, Vekas bloggar og masse anna spennande. No har Matbloggsentralen inngått ein avtale med Tanum bokhandel. Den avtalen inneber at eit knippe av bøkene som medlemmane av Matbloggsentralen gir ut er tilgjengelege til halv pris! For å få bruke dette tilbodet går du inn i Tanum sin nettbutikk. Så legg du dei bøkene du har lyst på som er skrivne av matbloggarar i handlekorga, og så brukar du rabattkoden MATBLOGG når du handlar. På denne måten kan du til dømes få tak i Smalhans og Sylting og safting heile året til halv pris! Tilbodet varer fram til 20. oktober, og er ope for alle. Har du planar om å gi mine bøker i julegåve til nokon er dette den perfekte måten å gjere det på. Møtest vi IRL skal du til og med få signatur i viss du vil ha. God kokebokshopping!