Vårdugnad
Dugnad, dette særnorske ordet er noko av det vi nordmenn er stolte av. Vi møter opp, kvar med ulik evne og vilje til å bidra, og gjer vårt beste for å halde orden, reparere eller å lage nytt. Nokre gongar gjer vi slik vi alltid har gjort andre gongar tenker vi ut gode løysingar på felles utfordringar. Reiskapane vi brukar er såpevatn, malekost og white spirit til hagemøblane, trykkluftspylar til steinhellene og rein handemakt for å bere rot og rusk ned frå loft og opp frå kjellar. Ting som er forlatt stiller vi ved sidan av containeren, kva om dei kan kome til nytte? Eit rundt trebord får nye eigarar, ein jentesykkel likeså. Med nye slangar i dekka, litt smøreolje og generelt stell er den god som (nesten) ny. Ivar-hyller vert gitt bort over ein låg sko, kjekt å ha i boda. Eg likar dugnad. Min jobb, i tillegg til å stelle i hagen, er å servere pølser og forfriskningar til alle som vil ha. Klokka halv to er pølsegryta ferdig, og då har eg …