Billig mat, Veggis
Kommenter innlegget

Frittata med vårløk, bønner og fetaost


Skal du mette mange? Då er ein frittata perfekt å servere. Frittata er ganske nær den spanske tortillaen, ein del av det spanske tapas-bordet. Då vil ein typisk få den servert romtemperert, skoren i terningar med ein liten pinne i. Som lunsjrett delar eg den i porsjonsstorleik. Då kan den serverast varm eller lunka. Skal du ha mange til bords kan du supplere med andre klassiske tapasrettar som oliven, manchego, god spekeskinke og ei skål olje med balsamico i.

Ein frittata kan varierast på uendeleg mange måtar. Den klassiske er med løk, kvitløk og poteter, men ein kan også ha i kjøtrestar, bakt paprika, ulike typar ost eller bønner. I dag har eg laga to variantar, ein med paprika og poteter, og ein med vårløk, bønner og fetaost. Begge variantane du får oppskrift på i dag er vegetariske, så dei passar også som vegetaralternativ på ein buffé med mange rettar.

IMG_6642 kopiFrittata med vårløk, bønner og fetaost

To små eller ein stor paprika

1 gul løk

1 ss lys balsamico

150 g kokte kvite bønner

400 g kokte poteter i terningar

8 egg

Salt og peppar

Smør/olje til steiking

Sett steikeomnen på 190 grader.

Snitt vårløken fint. Skrell den gule løken, og snitt den i fine strimlar. Rens og finhakk kvitløken. Smelt ei spiseskei smør eller ha olje i ei steikepanne, og steik løkstrimlane til dei er blanke og byrjar bli gylne. Salte og pepre litt, og slå over lys balsamico. Har du ikkje det, så bytt det ut med 1 ss eplecidereddik og ½ ts sukker. Rør godt, og sett til side. Du kan også steike potetene litt på same måte, det gir endå betre smak.

Knekk egga i ein bolle, og pisk dei lett saman. Smak til med salt og peppar, til denne porsjonen bør du ha i ca. 1 ts salt.

Smør ei eldfast form med olje eller smelta smør. Fordel den gylne løken og potetterningane i forma. Dryss i fetaosten og bønnene, og fordel vårløken utover i forma til slutt. Min fetaost hadde litt soltørka tomatar i oljen, den fordelte eg også i forma. Slå over eggeblandinga, og bak frittataen i omnen på 190 grader i 20-25 minutt, til frittataen er ganske fast i midten. Server frittataen med ein frisk salat.

This entry was posted in: Billig mat, Veggis
Tagged with: , ,

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s