All posts tagged: pannacotta

Brunostpannacotta

Når det gjeld denne desserten må eg aller først unnskylde meg for å gjenta meg sjølv. Eg veit at vi lagde pannacotta for to veker sidan og. Men denne helga lagde eg brunostpannacotta, og det vart så utruleg godt at eg berre må dele den oppskrifta. Eg lovar at eg skal ikkje kome med fleire pannacottaoppskrifter på lenge. Kors på halsen. Berre du lovar å lage brunostpannacotta. Det er knallgodt! Eg var innom Mathallen her om dagen, og brunosten eg brukte til denne pannacottaen var ein ekte geitost frå Mjølkerampa, Tine sin utsalsplass for trua ostetypar i Mathallen. Har du ikkje slike fancy brunosttypar tilgjengeleg, så kan du like gjerne bruke gudbrandsdalsost. Alt fungerer, unntatt dei med lite feitt i. Brunostpannacotta 5 dl matfløte 3 plater gelatin 1 cm tjukk skive av ein brunost (ca. 100 g) 2 ss sukker Rosiner i rom eller eplejuice Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i ein bolle. Riv osten på den grove delen av rivjernet. Kok opp fløten, og rør i osten. Rør godt slik at den …

Pannacotta med ananassalsa

Dagens dessert er pannacotta. Pannacotta bør lagast dagen før. Denne desserten er søt og mild, men med ananassalsa til så blir det litt sting i den. Deilig! Pannacotta med ananassalsa 8 dl kremfløte 3 dl naturell yoghurt 1 dl sukker 1 ts vaniljesukker 6 plater gelatin Legg gelatinen i kaldt vatn. Kok opp fløten med sukker og vaniljesukker. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei inn i fløten. Rør inn yoghurten til slutt. Hell fløteblandinga i porsjonsglas, og set kaldt i minst seks timar. Ananassalsa Ein ananas Ein raud chili 2 ss honning (viss ananasen ikkje er søt nok) Rens og finhakk ananasen, og ha den i ein bolle. Rens og finhakk chilien. Rør inn honning viss det trengst. Fordel ananassalsaen oppå den stivna pannacottaen rett før servering. Viss du ser nøye på bildet ser du at det er chili i den eine rekka, men ikkje i den andre. Denne desserten serverte eg i eit selskap med mange barn til stades, og eg tenkte at barna ville unngå chili. Så feil kan ein ta. Ungane …