No er tida her! Potetene har blitt lagra sidan i haust, då er dei perfekte til ball. Du finn môrpølse og vossakorv til halv pris i butikken, og rabbene er saftspente og fine i grønsaksdisken. Det er til og med torsdag i dag. Det er ingenting å lure på, lag ball!
Potetball frå Sunnmøre
0,5 kg kokt, kald potet, skrelt
1 ,5 kg rå potet, skrelt
1 ss salt
ca. 5 dl byggmjøl
Bacon eller lettsalta sideflesk til dott
Salt og/eller svor til kokevatnet
Gulrot, kålrot og gjerne nokre gode pølser til å servere ved sidan av.
Utstyr: Kjøkkenmaskin med kjøttkvern, ei romsleg (minst 7-8 liter) gryte, helst ei låg og vid om du har
Mal dei kokte potetene først. Mal så dei rå potetene, køyr gjerne etter med ei tørr brødskorpe for å få det siste ut av kverna.
Sett saltvatnet på kok. Har du sideflesk eller bacon i, så kjøp det med svor. Svora kan koke med i krafta, og gir nydeleg smak.
Ha potetblandinga i ein bolle, og rør inn salt. Ha i byggmjøl litt og litt, og kjenn etter om deigen blir passe tjukk. Juster med nokre skeier kveitemjøl eller havregryn viss deigen er for tynn. Eit gamalt råd er at sleiva skal stå greit i bollen, då er deigen passe. La den stå og kvile medan du skjer sideflesk/bacon i bitar. Flesket kan godt steikast litt før du lagar ball med det. Det gir god smak.
Form deigen som ei grop i handa, legg ein bit flesk i midten og lukk den att. Form den rund og fin, og slepp den forsiktig, gjerne med hjelp av ei sleiv, opp i kokevatnet. Kokevatnet skal ikkje boble, det skal berre akkurat syde under kokepunktet.
La ballen trekke i ca. ein time. Server med kokt kålrot, gulrøtter, smelta smør og môr. Har du pinnekjøtrestar liggande i frysaren, både kraft og kjøt, kan du bruke dette. Eg har ofte servert ball med fåreribberestar til, og med sjya frå fåreribba i staden for baconfeitt.
Droppar du bacon, så er potetball eller raspeball faktisk vegansk.
Når du har teke ballen ut av krafta, så ikkje kast den! Du kan fint bruke den til dømes til å bake brød med.
God morgon Gunda! Visst er det komletid. Denne oppskrifta her kor mange personar reknar du den til?
Eg trur nok at iallfall seks personar vil bli mette av denne oppskrifta. Har du fleire til bords supplerer du med meir tilbehør, som kokte grønsaker, pølser og kanskje salt kjøt. Vi lagar alltid stor porsjon uansett, og så steiker vi ballen i skiver i dagane etter. Det er dei beste restemiddagane. 🙂