Month: januar 2021

Nybakt grovbrød

Ballbrød – grovbrød

Akkurat no er det potetballtid. Potetene har vore lagra sidan i haust og har passe mykje tørrstoff, og vi treng noko som mettar utan å vere for feitt. Når så ballen er kokt og fortært står du der med ei diger gryte med sø.  Dei fleste let det sikkert gå i vasken. Men ikkje heime der eg kjem frå, der bakar vi brød med det! Det vil seie, det var mor mi som kom opp med idéen. Det vert fantastisk gode brød, saftige, smakfulle og haldbare. Det er ikkje naudsynt å ha salt i brødet, for ballesøet er salt frå før. Skorpa på desse brøda vert sprø og fin, og smaken er nydeleg god. Dei smakar ikkje poteter eller ball, dei har berre ein veldig god brødsmak. Eg bakar brøda i form, då er dei lettare å handtere, og å skjere opp. Om du får tre eller fire brød av denne oppskrifta avheng av kor store former du har. Mine er vel blant dei største som du får tak i, og då får eg tre …

Potetball raspeball lagt opp på fat

Potetball frå Sunnmøre

No er tida her! Potetene har blitt lagra sidan i haust, då er dei perfekte til ball. Du finn môrpølse og vossakorv til halv pris i butikken, og rabbene er saftspente og fine i grønsaksdisken. Det er til og med torsdag i dag. Det er ingenting å lure på, lag ball! Potetball frå Sunnmøre 0,5 kg kokt, kald potet, skrelt 1 ,5 kg rå potet, skrelt 1 ss salt ca. 5 dl byggmjøl Bacon eller lettsalta sideflesk til dott Salt og/eller svor til kokevatnet Gulrot, kålrot og gjerne nokre gode pølser til å servere ved sidan av. Utstyr: Kjøkkenmaskin med kjøttkvern, ei romsleg (minst 7-8 liter) gryte, helst ei låg og vid om du har Mal dei kokte potetene først. Mal så dei rå potetene, køyr gjerne etter med ei tørr brødskorpe for å få det siste ut av kverna. Sett saltvatnet på kok. Har du sideflesk eller bacon i, så kjøp det med svor. Svora kan koke med i krafta, og gir nydeleg smak. Ha potetblandinga i ein bolle, og rør inn salt. Ha …