Billig mat, Fisk, Mat, Middag, salat, Tilbehør
Leave a Comment

Skrei med soyasaus, kålsalat og bakte tomatar

No kjem vårteikna eit etter eit: Det blir lysare om morgonen, sola har ikkje lenger gått ned når du kjem heim frå jobb, og det er tulipanar i butikkane.

Likevel er mitt favorittvårteikn at det er fersk skrei i fiskedisken. Det er så utruleg enkelt å servere, det smakar så godt, og ein skreimiddag gjer alle mette, glade og fornøgde.

I dag serverer eg skreien pannesteikt, med bakte tomatar, kålsalat og soyasmør til. Torsk kan enkeltpanerast og dobbeltpanerast. Ved enkeltpanering vender du fisken i krydra mjøl, og då går den rett i panna med rikeleg med smør. Når du dobbeltpanerer skal den først i krydra mjøl, så skal den vendast i egg og til slutt skal den ein runde i ei skål med griljermjøl eller panko. Dobbeltpanering gir den aller mest smakfulle overflata, mykje fordi den trekker til seg deilig smør. Enkeltpanering går mykje raskare, det er mindre griseri og maten blir ikkje så feittrukken som med dobbeltpanering.

Eg vaks opp med at smelta smør (vel, eigentleg margarin) var ein heilt adekvat saus til middagsmat. Det er det mykje slutt på trur eg, det er berre til ball at vi har smelta smør på bordet. Men smørsausar er det ikkje slutt på, og den eg lagar i dag er superenkel med berre to ingrediensar; smør og soyasaus. I og med at soyasaus er vassbasert og smør er feitt så må sausen gå direkte frå panna til tallerkenen. Ventar du skil den seg. (Den smakar like godt, då.) Men rett frå steikepanna, med litt restar frå fiskesteikinga og paneringa, vert den kjempegod.

Skrei med soyasaus, kålsalat og bakte tomatar

IMG_6472Bakte tomatar

Ei stor grein med cherrytomatar

Olje, salt og peppar

Set steikeomnen på 220 grader.

Legg tomatane i eit eldfast fat. Dei treng ikkje vere på grein, dei kan også vere direkte frå eit plastbeger. Ringle over olivenolje, og dryss på salt og peppar. Bak tomatane på 220 grader i 20 minutt.

IMG_6473Kålsalat

Ein skalk kvitkål (ca. 300 g)

Ein halv raudløk

5 cm purre

Vinaigrette

2 ss olje

1 ss eplecidereddik

½ ts salt

Ei klype peppar

Rør saman vinaigretten. Snitt raudløk og purre fint. Legg raudløk og purre i vinaigretten i 10-15 minutt. Snitt kålen fint, og vend den inn i vinaigretten. Sett til side.

IMG_6476Pannesteikt skrei

200-250 g fisk per person

4 ss kveitemjøl

2 ts salt

½ ts svart peppar

Smør og olje til steiking

4 ss smør

2 ss soyasaus

Rør saman mjøl, salt og peppar i ei skål, og hell det ut over ein tallerken. Skjer fisken i passe store bitar. Vend fisken i det krydra mjølet. Smelt 2 ss smør i ei steikepanne. Ha i ei ss matolje og, det gjer at smøret ikkje brenn seg. Steik fisken på alle sider slik at den er gyllen. Legg den på eit eldfast fat, og sett fatet i omnen.

Ha 4 ss smør i steikepanna, og grav ut alt det gode som er i panna med ein steikespade eller ein slikkepott som toler varme. Rop alle til bords, og server tomat, fisk og kålsalat. Slå på soyasausen, og rør kraftig saman medan det kokar opp. Server sausen med ein gong, rett frå panna. Dette er ein smaksrik saus, så det skal ikkje så mykje til kvar av den, naturleg nok.

Leave a Reply