-Og så kjem ein av dei store klassikarane: Berlinerkransane.
Dette er ei småkake som må vere med, den er ei av dei sju viktigaste slaga, og den vert også rekna som ei av dei vanskelegaste. Det er fordi deigen må haldast kald, for elles vert den vanskeleg å arbeide med. Eg har høyrt at drevne bakarar lagar berlinerkransar framfor ope vindu, det syns eg høyrest risikabelt ut no i desember. Men viss du slit så kan det lønne seg å berre ta ein pause, sette deigen kaldt igjen, og så byrje på nytt etter at deigen har blitt kald.
Eg er så heldig at eg har tilgang til det svenske perlesukkeret, det er kvitt og fint, og gir den rette utsjånaden på berlinerkransane, syns eg.
Berlinerkransar
4 egg
125 g sukker
250 g smør, kjøleskapskaldt
300 g kveitemjøl
Perlesukker til dryss
Kok to av egga i ti minutt, til dei er hardkokte. Skrell dei, fjern kvitene og la plommene kolne i ei skål.
Skill dei to andre egga, og ha plommene i ei romsleg skål.
Ta dei to kokte plommene i eit fint såld, og press dei gjennom nettet. Pass på at du held i nettet og ikkje i kanten, elles kan du risikere å få ståltråd i eggeblandinga. Rør saman, og tilsett sukkeret. Pisk dette lyst og lett.
Ha mjøl og smør i terningar i ei matmølle. Køyr det til ein grynete masse. Rør det inn i eggeblandinga litt og litt, til du får ein passe fast deig. Ikkje elt deigen for mykje. Når deigen har fått ein god konsistens pakkar du den i plast, og set den kaldt til dagen etter.
Når kransane skal bakast ut er det smart å lage seg eit mål, ein liten pappstrimmel som er passe lang å forme kransane etter. Del deigen i små emne, ca. 15-20 gram, kanskje? Emna kan du oppbevare i kjøleskap, og ta ut nokre få om gongen. Trill kvart emne til ei 12 cm lang pølse. Legg eine enden over den andre, og legg berlinerkransen på eit steikebrett med bakepapir. Sett dei kaldt igjen.
Når du er klar til å steike tek du kransane ut, dyppar dei i eggekvite (frå egga du skilte dagen før), og så i perlesukker. Legg dei så på bakebrettet. Dei hevar seg ikkje spesielt mykje.
Sett steikeomnen på 180 grader. Steik kransane til dei er lyse og gylne, ca. 10 minutt. La dei ligge på bakepapiret til dei har kolna før du legg dei på rist. Oppbevar dei i tette boksar.