Month: februar 2015

Skrei med soyasaus, kålsalat og bakte tomatar

No kjem vårteikna eit etter eit: Det blir lysare om morgonen, sola har ikkje lenger gått ned når du kjem heim frå jobb, og det er tulipanar i butikkane. Likevel er mitt favorittvårteikn at det er fersk skrei i fiskedisken. Det er så utruleg enkelt å servere, det smakar så godt, og ein skreimiddag gjer alle mette, glade og fornøgde. I dag serverer eg skreien pannesteikt, med bakte tomatar, kålsalat og soyasmør til. Torsk kan enkeltpanerast og dobbeltpanerast. Ved enkeltpanering vender du fisken i krydra mjøl, og då går den rett i panna med rikeleg med smør. Når du dobbeltpanerer skal den først i krydra mjøl, så skal den vendast i egg og til slutt skal den ein runde i ei skål med griljermjøl eller panko. Dobbeltpanering gir den aller mest smakfulle overflata, mykje fordi den trekker til seg deilig smør. Enkeltpanering går mykje raskare, det er mindre griseri og maten blir ikkje så feittrukken som med dobbeltpanering. Eg vaks opp med at smelta smør (vel, eigentleg margarin) var ein heilt adekvat saus til middagsmat. …

Pannacotta med ananassalsa

Dagens dessert er pannacotta. Pannacotta bør lagast dagen før. Denne desserten er søt og mild, men med ananassalsa til så blir det litt sting i den. Deilig! Pannacotta med ananassalsa 8 dl kremfløte 3 dl naturell yoghurt 1 dl sukker 1 ts vaniljesukker 6 plater gelatin Legg gelatinen i kaldt vatn. Kok opp fløten med sukker og vaniljesukker. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei inn i fløten. Rør inn yoghurten til slutt. Hell fløteblandinga i porsjonsglas, og set kaldt i minst seks timar. Ananassalsa Ein ananas Ein raud chili 2 ss honning (viss ananasen ikkje er søt nok) Rens og finhakk ananasen, og ha den i ein bolle. Rens og finhakk chilien. Rør inn honning viss det trengst. Fordel ananassalsaen oppå den stivna pannacottaen rett før servering. Viss du ser nøye på bildet ser du at det er chili i den eine rekka, men ikkje i den andre. Denne desserten serverte eg i eit selskap med mange barn til stades, og eg tenkte at barna ville unngå chili. Så feil kan ein ta. Ungane …

Äntligen!

Endeleg er den her, den laktosefrie kremosten frå Tine! I Sverige har dei hatt den lenge, og eg hadde ingen problem då eg skulle lage ein deilig krem av pepparrot og varmrøykt laks, ikkje så ulik den eg fylte i denne smørbrødkaka, til nyttårsmiddagen vår i fjor. Då hadde vi nemleg mi kjære laktoseintolerante venninne med mann som gjestar, og det var lett å lage noko som ho kunne tole med svensk laktosefri ost. No er den altså komt i produksjon i Norge og, etter mykje om og men, og lang ventetid. Så no kan Hilde få laktosefri tiramisu og alt mogeleg anna godt med kremost. Hurra!

Sashimi med teriyaki-dressing

Sushibølga har slått over oss, og sashimi er sushi utan ris. Det er ein perfekt forrett til ein fyldig og mettande middag. Teriyakisaus får du kjøpt i velassorterte butikkar, eg smakset min med litt rista sesamfrø og lime. Skal du lage forretten i god tid er det best om du ventar med å ha på sausen. Sidan det er lime i den så er den syrleg, og det kan ”koke” fisken viss det blir ståande for lenge. Men du kan gjerne skjere opp laksen og la den ligge klar på fat tre-fire timar før servering, så lenge den står tildekt og kaldt. Sashimi med teriyaki-dressing 50 g laks av salma-type per person 2 ss sesamfrø 1 dl teriyaki-saus Safta av ein halv lime To chiliar, raude To stilkar vårløk Sett ei tørr panne på plata, og varm den opp til den er godt varm. Dryss i sesamfrø, og rist dei i eit par minutt til dei er gylne og fine. Press limesafta, og bland den i teriyaki-sausen. Rør inn frøa. Del ein av chiliane i …

Oksegryte med søtpoteter og persillerot

I dag har eg laga ei kjøttgryte med rotgrønsaker og paprika. Det er ein slags variant av biff stroganoff, og den er laga av billig og seigt oksekjøt. Men det seige kjøtet er det beste når det får koke lenge, så det handlar berre om å vere tolmodig. Eller eventuelt å ha ein trykkokar. Når ein er mange til bords må det mykje kjøt til, og det å stå og steike kjøtet i porsjonar i gryta er uendeleg kjedeleg, og fyller huset med steikeos. Eg fann ein genial måte å gjere dette på, som går mykje fortare, og som skjer medan du gjer andre ting. Eg steiker kjøtet med varmluft i steikeovnen! Då får eg i gang ein fin mailliard-prosess, den gjer at kjøtet vert brunt og ikkje minst at det blir masse deilig smak i gryta. Denne framgangsmåten går også fint å bruke viss du skal lage vilgryte, elggryte eller liknande. Har du trykkokar så puttar du så kjøtet i gryta, får opp trykket, og så er kjøtet mørt på førti minutt. Har du …