Month: oktober 2011

Graskarsuppe

På oppmoding legg eg ut oppskrifta mi på graskarsuppe. Å kaste innmaten som du grev ut av graskaret for å lage lykt er synd og skam, den massen kan bli til ei deilig suppe. Slik gjer du det: gresskarsuppe Graskarsuppe Ca. 1,5 kg graskarkjøt To løkar 4 fedd kvitløk 1 ss tomatpuré 2 ts spisskummen 1 ts paprika Smør eller olje 1,5 liter vatn Buljong Fire-fem salvieblad Riven muskat Salt, peppar og sukker Finhakk løken og kvitløken. Fres den i smør eller olje i ei vid gryte. Ha i tomatpuré, paprika og spisskummen. Grovhakk graskarkjøtet. Fres nokre minutt før du har i graskarbitane. Slå på vatn og det du måtte ha og like av buljong samt riven muskatnøtt. Hakk salvieblada, og ha dei i. Har du ikkje salvie, så kan du bytte det ut med litt timian. La suppa koke i 20 minutt. Køyr den glatt med stavmiksar før du smakar den til med salt, peppar og ei klype sukker. Server med godt brød og smør til. Brukar du olje i suppa er denne suppa …

Og vinnaren er…

Eg hadde eigentleg satt påmeldingsfristen til onsdag ved midnatt. Men så plukka forlaget opp at eg hadde laga konkurranse, og så vart det plutseleg fleire deltakarar som meldte seg på. Då vart eg nøydd til å gjennomføre eit jurymøte med meg sjølv, og fann ut at eg lot etterslengarane vere med i trekninga. Men då eg gjekk inn på http://www.random.org så valde den automatiske tallgeneratoren talet to. På andreplass på mi liste sto Lise! Så Lise er vinnaren av av boka Frie kaker. Gratulerer! Eg legg ved skjermdump som dokumentasjon.

Moderne vilt

Urinnstinktet kjem fram i oss når vi får samle og jakte. For min del handlar det mest om samling, men eg har folk i nær familie som også vil jakte, og då dryp det på oss når viltet skal parterast og fordelast. To dugelege stykke reinsdyrkjøt fekk vi ta hand om, og det vart mat til seksten svoltne vaksne og ein liten gjeng med barn i tillegg. No har eg tilpassa oppskriftene til eit alminneleg søndagslag, så du kan gjenta suksessen om du får tak i godt kjøt. Viss du følgjer denne oppskrifta har du mat til iallfall åtte personar. Det moderne ved den er at eg serverer den med ein plommechutney i staden for det klassiske tyttebærsyltetøyet, og at eg smakset sausen med blåmuggost i staden for meir tradisjonelle ingrediensar.  Denne oppskrifta kan brukast både på hjort og elg. Ikkje bruk den på det aller finaste kjøtet, dette kjøtet vert kokt lenge, og alt vert mørt med så lang koketid. Å lage gryte til mange er ei logistisk utfordring, det er eit stort og …

Årets halloweenlykter

Eg elskar å skjere ut graskarlykter!  Graskarlykter er fine, og sjølv om eg ikkje har dyrka mine eigne graskar så føler eg ikkje eg er med på kjøpefesten av den grunn. Det er gøy å sløkke lyset i oppgangen, ha nokre smålys i glas oppover trappa og så nokre skikkeleg skumle lykter innimellom. Det er ikkje så vanskeleg og tidkrevande som det kan sjå ut heller, dei tre lyktene eg viser her lagde eg og gjestane mine i løpet av ein kveld. Du kan lage motiv på frihand, eller du kan søke etter pumpkin carving stencils, så finn du masse fine eksempel. Her i huset fekk eg bestilling på ein minecraftfigur som heiter Creeper. Gjestane våre lagde ei fin kattelykt, også den på frihand, og den siste vart enkelt dekorert med stjerner og ein måne. Når du skal lage ei lykt er utgangspunktet eit stort, fint graskar. Det treng ikkje vere like vakkert frå alle sider, men det bør ha ei klar og ganske symmetrisk forside. Prisane varierer veldig, eg har sett alt mellom ti …

Brokkolisuppe med roquefort

Eg er glad i å bruke blåmuggost som krydder eller smakstilsetting i matrettar. Den har ein fin, feit, salt og fyldig smak. I dag har eg brukt blåmuggosten i ei suppe med brokkoli som hovudingrediens. Denne suppa går fort å lage, og er mettande og god. Server den med kvitløksbrød eller rista brød med litt av den same osten som du har brukt i suppa. Her har eg brukt klassisk roquefort, då blir den mogeleg å ete for dei som ikkje toler kumjølk så godt. Treng du ikkje ta slike omsyn kan du bruke alle typar blåmuggost, dei gode gamle norzola- og normanna-ostane kan også brukast i denne suppa. Slik gjer du det: Brokkolisuppe med roquefort 1 løk 2 store poteter Ein bukett brokkoli, ca. 400 g Olje til steiking 100 g roquefort eller annan blåmuggost 1 liter kraft eller kokande vatn med buljong/fond Skrell og finhakk løken og poteten. Ha dei i ei gryte saman med oljen, og surr det nokre minutt. Slå på kraft, og la det koke til grønsakene er møre. Ha …

Verdas beste trøffelkake

Vi må ha trøffelkake! sa kjæresten min då vi drodla om kva kaker vi skulle lage til familieselskapet på søndag. Eg byrja å leite etter oppskrifter, og fann mange, mange variantar. Trøffelkake kan lagast med mandelbotn eller med vanleg sjokoladekakebotn. Dei villaste lagar til og med italiensk marengs som dei har på toppen, og brunar den med brulée-brennar. Eg gjekk for den moderate varianten, med sjokoladekakebotn. Men det er kremen som gjer susen her, ein fyldig, fin smørbasert krem med eit hint av rom. Du kan velge om du vil bruke lys eller mørk sjokolade i denne kaka, alt etter kva du syns er best. Skal kaka serverast til vaksne vert det nok best med nokre dropar ekte vare. Men i dette selskapet skulle det naturleg nok vere barn til stades, og sjølv om eg brukar å kome unna med å seie at den kaka er for vaksne og ikkje noko god for barn, så brukte eg essens denne gongen. Det hender nemleg at dei ikkje går på slikt lureri. Slik gjorde eg det: Trøffelkake …

Innan midnatt! I morgon!

Eg hadde gløymt å sette ein frist for deltakinga i konkurransen om å få Frie kaker av Anne Spurkland. Gå inn i dette innlegget, og legg att ein kommentar om at du vil vere med før midnatt i morgon. Dersom du fortel om konkurransen i bloggen din og lenkar hit får du to lodd, det same får du viss du deler på facebook. I så fall må du seie frå her, slik at eg får telt det med. Fyr laus, og få bok! 🙂

Mitt vidundermiddel

Av og til kjem ein over overraskande enkle løysingar på ting som irriterer. Eg har lenge vore oppgitt over at det er så vanskeleg å få bort den sure lukta som lett set seg i klutar, handkle og treningsklede. Men for ei stund sidan oppdaga eg den magiske løysinga: Bruk eddik som skyllemiddel! Dette er særleg praktisk når eg vaskar mikrofiberklutar, som ikkje skal ha vanleg skyllemiddel. Etter nokre rundar med klesvask der skyllemiddelet er erstatta med eller supplert med eddik luktar alt av tekstilar reint og friskt her i huset. Når eg i tillegg huskar på å ikkje late att luka på vaskemaskinen, slik at ståande fukt får tørke ut, så er det ikkje meir vond lukt i klesvasken vår. Eddik kan kjøpast som essens, og blandast ut i forholdet 1:4 for å brukast i skyllemiddelkammeret. Men eg har høyrt at eddik kan brukast på andre måtar og. Har du funne ein smart måte å bruke eddik på?

Eg gir bort Frie kaker!

Milde gåver er alltid av det gode, og no har eg fått ei gåve som eg gjerne vil gje vidare. Eg har fått boka Frie kaker av Anne Spurkland. Denne boka er gitt ut på Spartacus forlag, og inneheld oppskrifter på kaker utan ulike ingrediensar som enkelte er allergiske mot, eller som ein ganske enkelt ikkje har i skapet. Sjeldan har eg funne ei så genial bok! Kokebøker er så mangt. Nokre er luftige i teksten, du får 50 oppskrifter for 300 kroner, og masse fine bilde. Det er fint og flott, men ikkje særleg økonomisk og praktisk. Anne Spurkland si bok er på ein annan planet. Den er tettpakka med faktastoff, den er lekker og gjennomarbeida, og den inneheld enormt mange oppskrifter, minst 150, utan at eg har telt. Den er også utruleg variert, med alt frå dei alminnelege ostekakene og muffins til gulrotkuler, pakora og ei lang rekke rå kaker lagt etter raw food-prinsippa. Har du ein allergikar i huset, i vennekrinsen eller ganske enkelt av og til går tom for basale ingrediensar …

Tenåringsfeiring

I dag er det stort familieselskap i heimen, han som til og med i går var tolv, vert tretten i dag. Det er han fine som då han var fire sa til bestemora si: Jeg er en luring, men jeg er snill. Det er han verkeleg. Han er ein tvers igjennom fin fyr som har vokst voldsomt i det siste, men framleis vil ha nattakos av mammaen sin, og som har onsdagsjobb med å gå tur med Pixie, ein fin hund vi kjenner. I går hadde vi fest med gutta, så kom alle frå klassen pluss eitt par til, og vi hadde bruskasseklatrekonkurranse, fem langpanner med pizza og ei med brownies, og PS3-turnering. For ein fin gjeng! Sjølv om desibelnivået var høgt, så var dei i godt humør, dei oppførte seg fint, takka og var glade for å få kome. I dag står det ei gryte med reinsdyrkjøt på menyen, servert med heimelaga potetmos. Eg har laga ei trøffelkake for første gong i mitt liv, så viss den vert vellykka så dukkar den nok opp …

You know what to do…

I morgon er det søndag, og som nordmenn flest har du kanskje tenkt å gå søndagstur? Eg har eit forslag til deg: Registrer deg som bøsseberar i ditt nabolag, og gå søndagstur med bøsse for TV-aksjonen. Det blir årets viktigaste søndagstur. I år går inntektene frå aksjonen til mineryddingstiltak i regi av Norsk Folkehjelp. For å bli bøsseberar ringer du 02025, eller du kan registrere deg på http://www.blimed.no. Får du ikkje gått søndagstur med bøsse kryssar eg fingrane for at du tek imot dei som kjem på døra di med kontantar i lommeboka og eit smil. Er du ikkje heime kan du gi ei gåve til konto 8380 08 09005.  Eg har prøvd å finne ein givartelefon, for eg syns det er ein enkel måte å bidra på viss eg ikkje er heime. Det har eg ikkje funne, men viss du veit nummeret så skriv det i kommentarfeltet. Uansett: God TV-aksjon!

Gjenbruk på kjøkkenet

Eg er ganske flink til å bruke restar, men enkelte restar er vanskelege å bruke opp. Då hamnar dei lett i søpla, men eg mislikar sterkt å kaste mat, så eg prøver så godt eg kan å få brukt dei på ein fornuftig måte. Når ein lagar pai er det ganske vanskeleg å ikkje site att med litt paideig. Du kjevlar den ut, og så skjer du rundt kanten , og så sit du der med ein liten neve deig. Her om dagen fann eg ein fin måte å bruke opp paideigen på: Bland den med havregryn og litt sukker, og lag ein smuldredeig til ei epleform! Slik gjorde eg det: Epleform Ein neve paiskalrestar 75 g havregryn 50 g sukker 4 store eller åtte små syrlege hageeple Sukker og kanel til strøing Ha paiskalrestane i ein bolle. Ha i havregryn og sukker, og smuldre det heile saman med fingrane til det er ein grynete masse. Skrell epla, del dei i to og fjern kjernehuset. Skjer dei i tynne skiver. Legg skivene utover i ei …

Skinkepai med raud pesto

Denne enkle skinkepaien er ein sikker vinnar til ein vennelunsj, til ein buffet eller som kveldskos ein laurdag når verken pizza eller taco står på menyen. Eg brukte raud løk og paprika i min, i tillegg til skinke. Skinka kan byttast ut med laks eller røykt makrell. Grønsakene kan også varierast etter kva du har i kjøleskapet. Eg har testa ut ulike variantar av paiskal, med smør, margarin og med kesam i deigen. Eg har kome til at deigen med margarin er lettast å kjevle ut. Eg veit at mange har store motforestillingar mot margarin, men til paiskal fungerer det altså strålande. Den raude pestoen som eg hadde på toppen gir ein god tomatsmak, og passar perfekt med ostemassen og grønsakene. Raud pesto kan du kjøpe på glas, eller lage sjølv, slik eg har gjort. Rekk du ikkje å lage den, eller ikkje får tak i raud pesto i butikken, så er paien god utan og. Raud pesto 200 g tørre soltørka tomatar 100 g parmesan 100 g pinjekjerner Olivenolje Legg tomatane i bløyt i …

Har du grøne tomatar? Er dei i Trøndelag?

Gundaene lagar safte- og syltebok, og denne helga skal vi lage og fotografere haust- og vintergreiene. Men vi må ha grøne tomatar! Har du tomatplantar som ikkje har rukke å kome i mål med saftige, søte, raude tomatar? I så fall vil vi veldig gjerne ha dei, og sylte dei og lage marmelade av dei. Har du, eller veit du om nokon som har, så sei frå! Vi hentar. 🙂

Ny tur til GundaM

I kveld set eg meg på Trondheimsflyet for å reise opp til GundaM. Denne gongen skal vi lage saft og syltetøy med haust- og vinterfrukter, epler, plommer, alt av sitrus, eksotisk frukt og masse deilig. Eg gler meg! Vi kryssar fingrane for at veret held seg på den lyse sida. Ifølge yr.no er det faktisk von om sol, så eg trur det skal bli godt fotovér. Det viktigaste er at det ikkje pøsregnar. Kryss fingrane for oss, så skal vi gjere vårt beste for å få fine bilde og deilig syltetøy!

Ny bok (og ny tittelkonkurranse), folkens!

Eg har tidlegare nemnt at GundaM og eg jobbar med eit nytt bokprosjekt. Men vi har eit problem: Vi manglar tittel! Og der kjem du inn i bildet, som les bloggen min. Eg treng gode forslag til ein boktittel til ei bok som skal handle om safting og sylting. Vi syltar og saftar tradisjonelt og moderne, med og utan krydder og med spennande kombinasjonar. I tillegg er bodskapen i boka at ein må ikkje sylte og safte som om det var Store Norske ein lagde til. Små porsjonar gjelds også. Eg er også oppteken av at ein skal kunne safte og sylte heile året. Det er så mykje godt i butikkane året rundt at safting og sylting må ikkje skje i to hektiske månader i august og september. Ein idé eg har jobba med er Haustetid  – heile året. Men eg er ikkje heilt frelst. Ordet grøde er også aktuelt å bruke, men eg veit ikkje heilt på kva måte. Så difor spør eg deg: Kva vil du foreslå at vi kallar boka mi? Kom …

Vegen til hjarta mitt

Vegen til mannen sitt hjarte går gjennom magen, vi er ikkje gamle før vi lærer det. Men kvar går vegen til mitt hjarte? Då meiner eg ikkje den første autostradaen som ligg klar og open, og ber han bergta meg. Eg meiner kvardagsvegen, den vegen som må gåast om att og om att, som ein sti som ikkje får gro att. Som eit sauetrakk i fjellet, som ein sti over mark og eng. Der vi må gå fram og attende begge to, for å kjenne oss nær kvarandre og for å huske på kvifor autostradaen lå open for eit års tid sidan. Min kjære har forstått det. Vegen til mitt hjarte er blomekledd. Når han ser fine blomar utanfor ein innvandrarbutikk stoppar han, og kjøper med seg ein bukett eller to. Og eg blir alltid like hoppande glad. Sjølv om det betyr at eg må vaske vase, blande næringspulver, kutte stilkar og dandere rett før gjestane kjem. For eg veit at han gjer det utelukkande for å gjere meg lukkeleg. No har eg ein bukett …