All posts filed under: Meksikansk

Nachos med biff

Vi er i nabolaget, vil de ha besøk? Kjære vene, kor glad ein blir for slike meldingar no for tida. Ein meters avstand får vi til, og mat skal kome på bordet. Stor stas! Men kva skal vi servere? Vi hadde planlagt ein enkel biffmiddag, så vi hadde kjøpt inn to gode entrecotar som vi skulle steike. Korleis blir to biffar til middag til fire? Jau, då lagar du nachos med biff. Du kan lage nudlar med biff, eller ein thailandsk biffsalat og, løyndomen er å krydre kjøtet godt, steike det heilt perfekt, og så skjere det i tynne strimlar som du fordelar i retten. Bra for miljøet er det og, å mette fleire med mindre porsjonar kjøt. Det meksikanske (eller kanskje rettare det texansk-meksikanske) kjøkenet er basert på nokre grunnleggande krydder. Det er chili i ulike variantar, paprika, både røykt og vanleg, peppar, cayennepeppar, spisskummen og koriander. Eg lagar ofte mi eiga meksikanske krydderblanding, som eg har ståande (i eit godt merka glas!) i krydderskapet. Då kan eg raskt få til den gode smaken …

Krydra tomatsuppe

Ei godt krydra tomatsuppe er perfekt viss du er litt snufsete eller berre treng noko som verkeleg varmar. Denne oppskrifta kan du utvide, til dømes med linser, bønner og ulike grønsaker. Når suppa er godt krydra er det fint å servere den med litt rømme, det kjøler ned dei aller sterkaste ilingane frå chilien. Doser chili litt og litt, så passar du på at det ikkje blir heilt overveldande sterkt. Eg brukte ein liten, tørka chili, og det var meir enn sterkt nok til 1,5 liter suppe.  Nokre kallar denne typen suppe meksikansk suppe eller tacosuppe, då kan du også ha steikt, tacokrydra kjøttdeig i eller ved sidan av. Viss du har grønsaksskeptikarar i familien, så kan du gjere slik vi gjorde heime hos oss då barna var små: Vi laga pinglesuppe. Då tok eg suppa til den som var engsteleg for bitar i suppa, og køyrde den glatt med stavmiksar. Då var alle dei heile bitane borte, og suppa var blitt pinglesuppe. Dei aller største pinglene måtte kanskje attpåtil få silt pinglesuppe. Det var …

Suppe frå Mexico

Snart er det festmat på alle bord heile tida, men ei stund til har vi definitivt flest kvardagar. Dei kan vere mørke, våte og travle, men det som gjer dei litt lysare er om vi får til smakfull kvardagsmat i farta mellom treningar, møte og jobb. Eg elskar supper og gryter om vinteren, det varmar og nærer, og gir masse smak. Den meksikanske suppa vi skal lage i dag er ei slik perfekt vintersuppe. Nokre kallar denne suppa tacosuppe, og den inneheld jo ein del av det som taco inneheld, særleg kryddera er dei same. Og det skadar vel ikkje om det er billig og? Bønner er superbillig viss du kjøper dei tørre, bløyter dei og kokar dei sjølv i staden for å kjøpe dei på boks. Mindre avfall vert det og, ein klassisk vinn-vinnsituasjon. I dag brukar eg dei raude bønnene, og dei er fast tilbehør, eller eigentleg basisvara, i meksikansk mat. Når du først går i gang med bønner, så kan du like gjerne koke ein heil pakke. 75 g tørre bønner tilsvarer …

Gratinerte fajitas

Gratinerte fajitas er ein av mine middagsfavorittar. Du tek tortillalefser, fyller dei med det du syns er godt, og bakar rullane i omnen med tomatsaus og ost. Eigentleg er det eit perfekt alternativ til den evig tilbakevendande fredagstacoen. Dette er ein rett som kan gjerast enkel eller meir avansert, alt etter tida ein har tilgjengeleg. I dag har eg gjort det grundig, med heimelaga tortillas og meksikansk krydderblanding. Med heimelagde tortillalefser har du kontroll på kva du får i deg, og du får fersk, god vare. Slik gjer du det: Tortillas 6 dl kveitemjøl 1 ts salt 1/2 ts bakepulver 4 ss rapsolje 2 dl nykokt vatn Bland mjøl, salt og bakepulver i ein romsleg bolle. Ha i oljen, og gni den inn i mjølblandinga til deigen er smuldrete. Slå på det kokte vatnet, og bland det heile til ein jamn deig. Du kan også gjere dette i ei matmølle. Del deigen i tolv delar, form dei til flattrykte ballar, pakk dei inn i plast kvar for seg og legg dei i kjøleskapet ein halvtimes …

Don’t forget the Mexican spices

Med ein så diger porsjon med kokte bønner som eg sat att med hadde eg nok til fleire middagar. Ein rett der brune bønner høyrer naturleg med er chili con carne. Chili con carne er ei klassisk meksikansk kjøtgryte, med like mange variantar som det finst husmødre i Mexico. Den er enkel og rask å lage, og den er lett å utvide dersom du vil servere den til fest. Den blir kanskje oftast laga med kjøtdeig, men eg syns også den blir god med ordentlege kjøtbitar. Ein gong eg hadde gjestar heilsteikte eg ein entrecote, og restane av den vart til chili con carne dagen etter. Så dette er også ein fin måte å få brukt opp kjøtrestar på. Her ristar eg krydderet før eg har det i gryta. Det gir ein utruleg god smak, og heilt krydder held seg også lenger i skapet enn malt krydder. Med ein mortar knuser du krydderet slik at det er klart til å putte i gryta.  Chili con carne  2 fedd kvitløk 2 løkar 1 raud paprika 2 …

Er du klar?

I helga kjem eg til å kome med nokre oppskrifter som kjem til å kreve litt førebuing. Så viss du vil vere med på moroa, så gjer slik eg gjorde: Ta ein pakke tørre, brune bønner, og skyll dei godt i eit dørslag. Ha dei i ein stor bolle, bønnene må ikkje fylle den meir enn halvfull. Slå på vatn, og la det stå over natta. Om morgonen kan du la bønnene renne av i dørslaget. Ha dei i ei gryte, og slå på dobbelt så mykje vatn. Ha 1 ss salt, ein halv sitron delt i to og gjerne nokre kvistar timian om du har. Når du har komt så langt er du klar til å bli med moroa. Eg kjem tilbake med to gryteoppskrifter som du kan bruke desse bønnene i. Men den enklaste oppskrifta kan du få her og no: Opne eit glas pesto, og ha 4-5 ss i ei skål. Rør det ut med litt av kokevatnet frå bønnene. Vend det heile inn i ein passe stor porsjon med bønner, ca. …

Meksikansk i alle land

Familien vår har ein tendens til alltid å ville spise meksikansk mat. Det gjer vi uavhengig av kva land vi er i. Vi har spist meksikansk i Egypt, i Kathmandu og i Edinburgh. Så når vi no var i København så hindra det oss ikkje i å lage ein deilig porsjon burritos. Slik gjorde vi det: Burritos 2 ss heimelaga tacoblanding medbrakt i ziplockpose 1 dl vatn 400 g kjøtdeig 1 boks hermetiske tomatar 2 vårløk Salt og peppar Fem burritoslefser Masse riven ost Varm opp ei steikepanne, og ha i litt steikefeitt. Ha i kjøtdeigen, og smuldre den med ein steikespade eller liknande. Ha i krydderet og slå på vatn. Ha i tomatane og den hakka vårløken. La det koke inn til ein tjukk saus. Smak til med salt og peppar, og kanskje ei klype sukker. Legg lefsene i ei form, og legg to-tre skeier røre i kvar lefse. Rull dei saman, og dryss på rikeleg med ost. Bak burritosane i omnen til osten har smelta og er pent gylden. Server med rømme, salat …