Det nærmar seg helga, og då er det rom for kaker, iallfall hos meg. Og ei saftig sjokoladekake er aldri feil. Denne mørke sjokoladekaka er så enkel å lage, og så smakar den intenst sjokolade. Og det endå det ikkje er sjokolade i sjølve kaka, berre kakao. Den mørke sjokoladen får vere med i den lekre, glatte kremen som eg har fylt og dekt kaka med.
Når du lagar denne kaka må du planlegge litt. Botnane må få kolne i forma, og dei må vere kalde før du legg kaka saman. Sjokoladekremen bør også få stå nokre timar, for at den skal vere god å jobbe med. Så lag kaka dagen før du skal servere den, er mitt beste råd.
Du syns kanskje det er rart at kaka ikkje inneheld bakepulver, men det er altså ei tung, mektig sjokoladekake som eigentleg er meir som konfekt enn ei kake. Den vert heva med egga, som skal piskast til eggedosis. Og når kaka har kolna er den ikkje høg og luftig, men mørk og kompakt. Det er akkurat slik det skal vere, ikkje ver redd viss den ser flat ut.
Steiketida er også slik at kakebotnane ikkje skal stivne heilt. Viss du ser mørk, våt røre i sprekkene på kaka når du tek den ut så er det og akkurat som det skal vere. Difor må den også kolne i forma, eller kanskje eg skal heller seie at den må stivne i forma. Byrjar du å jobbe med den medan den framleis er varm kan du risikere at den fell frå kvarandre.
Eg lagar to botnar og legg dei oppå kvarandre. Nettopp sidan kaka er utan bakepulver er den ikkje tørr nok til å delast i to. Har du ikkje to former, så lag ei med halv røreporsjon, la den kolne, vask forma og lag ei til.
200 g smør
4 egg
4 dl sukker
2 dl mjøl
1,5 dl sikta kakao
½ ts salt
2 ts vaniljesukker
Sett omnen på 175 grader.
Smelt smøret, og sett til sides. Smør to 22 cm former, ha i mjøl som du bankar rundt i forma, og så bankar du ut det mjølet som ikkje festar seg. Har du springform, så bruk gjerne bakepapir i botnen i staden for å smøre botnen.
Visp egg og sukker til eggedosis. Rør inn smøret medan du framleis piskar. Bland mjøl, kakao, salt og vaniljesukker i ei skål, og sikt det i kakerøra. Rør til ei glatt røre.
Fordel røra i formene. Steik botnane på 175 grader i 22-24 minutt. Dei skal ikkje bli gjennomsteikte. La dei kolne i formene, og la dei gjerne stå til neste dag.
Sjokoladekrem
200 g mørk sjokolade
1 dl fløte
5 ss sukker
75 g smør
Finhakk sjokoladen, og ha den i ei skål. Kok opp fløten og sukkeret, og hell det over sjokoladen. La det stå ei lita stund, slik at sjokoladen smeltar.
Når sjokoladen har smelta rører du inn klattar med smør. Vend det heile rundt til det har blitt ein smidig krem. La kremen stå i romstemperatur i 2-4 timar.
Legg den eine kaka på eit fat. Smør snautt halvparten av kremen på den eine kaka. Legg på den andre botnen, og smør resten av kremen utanpå heile kaka. Pynt med bær.
Foto: Linda Mee-Lin Leung