Month: oktober 2015

Frittata, tortilla, potato, tomato

Då eg posta frittataen med vårløk, bønner og fetaost i går,  vart eg gjort merksam av ein observant lesar at eg blanda saman det spanske og det italienske namnet på denne retten. Lesaren har sjølvsagt heilt rett, og det opprinnelege er etter fattig evne forsøkt korrigert. Men korleis kan ein gå seg så vill? Eg trur ganske enkelt det er fordi eg syns det er så utruleg ulogisk at denne omelettvarianten heiter tortilla. For meg er tortilla ei lefse, som ein pakkar ting inn i. Dessutan var eg i Italia då eg lagde desse deilige rettane, så det spørs om eg ikkje vart litt påverka av akkurat det. Viss eg hadde løfta kameraet litt då eg tok bildet nedanfor så hadde du sett dei toscanske åsane i det fjerne. Så då held vi oss til det italienske, og held fast på frittatanamnet på desse saftige, smakfulle omelettane. Frittata med paprika, kvite bønner og poteter To små eller ein stor paprika 4 fedd kvitløk 1 gul løk 1 ss lys balsamico 400 g poteter Ein boks …

Frittata med vårløk, bønner og fetaost

Skal du mette mange? Då er ein frittata perfekt å servere. Frittata er ganske nær den spanske tortillaen, ein del av det spanske tapas-bordet. Då vil ein typisk få den servert romtemperert, skoren i terningar med ein liten pinne i. Som lunsjrett delar eg den i porsjonsstorleik. Då kan den serverast varm eller lunka. Skal du ha mange til bords kan du supplere med andre klassiske tapasrettar som oliven, manchego, god spekeskinke og ei skål olje med balsamico i. Ein frittata kan varierast på uendeleg mange måtar. Den klassiske er med løk, kvitløk og poteter, men ein kan også ha i kjøtrestar, bakt paprika, ulike typar ost eller bønner. I dag har eg laga to variantar, ein med paprika og poteter, og ein med vårløk, bønner og fetaost. Begge variantane du får oppskrift på i dag er vegetariske, så dei passar også som vegetaralternativ på ein buffé med mange rettar. Frittata med vårløk, bønner og fetaost To små eller ein stor paprika 1 gul løk 1 ss lys balsamico 150 g kokte kvite bønner 400 g kokte …