Fest, Mat, Noko søtt
Kommenter innlegget

Pannacotta med ananassalsa


Dagens dessert er pannacotta. Pannacotta bør lagast dagen før. Denne desserten er søt og mild, men med ananassalsa til så blir det litt sting i den. Deilig!

IMG_6457Pannacotta med ananassalsa

8 dl kremfløte

3 dl naturell yoghurt

1 dl sukker

1 ts vaniljesukker

6 plater gelatin

Legg gelatinen i kaldt vatn. Kok opp fløten med sukker og vaniljesukker. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei inn i fløten. Rør inn yoghurten til slutt. Hell fløteblandinga i porsjonsglas, og set kaldt i minst seks timar.

Ananassalsa

Ein ananas

Ein raud chili

2 ss honning (viss ananasen ikkje er søt nok)

Rens og finhakk ananasen, og ha den i ein bolle. Rens og finhakk chilien. Rør inn honning viss det trengst. Fordel ananassalsaen oppå den stivna pannacottaen rett før servering.

Viss du ser nøye på bildet ser du at det er chili i den eine rekka, men ikkje i den andre. Denne desserten serverte eg i eit selskap med mange barn til stades, og eg tenkte at barna ville unngå chili. Så feil kan ein ta. Ungane spiste chilisalsa, dei eldre derimot, ville gjerne ha den milde. Fine greier, og alle vart fornøgde.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s