All posts filed under: Lykke

Det er allereie for mange posar i verda

Ja, det har vore standardsvaret mitt når dei i butikken spør meg om eg vil ha ein pose, når eg likevel står der med ei veske i handa eller ein sekk på ryggen. Men det eg ikkje har klart å gjere noko med er dei tynne plastposane som frukt og grønt kjem i. Når du kjøper poteter i lausvekt må du ha noko å ha dei i. No har eg funne løysinga: Eg har kjøpt handleposar for frukt og grønt hos Fjong fasong. Der finn du posar av alle slag, eg har dei lette, tynne, raude som passar perfekt saman med mine nylonhandleposar frå IKEA. Med fire fruktnett og tre handleposar i veska er eg aldri opprådd. Slik reduserer eg plastsøppelet i huset litt og litt. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Dette er til dømes ei perfekt gåve til den som har alt. Kva skal du gi nokon som har alt? Noko å ha det i. No i helga finn du forresten Fjong fasong på Oslo vegetarfestival, som foregår på DOGA …

Det nye huset vårt

Eg har såvidt nemnt det tidlegare, men vi har altså kjøpt oss eit hus eit stykke over svenskegrensa, i Billingsfors. Vi overtok huset rett før jul, og rakk berre å fylle huset opp med madrasser og sengetøy frå IKEA før vi vende nasen heimover til Sunnmøre til julefeiring. I svenskehuset har vi tilbrakt romjula, og vi feira nyttår der. Etter det har vi tilbrakt mange helgar der, og vi nikosar oss. I byen bur vi kompakt, og må heile tida tenke praktiske løysingar og ein ting inn-ein ting ut. I Billingsfors har vi god plass, og kan breie oss og skape vårt eige hus. Ikkje for det, huset har sjel frå før vi kom dit. Huset tilhøyrde salgsdirektøren på papirbruket i Billingsfors, og ber vakkert preg av å ha vore eit hus for representasjon og selskap. Den skikken tenker vi å vidareføre. Det er eit perfekt hus for å ha gjestar, lage mat og kose seg. Vi overtok huset med møblar, og det betyr at vi har vidareført noko av stilen som salgsdirektøren og kona hans satte …

Vi skal på leir!

Visste du det? Det finst faktisk ein leirskule for vaksne. Dit skal vi i sommar! Og ein av aktivitetane er sjølvsagt eit syltekurs med lokale råvarer frå Øksendal, kurset vert halde av yours truly. Det gler eg meg veldig til. Men eg gler meg vel så mykje til alle dei andre aktivitetane som går føre seg på dette strålande arrangementet. Programmet er fullt av andre fine aktivitetar og, frå motorsagkurs til fjellklatring og kurs i brødbaking i steinovn. Syns du det høyrest kult ut, og har sommarferie utan planar lagt for veka 20.-27. juli, så kast deg på! Gå inn på http://www.underleir.no, og meld deg på. Vi sjåast!

I København igjen

Denne helga er søskenbarnet mitt  og eg i København. Det er mange år sidan vi avtalte det, at vi skulle tilbringe ei helg i denne fine, varme byen som eg har snakka så mykje om. I dag har vi spist godt, vi har vore innom Tage Andersen, vi har handla te og fått bolsjar hos Perchs thehandel og vi har gått gjennom alle etasjane hos Illums. Og ein kan seie det ein vil, men når ein er i København då er ein i Europa. Norge og Oslo er ikkje Europa. Ein gong i livet så må eg bu i denne byen. Eg skal takle det elendige språkøyret til danskane, og det kalka vatnet. Eg skal handtere den ubegripelege teljemåten og dei fulle nordmennene på Strøget. Alt dette for å få ta inn varmen og kontinentaliteten frå dette trivelege folkeferdet som danskane er. Alt dette for å kunne tusle rundt i dei fine gatene, sykle på dei vel utbygde sykkelvegane og å handle vin i butikken seint laurdags ettermiddag. Skål!

Godt oppdratt – eller berre flaks?

Eg kjem halsande inn døra med tunge koffertar og bokkasser. Det har vore ein fin, men travel signeringsturné på vestlandet. Og kva ventar meg når eg kjem heim seint på kvelden første søndag i advent? Sekstenåringen har vore i skapet og funne lys, og ho har leita fram det gamle tinnfatet. Ho har dekorert med perlemorshjarte, kanelstenger og anna småtteri som ho har funne rundt omkring, og det første adventslyset er tent. Alt førjulsstress renn av meg, og eg er berre lykkeleg. Vel vart det ein sein middag, og vel skal vi tidleg opp i dag og utrette store ting, men vi fekk ei fin adventsstund saman søndag kveld. Ha ei fin førjulstid, med eller utan flinke sekstenåringar!

Til min kjære

Kjære Kjetil, Kva er det du gjer med meg? Kva er det som gjer at eg kjenner langt inn i sjela at eg vil vere saman med deg for resten av livet? Det er ikkje alltid så lett å sette ord på denne kjensla, dette behovet for å ha nettopp deg saman med meg. Men eg kjenner det. Eg kjenner det når du er ute på farten, og eg ventar på at du skal kome heim. Eg kjenner det når du held rundt meg og gir meg akkurat det eg vil ha og treng. Eg kjenner det når du svarer ærleg når eg spør deg om noko. (For det har eg lært meg gjennom eit langt liv, ein må aldri stille eit spørsmål som ein ikkje er budd på å ta imot eit ærleg svar på.) Eg kjenner det når du stiller opp for meg, når eg virkeleg treng deg. Og ikkje minst, du let meg stille opp for deg, og gi deg det du treng. Ekstra godt kjenner eg det når vi syklar heim …

Godteribufféen

Kva gjer ein når ein feirar bryllup og har 15 barn mellom seks og seksten på gjestelista? Ein planlegg (og gjennomfører) eit kort bordsete, med få talar. Berre dei viktigaste får tale under middagen. To timar er meir enn nok for barna. Ein plasserer gjestane på bord med 8-10 gjestar på kvart bord, slik at både små og store kan snakke saman og kvart bord vert ei fin gruppe. Ein plasserer foreldre og barna deira på forskjellige bord. Barn og ungdommar hentar fram det beste i seg når dei får sitte til bords utan foreldra ved sidan av seg. Ein steller i stand ein godteribuffé som får både små og store til å smile breitt.       På godteribufféen har ein noko søtt og noko salt, altså snop for ein kvar smak.     På den måten får både store og små eit fint bryllup. 🙂  

Den hektiske veka

No er vi på veg inn i den hektiske veka. Bryllupet står på laurdag, så det er mykje som skal ordnast dei neste dagane. I dag skal eg hente hårpynt, og eg skal treffe frisøren min. I kveld skal vi lage program til vigsla, og det tek kanskje kvelden i morgon og. Onsdag ettermiddag overtek vi nøklane til lokalet, og då må alt flyttast opp dit, drikkevarer, tørrmat, pynt og anna som må til for å lage fest. Det blir ingen liten operasjon! Så om det vert litt stilt her dei neste dagane så ha tol med meg og oss. Vi kjem sterkare attende etter helga! 😀

Den store bryllupskaka

4. august gifta to av dei vakraste menneska eg kjenner seg, og gåva vår til dei var bryllupskaka. Det har liksom blitt ein tradisjon, det at eg lagar bryllupskaka til vennar og kjente, og det er ei like stor glede kvar gong. Denne gongen ynskte brudeparet seg ei marsipankake, og det fekk dei. Sidan det var vår gåve til dei var det naturleg å pynte den som ei gåve, med pakkeband, roser og det heile. Som dei fleste marsipankaker hadde denne sukkerbrødbotn. Den må lagast i omgangar, og har du to kjøkkenmaskiner som kan gå parallelt er det det beste. Du må også ha ei djup langpanneform, elles må den steike i veldig mange omgongar. For å gjere dette slik at den er klar til du skal i vigsla må du byrje dagen før, og då bør du ha eit kjølerom til kaka over natta. Alternativet er å fylle den på sjølve dagen, men den vert saftigare og betre om den får stå med fyllet over natta. Vi budde midt i eit bringebærland, så vi …

Meir Hellas!

Å, vi har det så fint her! Eg skal skrive litt meir detaljert etterkvart, men no er vi på reise, så det blir med desse bilda. Fin sekstenåring som ikkje kan gå på vatnet, det berre ser slik ut. (Ho hoppar frå ein båt.)   Den tredje største byen på Ithaka; Kioni:   Ein sommarfugl som har tilhald i Kioni:   Ser du stalagtittane som heng ned? Dei har hunge i grotter, men ytterveggen i grotta fall ned, og i havet. Dermed vart det ein naken vegg med stalagtittar på. Kult!

Ein ny venn

Eg har tenkt litt på det med vennar i det siste. Eg får relativt ofte nye vennar. For meg er det lett å knytte meg til nye menneske. Ikkje ukritisk, og ikkje tilfeldig, men eg syns eg er heldig som stadig møter nye menneske som eg kjenner ein forbindelse med, og som eg trivest i lag med. Min nyaste venn heiter Aster. Då eg sto og prøvde å få overblikk over situasjonen tidleg om morgonen på laurdag i Volda smatt ho inn frå høgre og spurte: Can I help? Ho hadde på seg festspel-t-skjorte, så eg forsto at ho jobba for Dei nynorske festspela. Ja, sa eg, og viste henne korleis ho skulle kutte opp ein nektarin til nektarinsyltetøy. Fort og greitt hadde ho kutta opp to kilo nektarinar, og ho tørka og rydda og fiksa rundt meg som om ho aldri hadde gjort noko anna. Eg skulle vidare til Ørsta etter ein time, og eg spurte dei som administrerte det heile om eg kunne “låne” henne med meg, og eg spurte henne om ho …

Dei finaste kveldane

Det er desse kveldane som ein delar med gode vennar i ein flott hage midt i byen i det vakre sommarlyset. Det er desse kveldane då praten går lett, maten smakar godt og rausheit og glede pregar samveret. Det er desse kveldane då ein syklar heim forbi botanisk hage og pustar inn den intense dufta av skjærsmin. Det er desse kveldane då ein kjem heim til fine ungdommar som har laga seg middag, og som ryddar når ein ber om det. Det er desse kveldane då vi vaksne tenner lys og delar ei stille stund etter at ungdommane er i seng. Fine kveldar.

Den fine trappa

Eg har vist fram denne trappa før, den ligg rett på andre sida av plenen, og inkluderer eit lavterskeltilbod av sosial type. Perfekt for oss travle kvardagsmenneske. I dag var eg innom igjen, og den er om mogeleg endå vakrare om sommaren. Vertinna har fingerspitzgefühl, og veit korleis lys og blomar bør velgast ut og plasserast. Sjå nøye på bildet. Ok, du skal få eit til. Ser du kva ho brukar for å halde døra open? Ei gamal japansk tekanne, som dessverre har rusta innvendig. Tung og fin, perfekt for å halde døra på plass. I tillegg har ho dei vakraste peonane i verda. Dette er ein trepeon, og blomane er som middagstallerknar. Nydeleg!

Korleis gjere ein sekstenåring lykkeleg

1. Planlegg tur til Paris. 2. Sjekk ut om sekstenåringen kan vere med. 3. Bestill billettar til Paris sjølv om sekstenåringen ikkje kan bli med. 4. Dra til Paris. 5. Stikk innom Ladurée, og kjøp med ei eske med makronar til sekstenåringen. 6. Sett makroneska på ei hylle i stova, og vent til sekstenåringen oppdagar den. 7. Sjå sekstenåringen hoppe opp og ned av glede når ho oppdagar verdas søtaste eske frå Ladurée.

Eg blir så glad!

Ok, eg innrømmer det, eg elskar te. Eg er ein skikkeleg tenerd. Eg likar ikkje alt for tunge eller mørke tear, Earl Grey er favoritten, men eg kan også drikke Jasminte, Darjeeling first flush eller kvit te av ulike slag. Spesialbutikkar er fint, men sjølv om eg har bikka 45 får eg alltid prestasjonsangst når eg står der og skal velge. Eg er ikkje typen som går inn i ein butikk og seier “dress me up”, for å seie det slik. Difor likar eg aller best butikkar der eg kan finne fram sjølv, leite blant ulike merke og så ta med heim nokre flotte te-skattar. Og under over alle under, slike butikkar ligg faktisk her i byen! Eg hadde ein halv fridag her for noko sidan, og då var eg innom Jacob’s på Holtet. Det er nærast uråd å kome ut derifrå og ha brukt mindre enn 800 kroner, og det du då har kjøpt får plass i ein liten pose. Men det du får med deg då er virkeleg førsteklasses varer. Krydderet, oljane, ostane, …

Eg må ha gjort noko rett…

Ein heilt alminneleg torsdag kjem eg heim frå jobb. Det er pappaveke, så berre kjæresten og eg er i huset for tida. Men likevel, på bordet står det ein vakker orkidé med to greiner. Framfor orkidéen står denne lappen; Fordi selv verdens beste mamma trenger å bli påminnet at hun er det i blant. <3 Det er då eg tenker at det har fungert, det eg har gjort for og med desse flotte barna mine. Og så kryssar eg fingrane for at det kjem til å fungere vidare. Og så blir eg så inderleg, inderleg glad.