All posts filed under: Fredag

Medan vi ventar på sommaren


Sommaren ville liksom ikkje kome i år. I fjor blomstra rabarbraen min første mai. I år har eg ikkje hjerte til å spise av den til bursdagen min midt i mai. Urtene er heller ikkje komt opp ordentleg, eg går og ventar på ruccola og persille, men i bedet står framleis tulipanar, utruleg nok. Så då får vi trøste oss med det som er til å stole på, det vi finn i butikken. I dag har eg laga enkel mat, dette går fort å lage som ein fin familiemiddag. Hovudretten er ein variant av den klassiske biff stroganoff. Det er tradisjonelt ein kjøtrett med oksekjøt som du steiker og kokar saman med løk og sopp. Sausen er basert på tomat og fløte, og blir kremete og deilig. Desserten er superenkel, små marengsreir med rømmekrem og kirsebærkompott. Du kan lage kompotten sjølv av kirsebær eller morell frå frysaren, eller du kan gjere som meg, og bruke den du finn i butikken. Dette kan du lage med sviskekompott og, om du har ein slik pakke i skapet. …

Hekta…


Jepp, eg innrømmer det. Det var gøy å vere med på Matbloggsentralen sin konkurranse om spiselege julegåver, og dermed stiller eg opp igjen. Denne helga konkurrerer vi om beste julebakst. Eg har meldt på mi engelske julekake, som vert sett på bordet her hos oss kvar jul. Eg trur eg ikkje var meir enn 22 år første året eg lagde den. Viss du syns at eg bør vinne med fruktkaka mi kan du gå inn på Matbloggsentralen og stemme på mi kake, som er deltakar nr. 14. På førehand tusen takk! 🙂

Påskelam


Å spise lam i påska er noko eg er vand med frå eg var lita jente, og vi fekk servert eit lammelår som var drege i pulk opp til hytta og steikt i vedfyrt omn. Seinare i livet har eg valt å droppe det med skigåinga, så lammelåret vert steikt i bynære strok. Denne påska er det vel dei færraste som skal på ski, men lam er godt uansett. Eg er ikkje så oppteken av å gjere mat komplisert. Min mat er ofte enkel og liketil, men det gjer den ikkje mindre smakfull. Lammelår vert ofte servert med poteter, saus og grønsaker, men i dag får du oppskrift på ein ny vri på lammetilbehøret. Denne påska serverer eg lam med bulgur og tsatsiki. Lammet kan settast i omnen i god tid, og steike medan ein går ein tur eller driv på med andre ting. Eg brukar steikepose til lammelåret. Grunnen til det er at kjøtet vert saftigare, kjøtsafta fordampar ikkje like mykje som når låret står ope i omnen. Det held også betre på krydderet som …

Glad fredag!


I dag er ein fin dag! Ein lang morgon med kjæreste, aviser, god te og frukost er aldri feil. I tillegg har eg hatt eit inspirerande møte med ei som eg er sikker på kan hjelpe meg med eit prosjekt eg held på med, tusen takk for innspel og løft! No skal eg ut i verda og treffe to fine damer, ei av dei har invitert oss på middag, og det gler eg meg til. I morgon skal vi spise middag med gode vener, og så blir det sikkert masse kos, te, litt rydding og generelt velvære. Eg ynskjer alle som kjem innom ei fin helg, husk på å seie kor mykje dei du har rundt deg betyr for deg. Å få vite slikt løfter ein, og det treng ein av og til.

Snart helg!


No er det vel like før helga byrjar, ikkje sant? Eg er iallfall klar for å slappe av i heimen fram til mandag. Denne helga blir roleg, i motsetnad til ein del av dei helgane elles denne hausten, der eg har sprunge frå det eine til det andre. Kanskje får eg nokolunde oversikt over julegåvene, og kan sette opp handleliste. Kanskje får eg lagd nokre julekort og dekorert nokre pakkelappar. Kanskje eg til og med får med meg dette: Oslo og omegn roseforening får besøk av Thomas Proll fra Tysklands ledende roseforedler, Kordes Roser. Vi får høre om nye Kordes-roser som er robuste og lettdyrkede og tilpasset norske forhold, blant annet roser fra Kordes’ nye serie med klatreroser, Fairytail-rosene med gammeldags sjarm, og Rigo-rosene som er spesielt robuste og lettstelte. Kordes har satset spesielt på sykdomsfrie roser. Kom og bli inspirert! Lørdag 27. november kl. 14.00 Biblioteket på Bekkestua (Gamle Ringeriksvei 44). Informasjon ved irene.k@getmail.no eller tlf 95826100 100 kr for medlemmer, 150 kr for ikke-medlemmer (men det går an å bli medlem på stedet). …

Sein fredag…


Eg er pinleg seint ute med fredagshelsinga mi, forrige veke vart den dessverre heilt borte. Slik går det når livet skyt fart, og ein flyt på ei deilig bølge. Eg har ikkje sett gullrekka på nesten to månader, det seier vel det meste. I dag er eg heime i sofaen med fjortenåringen, ho har to gongar presisert at ho hadde tilbod om å dra med venninner til byen, men at ho heller ville vere heime. Det er eg glad for. Vi har laga oss deilig ovnssteikt kylling med mandelpotetar og bakte tomatar, og nikosar oss med Beat for Beat. Fine damer! I morgon skal vi sjå og høyre ei anna fin dame, Sissel Kyrkjebø, saman med Unni Wilhelmsen. Eg ynskjer alle som stikk innom ei deilig helg, ta vare på dei du er glad i, og fortel dei det.

Fargerik laks


Gråveret heng over oss, og det er godt å kunne lyse opp med litt fargerik mat. I dag fekk eg ein salmalaks i hus, og den er alltid lett å ha med å gjere. Førsteklasses råvarer kan ein lage kva som helst av, og ofte er det enklaste det beste. Eg serverer laksen steikt, med urtedryss på og med ein ratatouille-saus. I hagen veks framleis persille, salvie og graslauk. Vel, å seie at dei veks er vel å overdrive, men dei lever iallfall. Dei toler frost ganske godt, og eg plukkar til det er tomt. Ratatouille er tradisjonelt ein grønsakskompott med tomat, aubergine, squash, urter, kvitløk og løk. Eg lagar den noko lausare i konsistensen, slik at den fungerer også som saus for fisken. Smaksmessig minner min ratatouille-saus om den italienske capunataen, sidan eg har eddik og sukker i den. Det gjev ein fin sur-søt smak som går fint til den feite fisken. Til dette serverte eg kokte poteter, men du kan like gjerne servere det med ris eller bulghur, for eksempel. Serverer du den …

Fin fredag og fin helg


Ja, korleis kan eg vite det på førehand? Eg føler det på meg. I kveld skal vi på den årlege middagen hos Jarle på Oslo spiseforretning, og i morgon spring vi frå det eine til det andre, og vi to vaksne endar opp på Gotan Project seint på kvelden. Det trur eg blir veldig bra. Eg ynskjer alle som stikk innom ein fin fredag og ei fin helg, ta vare på dei du er glad i og deg sjølv.

Oppned


Livet mitt er snudd på hovudet den siste veka. Etter lang tid med tåkeskyer og trist regn i sjela ser alt heilt annleis ut. Denne helga skal eg gjere heilt andre ting enn eg trudde forrige helg, eg, eller kanskje skal eg seie vi, må mellom anna ein tur til IKEA for å bytte ut ei vaklevoren seng (:rødme:). For første gong på lenge blir eg sett, begjært og nytt, og det er intenst gjensidig. Livet tek nokre underlege svingar av og til, og denne svingen er eg utruleg glad for. Eg er heime, han har kome heim til ein heim han ikkje visste han hadde. Eg smiler, og det gjer han og. Eg ynskjer alle som kjem innom ei fredeleg helg, med mykje latter og glede! Klem dei du er glad i, og nyt livet. Det skal iallfall eg gjere.

Den finaste dagen


I dag er det den finaste dagen. Det er roleg på jobb, eg vart ferdig med ein viktig milepæl i eit stort prosjekt i går, og dagen i dag går med til å fungere for sjefen, rydde opp og drikke fredagskaffe. Når eg kjem heim er eg åleine. Eg har hatt barna her i ti dagar, no drar dei til pappaen sin og det vert stille i huset. Eg elskar barna mine, men det er også deilig å ha tomt hus, at det berre er meg her. På toppen av det heile har vaskedama vore her, og alt er strøkent. Eg er så glad i vaskedama mi, ho gjer ein kjempejobb. Ho tek til og med ut av oppvaskmaskinen, og alt er reint og på plass når eg kjem heim. Slike damer er gull. I kveld skal eg ut og møte nye menneske eg ikkje har møtt før, ein heil gjeng, faktisk. Det blir spennande, ein smule skrekkblanda fryd, men mest glede, vonaleg. Eg ynskjer alle som stikk innom her i dag og i kveld …

Not for the faint hearted


Folk jobbar med mykje rart, dei to som er i denne filmen arbeider i toppen av master med teknisk vedlikehaldsarbeid. Det hadde ikkje vore meg, så mykje kan eg seie. Eg har ikkje høgdeskrekk, men eg har livet kjært. For at vi skal ha fjernsyn, mobiltelefonar og andre duppedittar er det sikkert nødvendig med slike master. Og nokon må vedlikehalde dei. Eg er berre glad at nokon gjer den jobben, slik at eg slepp. Denne filmen kjem med advarslar. Ikkje sjå den viss du har tendensar til høgdeskrekk. Og viss du ser den, husk å puste. Eg heldt på å svime av, eg trur eg holdt pusten nærare eit halvt minutt midtvegs. Unngå det. And have fun.

Fin fredag


Det er deilig når sola skin, og energien er der sjølv om arbeidsveka er slutt. Og det kjem godt med, på søndag er det ny konfirmasjon, denne gongen med sytti gjestar, og rømmegraut med tilbehør, dessert og kakebord. Eg har allereie hatt ein runde i hagen, rydda og fjerna daude plantar og til og med fått luka litt. Eg lærer aldri, gjekk i gang før eg hadde vore oppe og skifta, så den kvite, pene jobbuksa er ikkje så kvit og pen lenger. Det har eg etter far min, han har hatt (og har) mange rundar i bussgarasjen i findressen. No skal eg avgarde og planlegge konfirmasjon, eg vil berre aller først ynskje deg som stikk innom ein fin fredag, og ei fin helg.

Gratis Dag og Tid, anyone?


Eg har fått lov til å gi bort tre vekers gratis abonnement på Dag og Tid, den fine nynorskavisa som eg vaks opp med, som alltid kom på laurdag (no kjem den på fredag) og som eg likar så godt. Viss du har lyst på tre fredag med Dag og Tid gratis, så send meg ein mail. Då kan du tre fredagar på rad kose deg med ein intellektuell og humoristisk gåvepakke. God fredag!

Påkalling


Påkalling Gjev meg ein dag og ein kveld Lat det ljosna i romet sidan skymast Eg vil få smilet ditt og alt som liknar deg Eg vil legge armane kring deg der vona bur utan å tenke på døden Eg vil flyge med deg ut gjennom vindauga inn i skyheimen setje meg hos deg under den gamle asken som lærer oss visdom Eg vil fylle brystet ditt med nordavinden sin lengt blåse ut av tankane dine mørkeredsle og innbillingar Krukker og hagar får bere nye blomar: himmelurt vidlendefiol songløvetann og det får drype honning av lufta og Ljoset sin fødselsdag vert lesen høgt Gjev meg berre ein dag og ein kveld og sidan: Kvar dag kvar kveld medan vi lever Johann Hjalmarsson (1939)

Critical mass


I ettermiddag møtest byens syklistar på Slottsplassen kl. 17, til arrangementet Critical mass. Critical mass er eit arrangement som har til formål å promotere sykling som framkomstmiddel i trafikken. Fenomenet byrja i San Francisco i 1992, og som har spredd seg til fleire hundre byar over heile verda. Aksjonen har til formål å vise kor dårleg byen er tilrettelagt for syklistar. Sykkelturane går kvar siste fredag i månaden rundt omkring i byen, og vil du vere med så heng deg på. Er ikkje dette ein fin måte å sykle helga inn på, så veit ikkje eg!

Helgemoro


Helga nærmar seg, og for min del er den første jobbveka etter ferien ferdig om nokre timar. Det var heftig å kome tilbake på jobb, med nye prosjekt og full fart. Dei dagane då alt står på hovudet er gode dagar, så eg heng med som best eg kan. Eg har to tips til deg som er i Oslo og som er glad i bøker. Det er nemleg to marknader denne helga, like ved kvarandre. Aschehoug har sin bokmarknad på Sehesteds plass, og Tronsmo har sitt i Christian Augusts gate. Begge delar er vel verd å stikke innom. Eg kan vel berre nemne fenomenet julegåver? Fredagens bilde er frå ein fin park i Paris, berre for å minne om deilige feriedagar. Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg, ta vare på deg sjølv og dine!

Siste feriefredag!


Denne fredagen er siste dagen i min ferie, og eg nyt den i langdrag. I kveld tenkte eg å dra med meg nokre av dei eg har rundt meg ned på rådhusplassen for å høyre Oslo-filharmonien framføre Beethovens niande symfoni, det trur eg blir strålande fint. I morgon får eg kanskje til ein sopptur, og så er eg open for alt som skjer. Eg ynskjer alle som stikk innom ei strålande fin helg, ikkje med eit blomebilde som vanleg men med eit regnbilde frå Paris. Det er teke inne i hagen til Palais Royal der du finn både Serge Lutens, Marc Jacobs og andre morsomme ting. Ta vare på deg sjølv og dei du er glad i!

Fredagsfred


I bakgrunnen står det på noko Hannah Montana-greier, men i mitt sinn er det ganske roleg. Ei veke står att med jobbing, så er det ferie for meg og. Elleveåringen ynskjer seg tikka masala til middag, det skal han få. Men først må eg inn her og ynskje dokke som stikk innom ei god og fredeleg helg. Bildet ved sidan av her er ikkje av mine roser, men frå den hagen eg besøkte forrige helg. Nydelege, ikkje sant? Eg kryssar fingrane for at alle får mest mogeleg sol, og at regnet i nord tek til vett og flyg – lenger nord. Fin fredag! 🙂

Feriefredag


Denne lekre buketten lagde kjære tidlegare denne veka, og då ho tok ferie fekk eg den. Er den ikkje nydeleg? Når eg får blomar til fest er det fast rutine at eg ganske enkelt gir den til henne, og så arrangerer ho dei på lekraste vis. Eg lagar mat, ho ordnar med blomane. Grei arbeidsfordeling. Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg, og god ferie til dei som tek det no, eller er midt i den. Dersom feberen slepp taket er planen å reise til Arendal for å servere øl på Moringen. Sjåast vi der?

I morgon, i morgon


-står Alt godt i baren på Moringen pub. Det skal ikkje bli ein vane, men akkurat denne dagen er spesiell. Stavangerensemblet spelar i Kolbjørnsvik, og det blir ein deilig, nostalgisk åttitalsfest med masse gamle hits, slitne jeans og tynt hår på toppen. Sjekk ut meir info her, og bli med om du er i området. Ha ein fin fredag! 🙂