Nachos med biff
Vi er i nabolaget, vil de ha besøk? Kjære vene, kor glad ein blir for slike meldingar no for tida. Ein meters avstand får vi til, og mat skal kome på bordet. Stor stas! Men kva skal vi servere? Vi hadde planlagt ein enkel biffmiddag, så vi hadde kjøpt inn to gode entrecotar som vi skulle steike. Korleis blir to biffar til middag til fire? Jau, då lagar du nachos med biff. Du kan lage nudlar med biff, eller ein thailandsk biffsalat og, løyndomen er å krydre kjøtet godt, steike det heilt perfekt, og så skjere det i tynne strimlar som du fordelar i retten. Bra for miljøet er det og, å mette fleire med mindre porsjonar kjøt. Det meksikanske (eller kanskje rettare det texansk-meksikanske) kjøkenet er basert på nokre grunnleggande krydder. Det er chili i ulike variantar, paprika, både røykt og vanleg, peppar, cayennepeppar, spisskummen og koriander. Eg lagar ofte mi eiga meksikanske krydderblanding, som eg har ståande (i eit godt merka glas!) i krydderskapet. Då kan eg raskt få til den gode smaken …